Sniktitt

Fable: The Journey

Lionheads eventyrverd vaknar til live på ein måte ulikt noko anna.

LOS ANGELES (Gamer.no): Fable: The Journey er spelet ingen vil ha. Microsoft har kanskje selt eit imponerande antal Kinect-kamera, men dei som benkar seg ned i sofaen for å kose seg med eit djupt rollespel, er ikkje nødvendigvis dei same som plasserer eit kamera over TV-en. Annonseringa av Fable: The Journey blei difor møtt med alt anna enn ekstase, og blei raskt sett på som eit simpelt spel på skiner som utnyttar ein populær serie for å lure folk til å kjøpe Kinect.

Lionhead sjølve er naturlegvis ikkje einige i dette, men dei forstår deg likevel såre godt. Dei veit du ikkje vil stå, dei veit du ikkje vil rydde vekk alle møblane du har i staua di, og dei har gjort alt dei kan for å eliminere alt som står i vegen mellom deg og rørslekontroll. Det første steget var å utvikle teknologi som let deg spele sitjande, det andre var å vidareutvikle denne teknologien slik at du kan spele sjølv om du har eit middagsbord mellom deg og TV-en. Om sistnemnde fungerer i praksis kan eg ikkje seie noko om, men sitje, det kan du absolutt.

Flygande krapyl betyr alltid trøbbel.
Flygande krapyl betyr alltid trøbbel.

Din eigen herre

I Fable: The Journey møter vi Gabriel. Han kjem ikkje frå helteslekta du har vore ein del av i alle dei tidlegare spela, men er i staden ein heilt vanleg fyr. Spelet startar med at Gabriel køyrer med hest og kjerre langs ein fredeleg landeveg. Dette får du naturlegvis ta del i sjølv, og ved å løfte henda kan du styre hesten som om du skulle halde i taumane. Ein hest er ikkje like medgjerleg som ein bil, og dette merkast godt. For å styre hesten må du dra hendene dine fram og tilbake i den retninga du vil han skal svinge. Responsen her kunne ha vore noko betre, og eg kan ikkje akkurat seie det var direkte lett å halde kjerra beint på vegen.

Det må likevel seiast at Kinect ikkje var kalibrert for kroppen min, og i tillegg er det ein liten prosess å bli vand med eit så uvanleg kontrollsystem. Etter kvart som eg fekk meir og meir taket på å forutsjå svingar og reagere tidleg blei det mykje lettare. Noko som kom godt med sidan det ikkje tok lang tid før driten traff vifta, for å seie det på godt norsk. Eit stort utbrot av ei korrupt kraft velta brått over verda, og med ein panikkslagen hest måtte eg reagere kjapt for å ikkje krasje inn i både den korrupte krafta, og diverse objekt som låg i vegen.

Kort tid ut i spelet møter vi Theresa. Du kjenner kanskje igjen denne mystiske kvinna som har vore med i kvart Fable-spel. Ho har guida kvar helt fram mot målet sitt, men motivasjonen hennar, og kven ho eigentleg er har heile tida vore ei gåte. Dette vil Lionhead no gjere noko med, og gjennom dei ti til femten timane Fable: The Journey skal vare, vil vi bli betre kjent med ho, og forstå kva rolle ho eigentleg har i Albion.

Av denne grunn blir Fable: The Journey eit mykje meir lineært spel enn dei andre spela i serien. Historia er viktig i spelet, og Lionhead har til dømes for første gong tatt i bruk «motion capture» for å fortelje historia gjennom ei rekke filmsekvensar. Eg kan ikkje seie så alt for mykje om kvaliteten på desse, men dei ser definitivt bra ut. Heile spelet er strengt tatt uhyre pent. Ved å ikkje måtte lage store, opne område har Lionhead frigitt ressursar til å pynte kvart område ekstra mykje.

Ein helt på tur

Eit av Lionhead sine store mål med Fable: The Journey er å dra deg inn i spelet på ein måte som ikkje har vore mogleg før. No er du helten, og i staden for å styre ein figur på skjermen med ei stikke og nokre knappar, kjempar du som om du var i verda sjølv. Samtidig ser du alt i førsteperson.

Om du hatar hestar kan du berre styre unna.
Om du hatar hestar kan du berre styre unna.

Du brukar verken våpen eller skjold i dette spelet, men får i staden to magiske hanskar som gjev deg kraftig magi. Av det eg har fått sjå så langt får vi servert fire typar magi som alle har sine markante nytteområde. Ved å halde oppe den høgre handa får du tilgang på den første magien som er ei enkel magisk kule du kan hive mot fienden. Ved å rotere armen din – eller rope «fireball» blir kula om til ei mykje kraftigare eldkule. Om du derimot held handa di bakover eit stykke, blir kula om til eit spyd.

Å få dette til å fungere krev tilvenning, på same måte som når du skal styre hesten. Mitt største problem var at eg under store delar av økta mi aldri fekk noko til å treffe der det skulle. Eg skjønte derimot etter ikkje så alt for lang tid at eg sikta feil, og dette kan eg sjå føre meg blir eit problem fleire vil møte. Når du blir dratt inn i spelet på ein slik måte Fable: The Journey gjer det, byrjar ein å tenkje på ein heilt annan måte. Når eg skal sikte på noko, siktar eg der det er på skjermen, medan det sjølvsagt er kameraet som les rørslene dine.

Eg blei sitjande ei stund og febrilsk prøve å få ei kule til å treffe midten av skjermen sidan eg prøvde å treffe midten av skjermen. Det er derimot midten av kamerat du må sikte på. Så lenge du gjer det, blir alt så mykje betre, men det er likevel ikkje heilt optimalt. Eg håpar det er mogleg å kalibrere spelet slik at du kan få sikte mot skjermen utan problem.

Når ting går skeis er likevel ikkje alt håp ute. Etter at du har kasta eit magisk objekt kan du føre det mot målet, og akkurat denne funksjonen bydde på stor moro. Den magiske kula gjer ikkje stort anna enn å brått skifte retning, men eldkula og spydet deler seg i fleire objekt som fell som livsfarleg regn mot dei ynkelege fiendane.

Stemninga er absolutt på plass.
Stemninga er absolutt på plass.

Angrep er det beste forsvar

Den venstre handa har ein heilt annan funksjon enn den høgre. Ved å dytte den mot skjermen vil du dytte fiendane tilbake, eller du kan sende ein enorm stein i retur mot trollet som kasta den mot deg. Du kan i tillegg kaste magiske tau mot fienden, noko eg på festeleg vis fekk demonstrert då eg møtte ein gjeng stygge skjelett. Har du først festa eit tau kan du løfte handa raskt oppover for å dra av dei hovuda. På same måte kan du halde fram til alle kroppsdelar ligg på bakken.

Den venstre armen kan i tillegg brukast til å forsvare mot fiendtlege angrep. Om eit spyd til dømes skulle kome mot deg kan du med riktig timing sende det i retur mot fienden. Held du begge hendene framfor deg beskyttar du mot angrep.

Femten minutt med spelet er ikkje nok til å verkeleg få taket på kontrollsystemet. Det er veldig intuitivt, men sidan det er så uvanleg er det lett å gjere feil. Det tek ikkje lang tid å forstå korleis ein skal gjere ting betre, men det var først då ein av utviklarane sette seg ned at eg verkeleg såg kva spelet kan by på. Der eg sleit med å få ting til, sendte han eldkuler, spyd og lassoar mot fiendane medan han beskytta seg mot angrepa til eit gigantisk og veldig sinna troll. Han lena seg frå side til side for å skifte posisjon, eller for å unnvike eit angrep, og sigra over beistet utan dei heilt store problema.

Sjølv om spelet gradvis blei betre etter kvart som eg spelte, var det ikkje før utviklaren tok over plassen min at eg verkeleg fekk lyst til å spele meir. Det såg enkelt og greitt frykteleg moro ut. Han gjorde veldig mykje samtidig, og det bygde seg opp ein intensitet svært ulikt noko anna eg har spelt. Det betyr sjølvsagt ikkje at dette er det meste intense spelet eg har spelt, men det er veldig nytt, og det gjer meg svært spent på å sjå meir.

Ei eldkule eller to slår aldri feil.
Ei eldkule eller to slår aldri feil.

Konklusjon

Etter eitt og eit halvt år med Kinect har eg enno ikkje funne eit spel som verkeleg gjev meg lyst til å spele. Fleire av dei er absolutt solide kreasjonar, men dei er ikkje den typen spel eg verkeleg vil spele. Så langt har vi til gode å få eit spel med ei skikkeleg historie, og ein kampanje som driv deg vidare, og held deg fengsla i time etter time.

Det finnest ingen garanti for at Lionhead vil oppnå dette med Fable: The Journey, men det herskar ingen tvil om at ut av det eg har sett, har vi aldri vore nærare. Kontrollsystemet var derimot langt frå perfekt, og eldkulene nådde ikkje alltid det målet eg sikta på. Dette kan likevel vere sidan Kinect ikkje var kalibrert for meg, men ein mykje lågare person. Når ein frå utviklarteamet sette seg ned blei eg regelrett imponert over tempoet han pryla opp fiendar i, og spelet såg ut til å gjere akkurat det han ville kvar gong.

Eg kan ikkje skjule at eg er litt skeptisk. Skal eg spele Fable: The Journey i ti timar må alt sitje som støypt. Dei minutta eg hadde med spelet var likevel nok til å overbevise meg om at det definitivt er håp for at dette kan bli verdt tida di, sjølv om du hatar å veive med henda framfor TV-en.

Fable: The Journey kjem i sal 12. oktober, kun for Xbox 360.

Les også: Dette avslørte Microsoft under E3 2012
Les også: Forza Horizon er avduket

Klarer ikke laste video

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen