Sniktitt

Dead Space: Extraction

Fortapt i rommet

Den uhyggjelege skrekk-serien er tilbake i ein heilt anna sjanger.

KÖLN (Gamer.no): Dead Space var eit gledeleg spel. Det presterte å puste noko veldig nytt og friskt inn i skrekk-sjangeren, samtidig som det heile samtidig var veldig velkjent. Det var mørkt, dystert, vanvittig pent, og hadde eit lydbilete som gjer dei fleste andre spel fullstendig til skamme.

Difor er det kanskje litt pussig at «oppfølgjaren» er eit lyspistolspel på skinner, til Wii. Dei fleste hadde kanskje håpa på eit nytt spel som følgjer i fotspora til forgjengaren, og ein enda heftigare presentasjon, men ein skal likevel ikkje kimse av EA sin siste kreasjon. Dead Space: Extraction ser ut til å ta ein god, gammal sjanger ut på eit klaustrofobisk eventyr vi seint vil gløyme.

Før fallet

Dead Space: Extraction utspelar seg nokre veker før fjorårets skrekk-hit. Du spelar rolla som ei kvinne denne gongen, og kastar såleis maskuliniteten til Isaac Clarke ut vindauget. Dette betyr likevel ikkje at du på nokon måte er mindre effektiv. Dead Space: Extraction blandar intens action med historieforteljing på ein veldig interessant måte, og det herlege ubehaget frå det første spelet er absolutt til stade.

Eit døme på dette er korleis vi i demoen på Gamescom måtte hjelpe ei ung jente. Ho følgjer etter, og du ser ho springe medan kameraet kastar på seg, og det tilføyer lystpistolsjangeren noko heilt spesielt. Du er ikkje alltid aleine. Nokre gongar må du både skyte fiendar, samt halde folk i live, og dette er ikkje noko denne sjangeren gjer for ofte.

Som med alle lyspistolspel er kontrollane i utgangspunktet veldig enkle. Du peiker mot skjermen og fyrer av med avtrekkjaren, og for det meste er dette alt du treng tenkje over. I likskap med Dead Space frå i fjor, vil det imidlertid kome situasjonar der det blir nødvendig å variere litt. Du kan fortsatt også velje mellom primær og sekundær skytemodus. I staden for å trykkje på ein knapp, vrir du Wiimoten 90 grader.

Sjølv om Wiimoten på maskina eg spelte på var forferdeleg dårleg kalibrert, var det lett å få ei inntrykk av kor umiddelbart og instinktivt dette er. Du treng ikkje tenkje på å trykke riktig knapp til riktig tid, du berre gjer det, og skyt armar og bein av fiendane utan ein tanke.

Eit anna element som kanskje er enda viktigare i Extraction enn i originalen, er Stasis. I dette spelet blir det ei livsnødvendig kraft som let deg stogge fiendane i lufta slik at du lettare kan hamle oppmed dei. Kor essensielt Stasis er, blei godt demonstrert i eit adrenalinfylt slag mot ein kraftige fiende som ikkje hadde planar om å gi seg. Medan kameraet gikk av seg sjølv, låste eg beistet fast i spora sine, før eg sneik meg inn bak han for å finne det svake punktet.

Slike situasjonar kan lett bli frustrerande om kameraet ikkje samarbeider med deg, men av det vi har sett så langt, gjer kameraet og den automatiske gangen i Dead Space: Extraction ein utmerka jobb i å lure deg til å tru du har full kontroll over dine eigne rørsler.

Sosial demonjakt

Dead Space: Extraction har støtte for to spelarar samtidig, og spelar nummer to slutte seg til når som helst, utan å måtte starte nivået om igjen. Dette gjer denne delen svært saumlaus, noko vi tydeleg fekk merke i løpet av demoen, der eg skifta partner nokre gongar i løpet av mi tid med spelet, før eg blei informert om at eg var den første som hadde spelt gjennom den frå start til slutt.

Les også
Anmeldelse: Dead Space: Extraction

Når to personar spelar saman blir nesten alt delt. Dette gjeld våpna som du kan opp til fire forskjellige av til ei kvar tid, samt helse. Det som ikkje er delt, er ammunisjonen, så akkurat her gjelder det å spele saman med nokon som forstår kva samarbeid tyder. Å spele med nokon som ser på det som si oppgåve å raske til seg all ammunisjon, kan raskt bli ei utfordring på fleire plan.

Spelet hentar samtidig litt inspirasjon frå moderne skytespel som Gears of War, ved å inkludere Active Reload, som let deg lade om våpna ekstra kjapt. Eit smart trekk i eit spel der hordar av fiendar kjem mot deg samtidig.

Tru mot originalen

Dead Space: Extraction er naturleg nok langt frå like pent som Dead Space er på PC og dei to andre konsollane på marknaden. Spelet er likevel eit veldig pent spel for Wii å vere, og ivaretek miljøa og fiendane i skrekk-universet på ein veldig god måte.

Det som bli ekstra interessant å finne ut av, er korleis lydbiletet blir. Denne delen var ingenting anna enn ein maktdemonstrasjon i Dead Space, men det høge støynivået på Gamescom gjor det heilt umogleg å danne seg nokre inntrykk på denne fronten.

Om du elska Dead Space, og ikkje har noko imot å ta ein tur tilbake til romskipet Ishimura, om enn i eit heilt anna format, ser det absolutt ut til at du har all grunn til å glede deg til Dead Space: Extraction.

Dead Space: Extraction kjem i salg 1. oktober, kun for Wii.

Siste fra forsiden