Sniktitt

DmC: Devil May Cry

Dante er tilbake, og han har ei høne å plukke med deg.

LOS ANGELES (Gamer.no): Reaksjonane lot ikkje vente på seg då Capcom viste fram den første traileren til DmC: Devil May Cry under Tokyo Game Show i 2010. Den kvithåra kjekkasen med den lange, raude frakken var borte til fordel for ein mykje yngre pøbel med kølsvart hår og ei om mogleg enda verre haldning.

Noko perpleks blei eg vite til kommentarar som at Dante no var redusert til ein «sutrande emo», noko som ikkje oppnådde stort meir enn å konstatere at det er ei sørgjeleg stor mengde folk der ute som ikkje veit kva verken emo eller sutring eigentleg er. Den nye Dante er alt anna enn sutrande, og han er definitivt ikkje emo. Om han er noko som helst, er det ein moderne punker frå slummen, som med si fandenivoldske haldning heller stumpar ein sigarett i panna på deg før han med ein latter høgg ned nokre flygande demonar, enn å setje seg ned for å filosofere over kvifor livet er vanskeleg.

Tameem Antoinades frå Ninja Theory, og Motohide Eshiro frå Capcom (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).
Tameem Antoinades frå Ninja Theory, og Motohide Eshiro frå Capcom (Foto: Øystein Furevik/Gamer.no).

Britisk råte

Tameem Antoinades frå Ninja Theory ser omlag like sjølvsikker ut der han står klar for å vise nok ein gjeng med slitne journalistar kva dei har å by på under Capcom sine venger. DmC får meg til å tenkje på konseptet som blei lagt til grunne for den visuelle stilen i Gears of War-serien. «Destroyed beauty» kalla Cliff Blezinsky det, og mykje av det same gjer seg veldig gjeldande i DmC. Det er vakkert og polert, men samtidig skitent. Det er noko falleferdig og stygt over heile greia. Dei forvitra murveggane i byen er dekte med grafitti og oppklistra plakatar. Dante er langt frå England, men det er likevel noko veldig britisk over den visuelle stilen.

– Den nye stilen er eit forsøk på å sjå føre seg kva setting Devil May Cry ville ha vore i om dei første spela aldri hadde eksistert. Vi valde ei setting basert på den verkelege verda. Om Dante vandra nedover gata medan demonane såg på, korleis ville han kledd seg? Vi måtte ta utgangspunktet i det vi kjenner sjølv. Dei tidlegare spela i serien har ein tydeleg japansk estetikk, og om vi skulle prøve å imitere det hadde det berre blitt falskt, fortel Tameem Antoinades til Gamer.no.

DmC fortel historia om ein mykje yngre Dante. Dette er ei historie vi aldri har blitt fortalt før, og målet til Ninja Theory og Capcom er å oppklare ein del ting som aldri har fått ei forklaring før. Dante har alltid gitt ein blank f i det meste, og dette blir lett tydeleg gjennom dei korte filmsekvensane som dyttar historia vidare. Dante kan framstå som eit rasshøl, men han er eit uhyre sjølvsikkert rasshøl, og det er tydeleg at han kosar seg.

Historia er det første og einaste punktet under møtet med utviklarane der spelets japanske produsent Motohide Eshiro vel å uttale seg:

– Vi hyra inn Ninja Theory for deira ekspertise på å fortelje gode historier. Dei får eigentleg frie taumer til å gjere det dei vil. For oss hadde det vore heilt feil å vere for strenge på dette feltet, sidan dette er noko vi aldri kunne gjort utan dei. Kvifor skulle vi hyre inn ekspertar om vi ikkje lot dei gjere det dei er gode på?

Den nye, og så langt ganske mystiske veninna til Dante.
Den nye, og så langt ganske mystiske veninna til Dante.

Av det eg har sett er det ingenting som tyder på at DmC blir eit spel med lange og tungt fordøyelege filmsekvensar. Det meste går i eit hyppig tempo, og filmklippa er korte, konsise, og fungerer mest som eit middel for å dytte deg eit steg vidare. At historia vil få eit solid fokus og Ninja Theory-stempel er det derimot ingen tvil om. Dei samarbeider med effektfolka bak Avatar-filmen, og Alex Garland som oversåg historia i Ninja Theory sitt førre spel Enslaved, er med på laget denne gongen òg.

Heftig action

Sjølv om Ninja Theory får fire taumer for å fortelje ei engasjerande historie, står dei ikkje like fritt i å bestemme korleis Dante skal hamle opp med mylderet av demonar han møter i løpet av spelet.

– Capcom innvolverer seg direkte først og fremst i spillmekanikkene. Det hadde vore umogleg for oss å få til dei lynraske kampane i spelet utan deira erfaring. Målet vårt er at når du går frå å spele DmC til eit anna actionspel vil det vere som å gå til resirkulert tjære, fortel Antoinades.

Han kan vere inne på noko. Gjennom to nivå har eg fått utforske Dante sitt reportoar av nye angrep, og det lovar absolutt bra. Tempoet er monumentalt, og den kjende dynamikken som balanserer mellom hopp, dobelthopp, pistolar og nærkamp er umiddelbart gjenkjenneleg. I eit nikk til Ninja Theory sitt første PlayStation 3-spel Heavenly Sword, har Dante tre nærkampsangrep til disposisjon.

– I tillegg til sine vanlege angrep har Dante englevåpen og demonvåpen. Demonvåpenet er ei øks som fungerer veldig godt mot skjold, medan englevåpenet er bra for å handtere store mengder. Det byggjer seg opp i styrke etter kvart som du angrip fiendane, og er glimrande for komboar, seier Antoinades.

Forskjellige fiendar har naturlegvis forskjellige styrker, og du må veksle mellom å bruke englevåpen og demonvåpen. Etter kvart kan du òg gå inn i «Devil Trigger»-modus, der verda endrar farge, og Dante blir meir lik seg sjølv slik han var i dei tidlegare spela.

Det meste Dante gjer, gjer han med stil.
Det meste Dante gjer, gjer han med stil.

I tillegg til desse våpna har Dante ein kjetting som kan brukast på to måtar. Du kan enten dra deg mot noko, eller dra noko mot deg. Eit solid døme på korleis dette kan brukast for å byggje opp komboar er om du sender ein fiende opp i lufte, dreg deg mot den, held fram komboen i lufta, før du dreg til deg ein ny fiende og held kaoset i gong. Andre måtar å bruke kjettingen på er når du skal navigere deg gjennom dei forskjellige område. Dante kan gli gjennom lufta, gripe tak i eit punkt, og dra seg mot det. I ein kamp mot ei diger larvekjerring som alvorleg talt burde vurdere ein tannpuss, fekk eg bruke kjettingen til å rive det eine livsviktige organet etter det andre frå larvedama sin kropp.

Konklusjon

Det er lov å vere skeptisk når ein kjær serie brått endar opp i henda til nye utviklarar, men alt tyder på at både Capcom og Ninja Theory veit nøyaktige kva dei driv med. DmC: Devil May Cry er eit uhyre lekkert spel som i eit herleg tempo let deg sjonglere fiendar med ei lang rekke saftige triks.

Det viktigaste av alt er at sjølv om den visuelle stilen har endra seg drastisk, så er det heilt tydeleg at essensen av kva som skapar eit Devil May Cry-spel i alle høgste grad er inntakt. Dante er ein kjepphøg verdsmeister i demonslakt, og alle drivne spelarar vil kjenne seg igjen umiddelbart. Samtidig fører dei nye elementa noko friskt til spelet som framstår som ei svært naturleg vidareutviklinga av serien.

DmC: Devil May Cry kjem i sal 15. januar 2013, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Les også: Sniktitt på Resident Evil 6
Les også: Sniktitt på The Amazing Spider-man

Klarer ikke laste video

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen