Sniktitt

Final Fantasy XIV: A Realm Reborn

Vi har sjekka korleis MMO-spelet fungerer med handkontroll.

LONDON (Gamer.no): Mykje står på spel når Square Enix relanserer katastrofespelet Final Fantasy XIV i august. Tre år etter mageplasket med det originale spelet har dei bygd heile greia opp frå grunnen av, gjeve det eit nytt namn i form av Final Fantasy XIV: A Realm Reborn, og sender det ut i ein stadig vanskelegare marknad for å kapre nye spelarar.

Det einaste som eigentleg heng igjen frå det originale spelet er verda, rasar, namn på ting og tang, og ein overhengande mytologi. Bortsett frå det har utviklarane gjort eit enkelt grep i å plante ei katastrofehending i spelet som forklarar kvifor alt no har endra seg brått. Der vi tidlegare fann område sterkt prega av klipp og lim-metoden, har det meste no blitt bygd opp frå grunnen av, og om du spelte originalen vil det aller meste vere heilt nytt.

Nytt er òg at du faktisk har ein solid sjanse til å kunne spele spelet denne gong, sidan den gamle motoren var så krevjande at dei fleste sleit med å køyre det bra, uavhengig av kor solid maskina di måtte vere.

Vi møter mange gamle Final Fantasy-kjenningar.

Jakt i villmarka

Å skulle kome med inntrykk frå eit massivt onlinespel basert på ein halvtime med speling er ikkje den enklaste saka i verda. Å skulle kunne gi eit solid perspektiv på kva du har i vente er difor umogleg, og det var heller ikkje målet med fleirspelarseansen eg fekk ta del i. Poenget der var i all hovudsak å få sjå nokre av dei nye områda, samt prøve ut kampsystemet slik det vil fungere med ein handkontroll, om du så spelar på PC eller PlayStation 3.

Den umiddelbare reaksjonen på å spele eit MMO med handkontroll er svært god. Utviklarane har bygd opp eit kontrollsystem som ser ut til å fungere veldig bra, og gjev deg lett tilgang på det du treng av ulike angrep og eigenskapar.

Dei fleste viktige og meir eller mindre universale funksjonar er lagt til knappane på framside på kontrollaren. Dette let deg gå inn i menyen, ta eit hopp, interaktere med ting i verda, samt angripe fiendar. Når du først er i kamp vel du ulike angrep ved å først halde inne ulike ryggknappar, og kvar ryggknapp gjev dei resterande knappane på kontrollaren nye funksjonar.

Du kan naturlegvis setje opp kva eigenskapar du vil kartleggje til desse knappane sjølv. Praktisk nok viser ikkje eit trykk på ryggknappane berre ikon av dei ulike angrepa, men og ein liten tekst med angrepets namn. Ei lita skildring av kva eit angrep eller ein eigenskap gjer er heller ikkje langt unna. Du treng ikkje bruke tid på å studere menyar for å få eit godt grep om kva du er i stand til å gjere, og dette let deg kome i gong med å planleggje strategiar på kort tid.

Kamp mot fleire fiendar kan bli litt uoversiktleg.

Trøbbel i paradis?

I kamp mot dei ulike beista villmarka bydde på hadde eg ingen problem med å gjere ein effektiv jobb i gruppa eg var ein del av. Det einaste som verkeleg plaga meg var kor kronglete det var å velje riktig fiende å angripe. Du kan bla gjennom fiendar og allierte ved å bruke piltastane på kontrollaren, men mi erfaring viser at dette noko som treng ei solid overhaling. Eg enda opp med å bruke alt for mykje tid på å bla meg fram til riktig fiende. Dette gjorde kampane tidvis til ei ganske frustrerande affære, spesielt mot bølingar med små fiendar.

Når vi omsider møtte ein massiv golem blei det heile mykje betre, og eg kunne fokusere på å pelme laus passande angrep i lag med gruppa mi. Ein fin liten detalj her er at kameraet, som stort sett låser seg til fienden du har i sikte, kan låsast opp ved eit trykk på analogstikka. Dermed kan du styre det fritt, og det kjem godt med når ein møter massive beist som fyller heile skjermen eller meir.

Etter å ha flykta frå beistet som var alt for sterkt for vårt nivå fekk vi litt tid til å springe rundt i verda for å studere mangfaldet Square Enix skryt av. Eg har sjølv erfart å gå meg meir eller mindre vill i skoglandskapet Gridania då den første utgåva av Final Fantasy XIV blei lansert, og det herskar ingen tvil om at A Realm Reborn er ei solid forbetring.

Les også
Nintendo er skuffet over Wii U-salget
Dei ulike områda i spelet har fått eit solid løft.

Dei identiske skogsområda er heilt borte til fordel for eit landskap som byr på solid variason. Når ein går inn i nye soner vil ein gradvis merke at terrenget endrar seg før ein omsider kjem inn i heilt nye former for landskap heilt forskjellige frå dei du var i for kort tid sidan. Av det vesle eg har fått kike på ser det ut til at utviklarane har gjort ein god jobb i å ikkje berre variere dei ulike områda, men samtidig gjere kvart område meir interessant. Eg såg alt frå fuktige sumplandskap fulle av dramatiske steinformasjonar, til frodige skogar danderte med massive tre, og vidstrakte og raude steinlandskap. Om ikkje anna ser det ut til at Final Fantasy XIV: A Realm Reborn vil by på nok å sjå på.

Konklusjon

Det er ikkje lenge igjen til Square Enix set ale klutar til og lanserer Final Fantasy XIV på ny. Verda er kanskje den same, sjølv om den har gått gjennom store endringar, men dei underliggjande systema har endra seg fullstendig. Det same er historia og innhaldet.

Sistnemnde kan eg ikkje seie så mykje om, men det ser i det minste ut til at du ikkje vil ha problem med å navigere deg gjennom verda. Sjølv om det er ein litt kronglete prosess å velje kva monster du vil angripe, er kampsystemet i seg sjølv intuitivt og lett å få taket på. Det heile kjennest svært naturleg, og samtidig velkjent. Om du føretrekk å spele med ein handkontroll kjem du ikkje til å ha nokon problem med å kome i gong med Final Fantasy XIV: A Realm Reborn.

Kontroll og oversikt var blant dei store problema med den første versjonen av spelet, og om resten av det massive onlinespelet har fått seg eit like stort løft skal vi ikkje sjå bort ifrå at dette spelet blir ein verdig kandidat i kampen om tida di.

Les også: Final Fantasy Versus XIII har skiftet navn
Les også: The Elder Scrolls Online kommer til konsoll

Trailer for Final Fantasy XIV: A Realm Reborn.

Vi prøvde spelet i London. Turen dit blei betalt av Square Enix.

Siste fra forsiden