Sniktitt

Fantasia: Music Evolved

Harmonix vil spre musikkglede til born i alle aldrar.

LOS ANGELES (Gamer.no): Mitt største augneblikk under årets E3-messa var sannsynlegvis då eg stod inne på Harmonix sitt område og måla musikk med henda mine. Framfor nyaste versjon av Kinect fekk eg innblikk i ei verd som pirra sansane på ein måte få spel er i stand til å gjere.

Fantasia: Music Evolved kan raskt bli eit veldig stort steg vidare for musikkspelsjangeren. Store ord kanskje, men så er det òg Harmonix som står bak. Dei har snudd opp ned på musikkspela før. Dei introduserte Guitar Hero for eit nesten hysterisk publikum, før dei tok dansespela eit demonstrativt steg vidare med Dance Central. Fantasia er eit spel som ikkje berre let deg halde rytmen medan du høyrer på musikk, men samtidig let deg bli både deltakar og dirigent.

Ei magisk skjelpadde.
Ei magisk skjelpadde.

Headhunta av Disney

Historia om Fantasia byrja kort tid etter at Harmonix hadde lansert Dance Central. Dei blei kontakta av Disney som ville ha i stand eit møte. Dette var Harmonix litt skeptiske til, sidan dei likar å utvikle konsept sjølv, for så å vise dei fram for potensielle utgjevarar. Disney insisterte derimot, og året etter Dance Central blei lansert møtte dei Harmonix på GDC, og la fram forslaget om å lage eit Fantasia-spel.

Etter at avtala var i boks fekk Harmonix full tilgang på Disney-arkiva. Eit ikkje fullt så kjent faktum er at Walt Disney sjølv hyra inn folk til å dokumentere alt han gjorde. Både arbeid, møte og tankar blei skribla ned, og i arkiva til Disney ligg dokumentasjon på Walt Disney sitt arbeide heilt tilbake til 1939. Dette var ei gullgruve for Harmonix som på denne måten kunne lese seg fram til kva som originalt var grunntanken bak Fantasia.

Den tanken viste seg å vere å lage eit eventyr i farge og rørsle. Ideen bak spelet Fantasia: Music Evolved blei med det raskt klar; kva om den konsertfilen Walt Disney originalt ville lage aldri hadde stoppa? Korleis ville den sjå ut i dag?

Trollmannens lærling

Fantasia: Music Evolved held fram i god Fantasia-tradisjon. Der Mikke Mus var lærlingen til trollmannen Yen Sid i originale Fantasia, er det du som no får denne jobben. Som lærling må du reise ut på oppdrag og utføre diverse musikalske sprell. Eg fekk diverre ikkje sjå noko av historia sidan desse segmenta ikkje var klare enno, men eg fekk kasta meg ut i nokre oppdrag.

Før du kan leike for alvor må du vekkje verda til live.
Før du kan leike for alvor må du vekkje verda til live.

Det som møtte meg då eg først stod framfor Fantasia var eit stort og fargerikt landskap under vatn. Fiskar, maneter, korallrev, sjøanemonar og anna liv reagerte på kvar minste rørsle eg gjorde, noko som viste seg å vere veldig viktig for å kunne kome vidare.

Med Kinect for Xbox One er det slutt på å røre seg i berre eitt plan. No kan kameraet fange opp om du flyttar henda dine mot skjermen eller frå deg, noko som gjev oss ei mykje større grad av interaksjon med verdene vi spelar i. I Fantasia blei dette svært viktig. Målet mitt i det våte paradiset var å vekkje portalar til live slik at eg kunne hoppe gjennom dei for å ta del i eit musikalsk nummer. For å få til dette måtte eg først vekkje havet til live.

Ved å sveipe handa over skjermen, inn og ut i biletet og søkje kontakt med alt eg kunne sjå, vakna havbotnen til liv. Musikalske lydar glei ut frå kvar vesle detalj, og om ikkje lenge opna portalen seg, og eg kunne bryne meg på eit musikalsk nummer eg aldri vil gløyme.

Handmagi

Konseptet til Fantasia: Music Evolved er såre enkelt. I løpet av spelet får vi servert ei mengd ulike låter, og alle låtene kjem i tre ulike versjonar. Bohemian Rhapsody kom til dømes i originalmiksen, ein heavymiks, og ein orkestermiks. Andre låter har andre variantar, og kan inkludere alt frå jazz til big band.

Så lenge du held deg til instruksjonsboka går det bra.
Så lenge du held deg til instruksjonsboka går det bra.

Ved starten av kvart musikalske nummer vel du kva versjon du vil bruke, og så sparkar det heile i gong. På enkelt fargelagde bakgrunnar flyg piler som indikerer kva retning du skal flytte henda dine i, og det heile endar opp som ein snodig kombinasjon av dansing og dirigering. Piler kan til dømes kome inn frå to hjørne før dei møtast i midten, eller du må løfte begge henda oppover samtidig. Individuelle rørsler er òg viktige. Felles for alle rørsler uavhengig av retning er at du må gjere dei i takt med musikken, gjer du ikkje det vil musikalske element forsvinne.

Så langt er det ikkje mykje som gjer Fantasia spesielt, men så sart du kan byrje å velje og vrake i musikalske instrument forstår ein raskt kva dette handlar om. Regelmessige intervallar let deg velje nye instrument du kan leggje til i miksen, og desse kan vere frå den miksen du vil. Byrja du med originalversjonen av Bohemian Rhapsody, kan du halde fram ved å slenge inn strykarar, tunge trommer og kanskje ein hylande gitar.

Sistnemnde er ei godt døme på instrument du kan manipulere direkte. Viktige parti i ei låt vil la deg bruke henda for å regelrett måle inn musikalske notar. Dette kan vere alt frå å lage dine eigne melodiar, eller det kan vere for å leggje nye effektar på eksisterande element.

Resultatet er ei musikalsk oppleving som blir heilt og halde di eiga. Det er du som vel lydane, det er du som manipulerer dei, og neste gong du spelar kan resultatet bli noko heilt anna.

Nokre gongar kan det bli riktig så avansert.
Nokre gongar kan det bli riktig så avansert.

Konklusjon

Den enklaste måten å skildre Fantasia: Music Evolved er som leik. Det er som å leike med eit levande lydbilete som er i konstant endring, og det bringer ei barnsleg glede over deg som er heilt unik. Konseptet er så enkelt at det nesten er utruleg at det ikkje har vore jort før. Best av alt er at det fungerer som eit uvær. Med nye Kinect får vi ein presisjon som ikkje var mogleg før, og det gjer det heile så enkelt å kome inn i at du berre hoppar inn og aldri tenkjer på kva du eigentleg skal gjere.

Harmonix kan lett ha ein ny vinnar på trappene her. Dei har gjort stor suksess mange gongar før, og etter ein knapp halvtime med spelet er det tydeleg at kvaliteten absolutt framleis held seg på topp. Det som gjenstår å sjå no er korleis Harmonix og Disney eigentleg se føre seg å flette ei historie inn i dette spelet, og kor godt det vil fungere. Samtidig hadde det ikkje skada med litt meir inspirerande bakgrunnar medan du leikar deg med eit musikalsk nummer.

Ut av rein og skjer musikalsk glede ser derimot Fantasia: Music Evolved ut til å bi ein draum for både store og små.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen