Sniktitt

Final Fantasy X/X-2 HD Remaster

Denne nyversjonen minner mest om eit PSP-spel frå Square Enix.

LONDON (Gamer.no): Tida går fort. Det er godt over eit tiår sidan vi for første gong fekk spele Final Fantasy X, men eg kan framleis hugse dei aller første trailarane som blenda alle med spelets spinnvilt vakre grafikk.

Final Fantasy X var det første rollespelet frå Square Enix til å gjere mange ting. Det var det første Final Fantasy-spelet som bydde på full 3D-grafikk i både figurar og område, og det var det første spelet der skodespelarar dreiv dialogen vidare, i staden for dei statiske tekstbobler frå tidlegare spel. I fjor kungjorde Square Enix at dei ville lansere spelet på ny med finare grafikk, og no har vi omsider sjølv fått sjå kva det japanske studioet har brukt tida på.

Nyversjonen er langt penare enn originalen.
Nyversjonen er langt penare enn originalen.

Solid løft

Problemet med å spele eit spel som Final Fantasy X i høgare oppløysing med betre modellar og teksturar er at det ser ut akkurat som dei sleipe nostalgibrillene har fått deg til å hugse at det såg ut. Strengt tatt kan eg ikkje seie eg såg noko som imponerte meg i tida mi med Final Fantasy X. Dette er ikkje ei overhaling som løftar spelet på nivå med Final Fantasy XIII. I staden får vi eit spel som minnar meir om Square Enix sine PSP-spel, sjølv om oppløysinga naturlegvis er høgare, og kantane jamnare. Square Enix har gjort ein formidabel jobb med å byggje lekre spel, så dette er på ingen måte noko negativt, og strengt tatt er det eit solid hopp i forhold til kva andre utviklarar har gjort med sine HD-oppgraderingar.

Med nyare spel friskt i minne blir det likevel litt vanskeleg å la seg imponere, sjølv om dette strengt tatt ikkje er poenget heller. Ser ein det side om side med originalen blir det derimot noko heilt anna. Alt er fiksa på. Modellane er meir detaljerte, tekstureringa likeså, og lyssetjinga er langt betre, sjølv om denne biten er den mist synlege. Kort sagt har Square Enix gjort ein solid jobb i å ivareta utsjånaden til orginalen, samtidig som dei har justert smådetaljar og fått spelet til å gli fint saman med stilen dei har køyrt i nyare spel.

Her og der er det likevel lett å merke at dette er langt frå eit nytt spel. Sjølv om Square Enix har pussa opp det tekniske, finnest det ting som ikkje har fått eit like solid løft, og det merkast kjapt. Dei lekre filmsekvensane frå originalen har til dømes berre blitt oppskalerte, noko som gjer seg synleg i ganske grovkorna filmsekvensar som ikkje på nokon måte kan måle seg med sylskarpe filmar presenterte i 1080p.

Filmsekvensane er tydeleg oppskalerte.
Filmsekvensane er tydeleg oppskalerte.

Animasjonen er òg merkbart av det eldre slaget, og framstår tidvis som ganske stive. Ansiktsanimasjonen høyrer fortida til, og står som ein solid kontrast til dei elles ganske detaljerte andleta på dei ulike personane i spelet.

Dei aller tydelegaste etterlevningane frå orginalversjonen av spelet er derimot dei statiske bakgrunnane som dukkar opp her og der. Av og til ser det ut til at dei har blitt teikna over for å framstå skarpare og penare, men i område med store bakgrunnsbilete kan vi tydeleg sjå at dette ikkje er stort meir enn oppskalerte versjonar av små originalbilete.

No høyrest det meste sikkert veldig negativt ut, men heilskapleg sett er dette lkevel ei solid og velkomen oppgradering. Det ser pent ut, og sjølv om enkelte gamle element gjer seg synlege, er det likevel eit veldig lekkert spel. Den estetiske stilen og det unike designet på mange element i verda kjem mykje betre fram enn i originalen, og eg gler meg til å sjå korleis fleire av dei seinare områda i spelet kjem til å sjå ut.

Tilbake til Zanarkand

Resten av spelet ser på alle måtar ut til å vere det same gamle. Eg fekk prøvd med på prologen til spelet, og sjølv om denne ikkje byr på dei heilt store utfordringane, merka eg godt at japanske rollespel av den gamle sorten framleis maktar å by på umiddelbar underhaldning.

Final Fantasy X-spela var dei siste i serien som heldt fast på det tradisjonelle turbaserte kampsystemet, og det er noko herleg nostalgisk over å spele det igjen. Demoen var ikkje så lang at eg fekk leike meg med ulike gruppesamansetningar og oppgraderingar, men det er ingen tvil om at flyten i kampsystemet som i det minste for si tid var veldig kjapt, framleis er bunnsolid.

Dei oppskalerte bakgrunnane blir ein merkbar kontrast til dei skarpare 3D-modellane.
Dei oppskalerte bakgrunnane blir ein merkbar kontrast til dei skarpare 3D-modellane.

Det er fart og flyt over spelet som held seg godt den dag i dag, og det blir spanande å sjå korleis spelet blir motteke av eit publikum som har blitt vande med hakket meir actionprega rollespel frå den japanske fronten.

Konklusjon

Når Final Fantasy X/X-2 blir relansert seinare i år skjer det i to versjonar. På PlayStation 3 får du begge spela i ei samla utgåve, medan du på PlayStation Vita må kjøpe dei kvar for seg. Eg fekk berre prøve meg på Final Fantasy X, og ikkje oppfølgjaren X-2, men ut av det eg har sett blir dette ein verdig versjon som kan introdusere nye spelarar for tidlegare Final Fantasy-spel.

Overhalinga gjer ein del ujamne kantar lettare å sjå, men dette framstår mest som ein naturleg konsekvens av å slenge ei ny grafisk drakt på toppen av eit eldre spel. Innmaten er framleis den same, og om du er ein av dei mange som ser på Final Fantasy X som ein favoritt ser det ikkje ut til at du har noko å frykte når spelet kjem i sal seinare i år.

Les også: Sniktitt på MMO-spelet Final Fantasy XIV: A Realm Reborn
Les også: Kingdom Hearts III er endelig avslørt

Trailer for Final Fantasy X/X-2 HD Remaster.

Kommentarer (17)

Forsiden akkurat nå

Til toppen