Sniktitt

El Shaddai: Ascension of the Metatron

Eit av dei vakraste og mest originale spela på mange år.

LOS ANGELES (Gamer.no): Reliøse overtonar er ikkje kvardagskost i TV-spel, sjølv om dei dukkar opp no og då. Å hente inspirasjon rett frå Bibelen er i alle fall ikkje noko vi ser kvar dag. Sist ut i rekka er derimot El Shaddai, eit spel som laust baserer seg på Book of Enoch, og kastar oss inn i rolla som Enoch sjølv. Det er eit spel som kjem til oss frå erfarne utviklarar med blant anna Devil May Cry på merittlista. Ikkje så rart då kanskje, at dette spelet har svært mykje til felles med den kvithåra demonjegaren frå Japan.

Lat deg derimot ikkje lure til å tru dette er eit spel som dansar i fotefara til Dante heile vegen frå start til slutt. Dette er eit spel som kryssar og kombinerer eit uttal forskjellige element for til slutt å ende opp med ein heilskap som er noko heilt unikt.

Det er ikkje alltid like lett å sjå om El Shaddai høyrer heime på skjermen, eller på veggen i eit kunstmuseum.
Det er ikkje alltid like lett å sjå om El Shaddai høyrer heime på skjermen, eller på veggen i eit kunstmuseum.

Som eit måleri

Det første ein vil leggje merke til er den særeigne grafiske stilen. Det er eit ekstremt vakkert spel, men det liknar ikkje på noko anna. Det er meir som eit måleri i rørsle. Det er som å kike inn i ei råme berre for å sjå at fargane og formene flyttar på seg. Dette gjeld alt eg har sett i spelet. Realisme og truverd er erstatta med store, reine og stiliserte former som badar heile skjermen i kvitt det eine sekundet, før det let deg springe over det som ser ut som skraverte bølgjer i det neste.

Å skildre El Shaddai i aksjon er ikkje lett, men det er noko av det mest slåande eg har sett. Ein kan sikkert seie mykje i både positive og negative ordlag, men ein ting kan ikkje diskuterast; du har aldri sett noko liknande. I den abstrakte og stiliserte verda blir det din jobb å rydde opp i forskjellige uromoment, og dette gjer du via eit forholdsvis enkelt kampsystem. Her kjem samtidig slektskapen med Devil May Cry-serien godt til syne, sidan det heile er minst like kjapt og intenst.

I motsetning til Dante har ikkje Enoch to våpen til ei kvar tid, men dette er ikkje nødvendigvis negativt. Du kan skifte kva våpen du vil bruke på diverse punkt rundt omkring i spelet, eller du kan alternativt banke ein fiende så hardt at han blir svimeslått, noko som gjev deg ein gyllen sjanse til å stikke av med våpenet hans. Dette kan bli heilt nødvendig meir enn ein gong. Forskjellige fiendar har forskjellige styrker, og det å kunne tilpasse seg på eit blunk ser ut til å kunne halde nøkkelen til suksess.

Kampsystemet framstår som veldig solid, og du kan kjapt og elegant banke laus på fiendane, eller sjonglere dei opp i lufta for å halde kombinasjonar gåande. Samtidig må ein heile tida vere obs på at dei mørke kreftene du kjempar mot kan renne over på våpna dine. Der du er ein kvit og rein skapning med tilsvarande våpen, vil fiendane vere mørke og skitne. Etter kvart som du kjempar mot beista vil våpna dine skifte farge, og om du ikkje reinsar dei vil du vere mindre effektiv i kamp. Det er eit interessant element som bidreg med ein merkbar stressfaktor til spelet.

I tillegg vil rustninga til Enoch gradvis bli flerra bort etter kvart som han tek skade, og for å få den tilbake må du sjølvsagt eliminere det som er av fiendar for å plukke opp magiske gjenstandar.

Plattformsekvensar byr tidvis på hovudbry.
Plattformsekvensar byr tidvis på hovudbry.

Solid variasjon

Utover dei mange kampane ser El Shaddai ut til å by på nok å gjere til å krydre kvardagen. Først av alt latar det til at spelet har eit solid fokus på si religionsinspirerte historie. Av det eg kunne høyre var skodespelet av høg kvalitet (Jason Isaacs spelar Lucifer), og av det eg har sett er det liten grunn til å tvile på at historien blir like interessant som resten av presentasjonen.

Mellom kvart møte med fiendar eller folk som bringer historia vidare får du få bryne deg på fleire plattformsekvensar. Stort sett er dei av ein grei og logisk natur som byr på ei overkommeleg utfordring, men eg møtte på eit par svarte hol som var ekstremt vanskelege å hoppe over enkelt og greitt fordi det var vanskeleg å døme avstand i forhold til kor langt Enoch hoppar. Problemet oppstod berre når Enoch sprang innover i skjermen, og forhåpentlegvis blir det ikkje for mange av desse. Plattformsekvensar der du ikkje har sjanse til måle avstand er ein uting.

Da er dei sideskrollande sekvensane som dukkar opp med jamne mellomrom mykje betre. Det eg tidlegare skreiv om å sjå på eit måleri i rørsle er særs treffande for akkurat desse bitane av spelet. Eg har ikkje møtt den heilt store utfordringa i løpet av desse sekvensane, men det er inga hindring for å ha det moro. Ein treng ikkje utføre stort meir enn enkle hopp og sprang, og den visuelle festen som møter deg er nok til at ein let seg rive med. Bølgjene rullar over skjermen og byggjer opp og riv ned vegar og platå.

Det er unikt og annleis samtidig som det er familiært og velkjent. Ved å blande det kjende med det ukjende kan Ignition sjå ut til å ha skote gullfuglen.

Heftige og stiliser action.
Heftige og stiliser action.

Konklusjon

Eg har aldri før sett noko som kjem i nærleiken av El Shaddai. Det er klart det har sine opplagde inspirasjonskjelder, men å la seg inspirere av noko betyr ikkje nødvendigvis at det er slik du vil ende opp. El Shaddai slektar mykje på Devil May Cry, men det har samtidig mykje til felles med gamle plattformspel, samt tidlege sideskrollande eventyr som Prince of Persia og Another World.

Det unike med El Shaddai er kombinasjonen av fleire faktorar. Det kjem med ein variasjon og ei samansetjing av forskjellige element som konstant let deg gjere ulike ting. Med ein visuell presentasjon i konstant organisk utvikling, vil auga dine aldri gå lei av å sjå nye ting.

Viktigast av alt er derimot at spelet verkar å vere genuint engasjerande. Det har ein fin flyt mellom dei forskjellige måtane å spele på, og kampsystemet er uhyre kjapt og effektivt. Det har kanskje ikkje den same variasjonen i måtar å banke fiendar på som til dømes Bayonetta, men det latar til å vere minst like presist og underhaldande.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen