Sniktitt

Dark Void

Heftig luftkamp

Capcom tar deg til skyene i ein jetpack frå Nikolai Tesla.

Capcom har vore på hugget dei siste åra, med ei solid liste nye univers dei fleste andre utviklarar på ingen måte kan hamle opp med, samt store satsingar på eldre seriar. Ikkje alle har vore like velluka, og Bionic Commando tok til dømes eit gedigent kommersielt mageplask. Stortitlar som Dead Rising og Lost Planet har derimot hausta mykje større suksess, og Capcom håpar garantert at Dark Void vil ta same vegen.

Gamescom-trailer.

I spelet trer du inn i rolla som Will, enda ein ny spelkarakter som får stemma si frå Nolan North, mannen som har sett sitt stempel på både Prince of Persia, Assassin's Creed, Uncharted og Shadow Complex. Det er kanskje ikkje så rart fyren blir hyra inn, for i Dark Void gjer han ein glimrande jobb i å få fram at Will eigentleg berre er ein normal fyr som har blitt kasta ut i noko heilt vanvittig. Du skjønar, Will har forvilla seg bort i Bermuda-triangelet, og etter å ha blitt kasta inn i ei heilt anna verd, møter han Nikolai Tesla. Tesla byggjer ein jetmotor han kan feste på ryggen, og med det er vi i gang. Will ropar og skrik medan han så vidt unngår å krasje inn i ein fjellvegg, og stemma hans er berre eit av mange element som er med på å gjere det til ein intens karusell i fritt fall.

Fabelaktig musikk

Dark Void er eitt av få spel der musikken blir noko av det du først merkar deg, og samtidig er ein veldig viktig del av spelet. Den er komponert av det store talentet Bear McCreary, som mange vil kjenne igjen frå den fantastiske musikken frå BattleStar Galactica-serien, som nyleg avslutta sin siste sesong.

Det er lett å kjenne igjen stilen hans, men dette er ikkje det einaste som er spesielt med musikken i Dark Void. Den er lagt opp på ein måte som får forskjellige spor til å gli inn og ut av kvarandre, slik at du heile tida høyrer noko nytt. Det er ikkje så enkelt som at når du hamnar i kamp kjem kampmusikken. Du høyrer i staden fleire lag frå kampmusikken, og kva av desse laga som dukkar opp, og når dei dukkar opp varierer, og er med på å skape noko heilt spesielt som i stor grad gjer musikken uforutsigbar og spesiell for kvar situasjon.

Akrobatisk utforsking

Will har så langt vi har fått sjå, fire rimeleg ulike måtar å kome seg fram i terrenget på. Den første, og mest umiddelbare, er tradisjonell action i tredjeperson. Det heile er som ein blåkopi av Gears of War, og fungerer med andre ord svært godt, men dette er berre basisen alle dei kule detaljane pakkar seg inn rundt.

Når som helst kan du hoppe opp i lufta, og sveve fritt. Jetmotoren varer ikkje evig, men så lenge du ikkje gassar på, vil den kjøle seg ned. Om du slepp gassen vil du ikkje stupe mot bakken heller, sidan jetmotoren har automatiske luftbremser. Teknisk sett kan du sveve gjennom eit heilt nivå utan å måtte lande, sidan du med litt erfaring kan lære deg å perfeksjonere når du skal gasse, og når du skal gli. Sveving i lufta er eit heilt nytt element i Dark Void, som blei lagt inn førre veke, og det er faktisk grunnen til at spelet har blitt utsett til januar 2010.

Det er lett å sjå kvifor, for svevinga bringer noko heilt spesielt til eit spel som allereie har rimeleg mange funksjonar. Om du slit med ei gruppe fiendar, og ikkje heilt greier å ta dei ut, kan du berre ta av, fly over dei, og skyte dei i ryggen. Enorme taktiske moglegheiter opnar seg, og det ser ut til å fungere veldig bra i praksis.

I tillegg til dette kan du fly. Capcom har samarbeida med Airtight Studios om å byggje flysekvensar som verkeleg overbeviser. Når som helst kan du ta fart, og fly som ein rakett gjennom lufta for å nå dine mål raskare. Kontrollen er presis og effektiv, og når ein kombinerer det heile med sveving og tradisjonell kamp på bakkenivå, blir det noko heilt spesielt. Du er aldri låst til å gjere ting på berre ein måte, men kan gå fram slik du vil.

I tillegg til dette har vi vertikal action. Om du finn ei plattform, eller ein avsats i spelet, er ikkje denne noko du berre kan springe på. Du kan i tillegg henge under den, og skyte oppover mot fienden, før du hoppar opp på avsatsen, eller skyt fart med jetmotoren for å fly høgre opp. Det er veldig dynamisk, og lovar svært godt.

Les også
Supermann? Nei

Stort potensiale

Det er lett å bli imponert over kva Capcom presenterer, men nokre få minutt med aktiv speletid er definitivt ikkje nok til å seie noko sikkert. Dark Void ser definitivt lovande ut, men designet på fiendane blir tidvis litt generisk, og kor god den kunstige intelligensen er, er eit stort spørsmål vi ikkje hadde tid til å finne eit konkret svar på. Den store underhaldningsverdien ser umiddelbart ut til å liggje i å veksle mellom å vere på land, og i lufta. Kjensla av å skyte tre-fire fiendar i hovudet medan du svever i lufta, før du gassar på, for å kome deg til neste fiende, er ubeskriveleg.

Kvart område ser ut til å by på mykje variasjon, og gode moglegheiter for taktisk action, der kvart problem kan løysast ved smart tenking. Har du eit stasjonært våpen framfor deg, flyg du rundt og bak det. Er du omringa, gøymer du deg, og ventar på ein sjanse. I det heile lovar Dark Void svært godt, og vi ventar i spaning på å sjå det endelege utfallet når spelet går inn for landing i januar.

Dark Void kjem til Xbox 360, PlayStation 3 og PC i januar.

Siste fra forsiden