Sniktitt

Dungeon Siege III

Mektig utvikling

Obsidian ser ut til å gjere alt riktig med sitt komande rollespel.

KÖLN (Gamer.no): Eg vil tru det var mange som blei ganske overraska då Square Enix brått annonserte eit nytt Dungeon Siege-spel. Kvifor Dungeon Siege liksom? Så absolutt ein respektabel serie, men korleis enda denne lisensen i nevane til den japanske giganten Square Enix? Kvifor vil Square Enix ha dette namnet på plakaten sin? Og korleis enda dei opp med Obsidian som utviklar? Ein utviklar som er kjend for å stort sett lage kvalitetsspel som litt for ofte kunne hatt nytte av nokre ekstra månader med polering og finjustering?

Nei, ikkje Murloc, det er eit anna spel.

Det korte svaret er at det eigentleg ikkje spelar noko rolle. Er du som meg har du venta på eit nytt Dungeon Siege-spel. Og etter å ha sett spelet i aksjon, kan eg ikkje seie mykje anna enn at dette er noko som verkeleg manglar på konsollane i dag. Square Enix vil utvide stabelen sine med meir vestleg orienterte rollespel, og etter å ha sett Dungeon Siege III ventar eg i spaning på meir.

Gammalt på ny

Eg ser sterke teikn på at Dungeon Siege III kan bli Obsidian sitt viktigaste spel. Spelet som for alvor set dei på kartet som eit studio som verkeleg kan levere varene. Det første teiknet på dette er den svært lekre grafikken som latterleggjer alle deira tidlegare spel. Dungeon Siege III er det første spelet som brukar Obsidian sin eigen grafikkmotor, og resultatet er upåklageleg. Eg var ikkje fullstendig overbevist heilt i starten, men det var før eg innsåg at utviklarane innleia presentasjonen med «vanity cam» ei kameraføring skreddarsydd for å la deg studere utstyret ditt på nært hald.

Etter kvart som utviklarane tok meg med på ein guida tur gjennom Ehb – verda i Dungeon Siege – blei eg gradvis meir og meir imponert. Spelet er fargerikt med kreativ design, og brukar djupnesyn på ein måte som verkeleg dannar eit inntrykk av store område fulle av liv. Sjølv om vi spanderte mykje av tida på ei grotte, var synet alt anna enn grått og keisamt. Nydeleg lyssetting kasta eit stemningsfullt blått slør over scena, og i bakgrunnen kunne eg sjå skjulte vegar, skattar og fiendar som utolmodig venta på å få slå kloa i oss.

Lekre effekter.

Det vi blir introdusert for er ei fantasy-verd av den verkeleg klassiske sorten. Den visuelle presentasjonen sender nostalgiske tankar tilbake til ei tid då «hack'n'slash»-rollespel låg på toppen av dei fleste ynskjelister, og det gir meg veldig lyst til å spele.

Sving ditt sverd

Hovudpoenget med Dungeon Siege III er naturleg nok kampar. Fleirfaldige kampar og alle skattane dei kan bringe med seg. Obsidian ser ut til å ha svært gode idear for korleis dette skal handterast. Kvar karakter i spelet har to forskjellige angrepsstillingar, og kvar stilling let deg bruke forskjellige våpen og eigenskapar. Obsidian sin demonstrasjonshelt varierte til dømes mellom eit tohandssverd og eit sverd med skjold, og den dynamikken som oppstår når du raskt og lettvindt kan byte mellom forskjellige angrepsmåtar midt i ein kamp ser absolutt engasjerande ut.

I tillegg vil du til ei kvar tid ha tilgang på fleire forskjellige eigenskapar. Desse varierer mellom det defensive og det offensive, og kan utførast med eit kjapt knappetrykk. Vår helt kaste seg mot fiendane i ein virvelvind av ein dødsdans, før han tok fram skjoldet og stødig fekk helsebarometeret i balanse igjen.

Obsidian har samtidig gjort nokre svært smarte trekk for å gjere oppsamlinga av alle skattane du finn mykje lettare. Når du står over ein gjenstand vil ein tekst på skjermen vise kva det er, kor bra det er, kor sjeldant det er, og kor mykje du vil kunne selje det for. Med andre ord treng du ikkje bruke lang tid på å gå gjennom ryggsekken for å luke ut all skiten.

Når nok er nok.

Saumlaust samarbeid

Les også
Anmeldelse:

Det har alltid vore viktig med samarbeid i Dunegon Siege-serien, og Dungeon Siege III er ikkje noko unntak. Konsollversjonane av spelet tek derimot det heile ganske mykje lengre. Sjølv om utviklarane ikkje ville ut med korleis spelet vil fungere over nett (eller på PC) – som til dømes kor mange spelarar det vil støtte – demonstrerte dei noko som er minst like spanande.

Om du tek turen over til ein ven, og han sit og spelar Dungeon Siege III, kan du berre plukke opp ein kontrollar og trykke på start for å ta kontroll over ein av NPC-karakterane på skjermen. Du treng verken logge inn eller importere din eigen karakter. Dette vil automatisk dra kameraet tilbake i klassisk Dungeon Siege- og Diablo-stil slik at begge spelarane har full oversikt over kva som skjer utan å på noko tidspunkt måtte dele skjermen i to.

Må du på noko tidspunkt forlate moroa, kan du berre trykke start igjen for å la den kunstige intelligensen overta. Det er ikkje heilt klart korleis dette fungerer om du loggar inn med din eigen profil, eller går på nettet med din eigen karakter, men vi får satse på at du får bruke dine hardt opparbeida erfaringspoeng der òg.

Obsidian viste òg litt av korleis dei vil handtere historia i spelet, og kunne fortelje at den vil ha stort fokus. Dialogane blir gjennomførte gjennom eit Mass Effect-akti dialogtre, men stort meir enn dette fekk eg ikkje sjå. Kvaliteten på eventyret bør derimot vere god, sidan det er forfattaren av Obsidian sine Neverwinter Nights-eventyr som styrer pennen denne gongen òg.

Ein tur gjennom skumle dimensjonar.

Konklusjon

Dungeon Siege III ser ut til å bli eit herleg kast tilbake til actionrollespela av den gamle sorten. Utviklarane hos Obsidian har derimot ikkje slått seg til ro med å kopiere den gamle formelen rubbel og bit. Dei har ivareteke essensen av dei gamle Dungeon Siege-spela, samtidig som dei har tilført mykje nytt. Spelet ser ut til å ha eit veldig dynamisk kampsystem som overfører seg veldig lett til ein potensielt sett glimrande samarbeidsmodus. I tillegg er det mykje som tyder på at spelet vil ha ei god historie, noko som sjølvsagt er godt nytt for dei som helst spelar aleine.

Det blir grundig konkurranse mellom fantasy-spela i tida framover, men du skal ikkje sjå bort frå at Obsidian sin kamp for å ta kongepokalen kan ende med siger når Dungeon Siege III blir tilgjengeleg ein gong i 2011.

Siste fra forsiden