Sniktitt Front Mission Evolved

Krig i høgt tempo

Ein gammal strategiserie tek ein ny og drastisk retning.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det blir som regel litt kontrovers når ein kjær serie går frå det eine til det andre i eit solid firsprang. Front Mission-serien er kanskje ikkje så kjend her i landet, men er likevel ein av dei klassiske seriane til Square Enix. Dei tidlegare spela i serien har vore turbaserte strategispel der du førte krig med enorme Wanzer-robotar på eit rutenett i klassisk japansk taktikk-stil.

Alt dette kan du berre gløyme. For å utvikle Front Mission-serien sitt første ledd på mange år har Square Enix hyra inn Double Helix, eit utviklarstudio med det ikkje heilt imponerande Silent Hill: Homecoming på merittlista. Front Mission Evolved bryt med grunnpillarane for serien, og sender deg ut i brutalt intense kampar der det viktigaste referansepunktet er eit vanvittig tempo.

Action i høgt tempo
Action i høgt tempo

Drapsmaskin

Sjå for deg at du set deg inn i ei kantete maskin forma sånn nokon lunde etter den menneskelege anatomi. Du har to armar, to bein, og i kvar hand og på kvar skulder har du eit massivt våpen. Med denne maskina kastar du deg ut i kamp mot andre maskiner av same sort. Du kan byte ut våpen som du vil, og du kan velje mellom svært potente maskingevær, varmesøkjande rakettar, og diverse andre våpen som alle slår eit slag for gjennomført destruksjon.

Med pengar du tener i løpet av oppdraga kan du kontinuerleg kjøpe nye og betre våpen. Samtidig kan du kjøpe forskjellige eigenskapar som gir deg ein eller annan bonus. Du kan til dømes montere ein dings på «ryggsekken» som let deg reparere maskina di om du ligg tynt an. Sjølv om du kan kjøpe alt du skulle ha råd til, kan du ikkje nødvendigvis slenge alle våpna du vil på den same Wanzeren. Det er ei grense for kor mykje ei maskin kan bere, og naturleg nok går effektiviteten og tyngda på våpna hand i hand.

Eit forrykande tempo

Front Mission Evolved er en type spel der du må setje deg inn i systema før du kan ha det moro. Mine første minutt fekk ordet «drit» til å repetere seg i tankane mine som eit hakk i ei dårleg plate. Eg hadde berre eitt våpen, eg møtte fiendar som var latterleg kraftige og knuste meg med eit par solide slag med deira kraftige metallarmar, og eg eksploderte, igjen og igjen.

Massive beist
Massive beist

Det var ikkje før eg sette saman min eigen Wanzer med to massive maskingevær og ein varmesøkjande rakettkastar, samt forstod kontrollane betre at spelet viste seg frå ei heilt anna side. I grove trekk oppfører det seg som eit heilt normalt actionspel i tredjeperson. Forskjellen er at fokuset på intens og ustoppeleg action er så konstant at det blir vanskeleg å finne ei direkte samanlikning. Du har potensielt fire våpen på kvar maskin, og du kan fyre av alle samtidig om du skulle ha koordinasjon til utnytte den sjansen skikkeleg.

Mest spanande er likevel kva som skjer når du trykkjer inn den venstre analogstikka. Som i dei fleste førstepersons-skytespel aukar dette farten, men der du spring i Call of Duty, susar du fram som ei pil i Front Mission Evolved. I staden for å traust vandre framover medan du skyt den eine fienden etter den andre, glir du langs bakken i eit vanvittig tempo som om du står på skøyter med jetmotor. Kjem du for nær ein fiende, eller ser rakettar kome mot deg har du eit ekstremt godt hjelpemiddel for å kunne halde deg trygg. Sjølv om visse fiendar i spelet daskar ut latterlege mengder skade, er det din eigen feil om det går så langt.

Resultatet er spenstige kampar som er forbløffande dynamiske. Du skyt fart framover, fyrer laus med dei massive mitraljøsene, og stupar bak ein fiende før du snur deg og sender fire rakettar i ryggen på han. Før han får snudd seg er du allereie på trygg avstand. Det blir som ein merkeleg dans der du med rytme og takt skiftar mellom å suse framover, og pepre fiendane fulle av bly.

Variert våpenutval
Variert våpenutval

Hjelp på lur

Sjølv om du susar som ein helt frå fiende til fiende er det ikkje til å unngå at Wanzeren din tek skade. På dette området har Double Helix sørgja for at ingenting skal stå i vegen for at du har det moro. Du finn forskjellige grøne boksar dandert rundt i dei store byområda demonivåa bydde på, og ved å plukke opp desse reparerer du automatisk ein solid prosent av maskineriet.

Likeeins finn du ammunisjonskassar rundt om kring. Dette kjem godt med sidan krutføringa i dette spelet er ekstremt høg, og det er lett å ende opp med å spy ut kuler der du held inn avtrekkarane medan mitraljøsene gjer sitt. Gjer du dette for lenge vil derimot våpna overopphete seg, noko som naturleg nok gjer deg veldig sårbar ei lita stund.

Haltande presentasjon

Korleis Front Mission Evolved vil utarte seg etter fleire timar er det umogleg å seie, men ein halvtimes tid bak spakane på Wanzer-robotane var nok til å gi ein markant meirsmak. Der Front Mission Evolved ikkje ser ut til å nå dei heilt store høgdene er gjennom dei små glimta eg fekk sjå av ei historie. Skodespelet framstod som platt og uinspirert, medan dramaturgien var på eit temmeleg amatørmessig nivå.

Det finnest mange Wanzer-variantar
Det finnest mange Wanzer-variantar

Grafikken var heller ikkje mykje å skryte av. Dette kan kanskje til dels tilreknast dei ikkje heilt godt kalibrerte skjermane på messegolvet (ein stygg tradisjon), men det er heilt tydeleg at spelet blir litt i overkant grått og einsformig. For det meste går det i svært rette og flate linjer, noko som sørgjer for at der kampane er ekstremt dynamiske, er områda dei utspelar seg i ganske statiske og lite minneverdige.

Dette kan sjølvsagt endre seg etter kvart som vi får sjå meir av spelet, men det viktigaste er trass alt underhaldningsverdien, og den ser ut til å vere svært god.

Front Mission Evolved blir lansert til Xbox 360, PlayStation 3 og PC i september.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen