Sniktitt

Dragon's Dogma: Dark Arizen

Eit av fjordårets beste spel blir enda større.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): Dragon's Dogma var noko for seg sjølv. Eit digert og ope rollespel der du ikkje berre farta land og strand rundt medan du utførte oppdrag, men samtidig kunne møte på enorme beist som snudde utfordringa fullstendig på hovudet. Spelet bydde på store variasjonar både i kva monster du møtter, kva du møtte til kva tid på døgnet, og ikkje minst om du var over eller under jorda.

Spelet blei kanskje ikkje heilt den suksessen det fortente å bli, men det har ikkje hindra Capcom i å gjere eit nytt forsøk på å få spelet ut til folk. Neste månad dukkar Dragon's Dogma: Dark Arisen opp, men dette er verken ei ordinær utviding, eller eit nytt spel. I staden kan det samanliknast med Capcom sine tidlegare nyversjonar av spel som Street Fighter. Vi får det same spelet, men og mykje nytt.

Gamle kjenningar dukkar naturlegvis opp.

I bresjen, igjen

I Dragon's Dogma: Dark Arisen får vi alt det vi fekk i Dragon's Dogma. Vi får heile historia med alt den medfører, men samtidig får vi alt det du kunne laste ned, nokre justeringar her og der, samt eit heilt nytt område. Det er dette området som vil bli det store trekkplasteret for dei som allereie har runda spelet. Vi reiser til øya Bitterblack Isle som vil by på bitande utfordringar, og sidan det meste skjer under jorda vil området by på ei noko anna oppleving.

Vi har gått under jorda i Dragon's Dogma før, men då gjerne i kortare og meir komprimerte periodar. Når du reiser til Bitterblack Isle vil du stadig vandre lengre ned i mørket, og lyskjeldene blir få. Sjølv når du ein og annan gong kjem ut i fri luft ser ein likevel tydeleg at vi ligg under jordskorpa. Massive steinformasjonar strekk seg i veret, og demonstrerer skala på ein heilt annan måte enn i originalspelet. Vi såg stor ting der òg, men meir i form av langstrakte og forholdsvis horisontale vidder. I Dark Arisen møter vi vertikal tyngde.

Eit døme på dette er eit tårn eg rota meg inn i. Denne høge sylinderen stig høgt opp i lufta, og har trapper gåande langs veggane medan hengebruer går på kryss og tvers. Dette blei eit døme på korleis kampane i Dragon's Dogma lett kan endre natur om ein berre justerer litt på kulissane. Rommet byr på ein enorm kyklops som gjerne vil lage mør deig av deg, og i staden for å skulle klatre opp langs beina slik vi har gjort fleire gongar i Dragon's Dogma, hoppa eg like godt ned på hovudet hans frå ei hengebru. Samtidig byr slike vertikale område på større strategisk potensiale for dei som vel å fokusere på bogar eller magi.

I mørkret møter vi både kjende og ukjende fiendar. Fleire av dei er berre variantar av det vi har sett før, slik som kyklopsen, men ein og annan heilt ny skapning dukkar opp. Til dømes finn vi nokre flygande øgler og mannen med ljåen. Fiendar som var sjeldne i originalspelet kan òg kome til å dukke opp oftare når du utforskar Bitterblack Isle. Dette fekk eg erfare då hønsebeistet cockatrice deisa ned frå lufta og hadde det veldig moro med å gjere følgjet mitt til stein.

Desse skrotnissane likar å ta deg med på flygetur.

Smått og godt

I tillegg til å by på eit heilt nytt område kjem Dark Arisen med ei rekke små justeringar til spelet. Mest merkbart er at utviklarane har optimalisert spelet eit hakk slik at det heile flyt litt betre. Det er ikkje den aller største endringa, og utan å kunne samanlikne med område frå originalversjonen er det litt vanskeleg å seie nøyaktig kor mykje betre bileteoppdateringa er, men det merkast likevel. Enda meir tydeleg er responsen til menysystemet som no svarar på eit blunk. Når du organiserer ting du har putta i oppbevaring gjennom ein butikk skal denne biten ha blitt mykje meir oversiktleg, men akkurat dette fekk eg ikkje sjansen til å sjå nærare på.

Andre tilskot er at spelet no blir langt mindre restriktivt på kor mange rift-krystallar og reisesteinar du har. Du kan til dømes få ein stein som lar deg reise fram og tilbake så mykje du vil, medan portalar no vil dukke opp på bestemte lokasjonar heilt frå starten av spelet. Dette vil gjere reise i spelet mykje lettare.

Rift-krystallane du kan plukke opp rundt omkring i spelet har i tillegg fått ei mykje større rolle enn før. Der du tidlegare først og fremst brukte krystallane til å kjøpe folk til følgjet ditt via rift-portalar, kan du no bruke dei til å fikse øydelagde portalar. Samtidig kan du bruke krystallane til å fjerne forbanningar frå gjenstandar du finn i Bitterblack Isle.

I tillegg til dette byr spelet på fleire nye eigenskapar og angrep du kan ta i bruk, nytt ustyr, samt kosmetiske endringar om du enno ikkje har slått deg til ro med helten din. For dei som har spelt gjennom Dragon's Dogma allereie, kan du halde fram frå der du slutta.

Les også
Prøvekjør Double Fines nye spillprototyper
Aldri godt å vite kva som skjuler seg i mørket.

Konklusjon

Sjølv om Dragon's Dogma: Dark Arisen ser ut til å by på fleire solide oppdateringar til spelet, og at det nye området lovar å by på herlege utfordringar, er eg litt skeptisk. Spelet ser ut til å bli knall, men eg greier ikkje heilt å akseptere kvifor desse oppdateringane ikkje kunne ha blitt gjort via ei utviding til spelet. Kvifor skal vi kjøpe heile spelet på ny?

Det er godt mogleg grunnen ligg i korleis motoren fungerer og korleis endringane er innarbeida, men det er ingenting ved Dark Arisen som skrik til meg at dette ikkje kunne ha vore gjort via utvidingar.

Om du derimot aldri kom så langt som å prøve det herlege Dragon's Dogma er dette ein gyllen sjanse. Her får du det som etter alt å døme lovar å bli ein forbetra versjon av eit av fjorårets beste spel, samt mykje nytt innhald som bør halde deg gåande ei god stund.

Dragon's Dogma: Dark Arisen kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 26. april. PlayStation 3-vesjonen blir tilgjengeleg via nedlasting, medan Xbox 360-versjonen kan lastast ned til sommaren.

Siste fra forsiden