Sniktitt

DmC: Devil May Cry

Tida for blanke skallar og armar store som tønner er over. Dante er her.

Eg tur vi alle trygt kan lene oss tilbake og puste letta ut. Vi har sett på DmC: Devil May Cry eit par gongar allereie, men først no har vi fått sjansen til å vie fleire timar til det komande spelet som på overflata ser ut til så snu opp ned på mykje av det serien er kjend for. For første gong er det ikkje Capcom sjølve som står bak utviklinga av eit Devil May Cry-spel, og det er svært tydeleg. Det er noko uhyre friskt og spenstig over dette spelet, og du merkar det tidleg.

Vi møter Dante som ein ung mann som knapt veit fram eller tilbake kva hans eigen eksistens angår. Alt han kan seiast å vere skråsikker på er at han likar alkohol, sex og å banke demonpakk. Det det likevel ikkje lang tid før han blir introdusert for ein organisasjon som vil styrte eit system bygd opp og kontrollert av demonar. At faren hans var demonen Sparda, og mora ein engel, er berre toppen på kransekaka.

Blyg er ikkje akkurat ordet som skildrar Dante best.
Blyg er ikkje akkurat ordet som skildrar Dante best.

Brå oppvekst

Dante er rappkjefta, kjepphøg og manglar respekt for det meste. Det er dette som har kome best fram i dei glimt vi har fått av spelet så langt. Dette er derimot eit veldig unyansert bilete av personen vi møter i DmC. Klart, fyren har lett for å spytte ut nokre stygge ord og viser ein finger eller to, men Dante er så mykje meir enn dette. Historia byggjer seg opp i eit veldig solid tempo, og jamt og trutt med at Dante finn ut om sitt eige opphav, veks han som person. Han blir meir ansvarsbevisst, sjølv om han aldri ser ut til å miste den absurde sjølvtillita som får han til å stå støtt når bygningar rasar rundt han.

Som person har Dante mykje til felles med den originale Dante vi kjenner frå tidlegare spel. Den viktigaste forskjellen er at denne Dante er mykje yngre, og veit svært lite om seg sjølv. Den aller største endringa spelet byr på i forhold til tidlegare spel er eigentleg det visuelle. Utviklarane hos Ninja Theory har bygd opp eit lekkert spel som blandar og vrenger på popkulturelle og samfunnspolitiske referansar i ei saleg og innbydande blanding.

Vi lev i ein illusjon, og under det du ser kvar dag ligg limbo, ei verd der demonane viser sine sanne sider, og tyngdelovene blir perverterte og mishandla. Det er her Dante gjer det han kan best. Alle kampar skjer i det demoniske limbo, og dette er enda eit felt Ninja Theory sitt stempel merkast godt.

DmC gjer ingen store endringar med korleis kampsystemet fungerer. Vi finn alt det vi kjenner frå før, og du vil raskt kjenne deg igjen og pryle opp fiendar, men Ninja Theory har lagt til nye element som får enormt mykje å seie for spelet. Sidan Heavenly Sword har Ninja Theory vore ein stor fan av å la spelaren skifte mellom våpen på sparket, og dette er tilfelle for DmC òg. Dante har tre typar våpen. Han har sitt kjære sverd og pistolane sine, men utover dette kan våpna endre form i forhold til Dante sitt demon- og engleopphav.

Demoniske krefter i full sving.
Demoniske krefter i full sving.

Raudt og blått

Teknisk sett skiftar du ikkje våpen. Kvar avtrekkjar på kontrollaren endrar i staden våpenets form på eit blunk, og dette sørgjer for at du kan skape kombonangrep tilpassa ein kvar situasjon. Engleforma gjer sverdet om til ein ljå, og demonforma hentar fram ei massiv øks. Etter kvart som du spelar vil du få tilgang på nye våpen slik at du sjølv kan velje kva demon- eller englevåpen som til ei kvar tid skal vere i bruk.

Nøkkelen til suksess er stort sette å vite kva våpen som passar når. Ulike fiendar har ulike styrker, og der øksa funkar veldig bra mot store fiendar med skjold, er den mindre effektiv mot små og raske fiendar. Ljåen på si side er eit must når du er omringa av eit mylder av små fiendar, spesielt sidan den blir sterkare og får større rekkevidd etter kvart som du denger demonkrapyl.

Kampsystemet burde glede ein kvar DmC-fan. Spelet køyrer riktig nok i berre 30 bilete i sekundet, men dette må eg innrømme eg gløymde rimeleg kjapt. Responsen i kontrollane er uhyre presis, og spelet har utan tvil den umiskjennelege kjensla av å vere eit Capcom-spel. Du kjempar absolutt aldri mot spelet, du kjempar med det, og alt er tilrettelagt for at du skal kunne få til alt du vil. Det er dine eigne prestasjonar som avgjer korleis du kjem deg ut av ein situasjon, og sjølv i kampar mot dei vanskelegaste beista og sjefane veit ein alltid at det er hos spelaren svara ligg.

For å utbrodere akkurat dette får du erfaringspoeng du kan bruke til å kjøpe nye angrep og eigenskapar eller oppgradere dei du har. Alle våpen har ei liste over ting som kan oppgraderast, og dette kan vere alt frå meir skade og brutale framstøt som slår fiendar i veggen, til kuler som rikosjetterer mellom fiendar og spenstige hopp frå ein fiende til ein annan.

I tillegg til dei to våpenformene har Dante ein gripekrok som erstattar pistolane når du skiftar form. I demonform dreg du til deg fiendar eller plattformer og liknande, medan du i engleform gjer det motsette. Dette blir effektivt og viktig ikkje berre i kamp når du skal kome deg unna eller mot fiendar, men òg når du skal utforske område og kjapt kome deg vidare. Du står aldri heilt fri, og kan berre bruke gripekroken der spelet gjev deg beskjed, men nivådesignet på plattformsekvensane er så pass velgjort at det aldri blir eit sakn.

Ein demon i sitt rette element.
Ein demon i sitt rette element.

Konklusjon

Eg har stor tru på DmC: Devil May Cry. Det er eit underhaldande og engasjerande spel som gjer det kunststykket å bli betre etter kvart som du spelar. Ikkje at det på nokon måte er tregt i starten, men eg merka lett det at kvart nye område og kvar nye sjefskamp pumpa meg opp meir enn det førre. Du får nye eigenskapar kontinuerleg som naturleg finn sin plass i eit kampsystem skreddarsydd for effektiv og stilfull rumpedasking, og utfordringane og skalaen på det heile veks i stødig takt.

Dante har naturlegvis endra seg, og alle er ikkje nøgde med det, men han er likevel ein veldig kul fyr eg gjerne vil følgje enda lengre. Han er tidvis litt teit, men i løpet av mine timar med spelet så langt har han gjort tydelege teikn på å modnast utan at han sluttar å vere ein kjepphøg bastard av den grunn. Samtidig har eg sett tydelege teikn på at det svarte håret etter alt å døme vil få si forklaring dei aller fleste burde kunne leve med.

Les også: Virgil inntar DmC: Devil May Cry
Les også: Devil May Cry-demo neste veke

Kommentarer (21)

Forsiden akkurat nå

Til toppen