Sniktitt Dante's Inferno

Helvetes moro

Kratos har fått seg eit solid stykke konkurranse i helvetes ni ringar.

KÖLN (Gamer.no): Eg skal tilgi deg om du har avskrive Dante's Inferno av den enkle grunn at det ser ut som ein blåkopi av God of War. Men eg vil likevel flå deg levande. Dante's Inferno har noko God of War ikkje har; Helvete. Ikkje eit mytologiske dødsrike der mytologiske gudar dansar seg over elva Styx, men Helvete. Originalen. Det eine og «reine» Helvete. Det Helvete du sikkert har blitt fortalt om ein eller fleire gongar i løpet av livet, at du vil brenne i om du ikkje er snill. Helvete med sine dødssynder, evig pinsle, og ekstra stor H.

Vi snakkar det Helvete der Gud sin mektige finger ikkje når til, og din einaste veg mot det som måtte vere målet ditt er å lemleste alt som skulle stå i din veg ved hjelp av ei sigd så brutal at den får ei kvalm personifisering av ei grådig kvinne til å dele seg og velte utover, som pïnata av innvolar.

Er du med no?

Som støpt

Dante's Inferno er på ingen måte originalt, men det er definitivt eit spel som tek veldig mykje veldig langt. Det skulle eigentleg berre mangle, når sulamitten utspelar seg i det eine laget av Helvete etter det andre. I rolla som Dante må du hogge deg veg gjennom endelause skarar av demonar, og det på ein måte som vil få Kratos til å nikke nøgd i takt med slaga. Det er ingen tvil om at dette spelet har mykje til felles med storebror God of War, men det er heller ikkje noko utviklarane gidd leggje skjul på. Det er likt, men kva så? Skulle Bungie ha latt Halo-konseptet liggje, fordi det i grove trekk fungerte på same måte som til dømes Half-Life?

Faktumet er at ein halvtime med Dante's Inferno er over før den har byrja. Det er eit fyrverkeri av blodfylt action, og det er uhorveleg moro. Dante spring rundt med ei enorm sigd, og han høgg ned det meste som hoggast kan, med minst like stor effektivitet som Kratos. Spelet latar til å ha nok av komboangrep å bryne seg på, og samtidig nokre små, men halvvegs unike element.

Dante kan til dømes hogge seg fast i ein fiende, og daske rundt på den som ein jojo i ustand. Dette er kanskje ikkje så unikt, men det er moro, og eg vel difor å ta det med. Meir interessant er systemet som let deg velje å vere enten ein snill jævel i Helvete, eller ein djevelsk jævel i Helvete. Nokre fiendar – og personar – vil gi deg eit val. Eller, dei vil ikkje gi deg eit val, men du får eit val i korleis du vil ta dei av dage. Vil du frelse dei og frigjere dei frå evig pinsle, eller vil du massakrere dei med den vakre sigden din?

Kva du vel å gjere, vil gjere eit av to våpen kraftigare. Om du lemlestar «stakkarane», vil du først bli vitne til eit blodbad utan sidestykke, før sigden din bli kraftigare, og du vil kunne gjere meir med den. Om du vel å frelse dei, vil di heilage kraft bli sterkare. Av det eg kunne sjå ut av mi tid med spelet, er ikkje denne heilage krafta like morosam som sigden, men dette kan sjølvsagt utvikle seg i løpet av spelet. I korte trekk er den heilage krafta nokre lyspiler Dante skyt ut, som kan ta knekken på fiendar i nærleiken. Sidan denne krafta ligg på ein knapp, medan sigden ligg på to, er det lett å få inntrykket av at den ikkje let deg vere veldig kreativ, men det gjenstår å sjå.

Enorme beist

Etter kvart som du klatrar gjennom Helvete vil du møte alle tenkjelege former for avskum, og utviklarane er veldig tydelege på å få fram kor nøye dei har studert dei litterære verka spelet er basert på. Eg må innrømme eg aldri har lest Divine Comedy, men min guide gjennom spelet snakka så i detalj om ting dei har henta ut frå de italienske dikta, at eg ikkje hadde problem med å tru på han. Dei har bygd opp kvart område praktisk talt slavisk etter korleis dei er skildra tekstleg, og har i tillegg inkludert skapningar og personar basert på skildringane i eposa frå 1300-tallet.

Ein av desse skapningane er ein enorm fyr som likar å denge deg med armane sine. Dette er ei utfordring heilt til du finn ein god taktikk. Det neste som skjer er at Dante høgg sigden sin i hovudet på kjempa, dreg han til seg, og plantar kjempa si hake på eit enorm tannhjul. Etter det, er det på tide med litt «hiv og hoi, snart er skatten vår», før kjempa sin skalle deler seg i to. Det er litt vanskeleg å beskrive nøyaktig korleis dette såg ut, men det var så drygt at det fekk meg til å le, flire ut nokre banneord, og komplimentere guiden min for ein velgjort jobb.

Opp og ned

Det er heilt tydeleg at det er kampane som er Dante's Infernos definitivt sterkaste side. Dei byr på ein flyt og eit tempo som er veldig behageleg i all si grufulle prakt. Du vil definitivt ikkje ha noko problem med å kome i gong med spelet, og sjansen er stor for at du vil ha det veldig moro òg.

Litt mindre vellukka er nokre plattformsekvensar som på ingen måte ser ut til å bringe noko nytt til sjangeren. Det er heller eit steg tilbake mot ei tid då dette var den beste måten å skape utfordringar på. Vi snakkar om farlege ting som kjem i vegen, der du må hoppe på riktig tidspunkt for å ikkje hamne i avgrunnen. Eventuelt kan vi ta dømet med den gongen eg måtte klatre opp ein vegg, hoppe til sida, klatre opp, hoppe til sida, og gjenta. Det var ikkje spesielt interessant, og fekk meg eigentleg berre til å lengte tilbake til kampane.

Du får definitivt løn for strevet etter litt småkeisame sekvensar. Om du møter ein stor fiende, er sjansen stor for at du kan køyre sigden i skallen på beistet, og bruke den som reim på eit enormt ridedyr. På denne måten kan du ta kontrollen over beist som er alt frå ti til hundre meter høge. Det gir spelet ein viss skala ikkje så mange andre spel kan hamle opp med.

Viktig historie

Sjølv om Dante's Inferno først og fremst er eit actionspel, har teamet hos Visceral Games lagt stor vekt på historia. Dei følgjer tekstane spelet er basert på veldig nøye, og gjer etter alt å døme ein grundig jobb i å fortelje ei solid historie frå skjærselden. Dette er likevel ikkje alt, sidan Dante's Inferno vil bli lansert samtidig med ein animert film med same namn. Denne filmen skal vere skrudd saman på same måte som Animatrics og Halo Legends, noko som vil seie at fleire animasjonsstudio vil levere forskjellige historier sett til Dante's Inferno-universet, altså Helvete.

Dante's Inferno ser veldig lovande ut. Det byr på akkurat den actionforma vi kjenner godt frå God of War-serien, men eit scenario og ei historie som ser ut til å ta ting nokre hakk lengre enn kva den allereie svært så blodige serien om Kratos har gjort. Vi ventar i spaning, og håpar på det beste.

Dante's Inferno kjem i salg 12. januar, til Xbox 360 og PlayStation 3.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen