Sniktitt Fable III

Frå skroting til konge

Større, betre og langt heftigare konsekvensar enn nokon sinne.

KÖLN (Gamer.no): Har du ikkje spelt eit einaste Fable-spel får du slå av PC-en og gå på handletur umiddelbart. Denne fantastiske serien har blanda eventyr med action og rollespel i ei fantasifull verd henta rett ut frå gamle eventyrbøker. Det heile er i tillegg blanda med ein solid porsjon britisk humor, noko som gjer det heile temmeleg uimotståeleg.

Serien har derimot fått litt kritikk, noko utviklarane hos Lionhead med Peter Molyneux i spissen ikkje er redde for å akseptere. Med kvar tittel satsar dei på å utvide omfanget av den aktive verda, samtidig som dei finjusterar ting folk har klaga på.

God gammal Fable-sjarme.
God gammal Fable-sjarme.

Ein ny tidsalder

I Fable III spelar du avkommet til helten frå Fable II. Vi har kome inn i den industrielle tidsalderen, og politikk har blitt eit brennheitt tema. Politikken som blir ført for tida er derimot ikkje av den solidariske sorten, og det er på høg tid med ei endring. Det er sjølvsagt her du kjem inn ved å ta over trona eit stykke ut i spelet. Om du vil gjere ei positivt endring – eller gjere ting enda verre – er derimot ditt eige val. Noko du likevel kan vere heilt sikker på er at dei løfta du kjem med, ikkje alltid vil vere like lette å halde.

Som du kanskje kan tenkje deg må folk like deg (eller frykte deg) om du vil bli konge i landet, men i motsetning til dei tidlegare spela i serien er det ikkje nok å køyre på med ein animasjon i ein time for å få ein heil by til å sjå på deg som ein gud. Kvar person har i større grad individuelle preferansar, og du må gå hardare til verks for å utvikle nære venskap.

Den reelle makta di i Fable III kjem av at folk følgjer deg, og du har nokre nye verkty for å halde styr på dette. Spelet introduserer eit heilt nytt menysystem som etter alt å døme fullstendig grusleggjer den gamle tekstbaserte sorten. Ved eit kjapt trykk på Start-knappen hoppar du momentant inn i eit tredimensjonalt rom med eit digert kart i midten. Ved å sjå nærare på kartet kan du flytte eit forstørringsglas til forskjellige område for å sjå nærare på dei. Her får du informasjon om kor godt likt du er, men du kan samtidig kjøpe og selje eigedom utan å på noko tidspunkt måtte ta turen til dei aktuelle bygningane. Veldig praktisk!

Meny-«området» har fleire funksjonar enn kartkontroll. Ved å gå inn i forskjellige rom kan du gjere alt frå å skifte våpen til å skifte klede. Prøveromma er fulle av statuer som demonstrerer utstyret ditt, og om du er glad i klede kan du lagre dine eigne samansetningar. Det beste med heile menystemet er at alt går veldig kjapt. Eg var ikkje vitne til ein einaste lasteskjerm verken ved å gå inn eller ut av det, noko som vil gjere det til ei smal sak å gjere kjappe endringar når du merkar behovet.

Vi dansar som robotar.
Vi dansar som robotar.

Kvestast skal dei!

Ute i felten blir det som vanleg ein del kamp, og dette ser ut til å fungere som før. Kampane handlar framleis om å time slaga riktig, og å halde inne knappen for kraftigare slag. Er du flink vil du få nokre tøffe avslutningsangrep, og vi får håpe det er mange av desse slik at vi ikkje endar opp med å sjå dei same animasjonane hundre gongar.

Fable III introduserer likevel ei veldig spanande endring til kampsystemet. Magisystemet frå Fable II returnerer, men i staden for at magien berre blir sterkare ved å halde inne knappen, eller at du byter til ein annan type magi ved å gjere det same, kan du no kombinere magi. I staden for å kaste lyn eller eld, kan du no gjere det samtidig ved å bruke forskjellige magiske hanskar på kvar hand. Om kombinasjonen lyn og eld ikkje freistar, kva seier du til «Force Push» med eld? Eller kva med ein virvelvind full av knivblad? Moglegheitene ser ut til å vere mange, og eg klør i fingrane etter å utforske dette systemet.

Områda du kastar deg ut i for å bekjempe fienden vil i følgje Lionhead vere mykje større enn i Fable II. I staden for tronge korridorar finner vi svære område opp til fire gongar større enn dei største miljøa i Fable II. Dette er derimot ikkje alt, heile verda i Fable III er tilsynelatande dobbelt så stor som i forgjengaren. For første gong skal vi i tillegg reise utanfor Albion, noko som kan bli veldig spanande.

Sjarmerande og brunt

Sidan Fable III tek Albion inn i den industrielle revolusjonen, medfører dette ei drastisk endring i fargespekteret. Dei forskjellige områda eg har sett har alle vore sterkt prega av murstein og grusvegar, noko som heilt tydeleg har rasert store delar av dei vakre landskapa vi kjenner frå før. Dette betyr ikkje at dei grøne eventyrlandskapa er borte, vi får berre ein større kontrast mellom byane og skogane.

«Blue Steel».
«Blue Steel».

Noko som definitivt ikkje har blitt nedskalert er humoren. Dialogen er like skakkøyrd som før, og mange skodespelarar med John Cleese i spissen lånar talenta sine til spelet. Det blir heilt tydeleg mykje artig dialog i spelet, i så stor grad at ein sikkert lett kan ende opp med å ville høyre ferdig ei samtale før ein hastar i veg mot dei verkelege gjeremåla.

Konklusjon

Fable III ser absolutt ut til å levere varene. Vi får akkurat det som har gjort serien så bra, samtidig som vi får fleire nye element som bør spytte litt ekstra liv inn i spelet. Det nye magisystemet ser veldig spanande ut, men det er dei nye «menyane» som verkeleg tek kaka. I staden for å bla side opp og side ned går du inn i eit tredimensjonalt område der du berre går til det du vil. Vi finn i tillegg eit veldig praktisk kart som let deg gjere ting veldig kjapt og effektivt.

Det vi framleis lurer på no, er kva som eigentleg skjer når du blir konge. Jada, du blir konge, du får makt, men kva gjer du? Store spørsmål, men vi blir vel nøydt til å vente til spelet er ute i butikkane 29. oktober.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen