Sniktitt

Ghost Trick: Phantom Detective

Døden varer ikkje evig

Av og til gjer det skikkeleg godt å sjå ditt eige lik i ein haug på bakken.

LOS ANGELES (Gamer.no): Ghost Trick: Phantom Detective kjem til å bli eit av dei mest respekterte og kritikarroste spela dette året. Eg kan garantere deg det. Det kjem samtidig til å bli ein publikumsfavoritt som sjølv om det kanskje ikkje flyg umiddelbart frå butikkhyllene, kjem til å byggje opp eit så godt rykte at salet vil akselerere med dramatisk tempo heilt til det ligg under nesten samtlege juletre på tampen av året.

Skjer ikkje dette er alt håp ute for folk, smak, og kunsten å verdsetje kreativitet omforma til rein og skjer kvalitet.

Godt jobba!

Fantomet

Du er daud. Det er slik det heile startar. Du ligg i ein ball på bakken og har nett fått ei kule i ryggen. Du er med andre ord stein daud, eller rettare sagt, kroppen din er daud. Sjela di, den er det derimot liv i. Utan at du eigentleg på noko tidspunkt får eit direkte val om kva du vil gjere med livet etter døden, får du prakka på deg ei heilt spesiell oppgåve. Du skal redde livet til ei jente som no står og ser inn i munningen på det same våpenet som nett tok livet av deg. Problemet ditt er at du ikkje har mykje tid å gjere dette på. Reagerer du ikkje raskt, vil jenta døy, og du endar opp som ein stor fiasko.

Skjønt, å vere eit spøkjelse har sine fordelar. Du kan til dømes stogge tida. Ingenting kan skje i den verkelege verda, og du har heller inga makt til å gjere noko når tida står stille, men du kan bruke all den tid du treng på å planleggje ditt neste trekk. Så lenge klokka sluttar å tikke kan du i tillegg flytte den vesle lysande ballen som i praksis er sjela di frå ein gjenstand til ein annan. Du kan berre flytte deg over korte distansar, og det er sjølvsagt her mykje av utfordringa kjem inn i biletet. Moroa kjem inn i biletet når du startar tida igjen.

Når tida går kan du velje å utføre eit triks med den gjenstanden du for tida har slått deg ned i. Dette kan vere så mangt. Det kan vere å slå opp ei dør, den kan vere å trille ein sykkel, eller det kan vere å flytte på eit matfat slik at ei kringle dett ned på bakken. Dette får i tur den hyperaktive hunden i rommet til å jage etter kringla, noko som til slutt får jenta på sofaen til å springe etter hunden for å få den stille. I det ho kryp under sofaen som òg er i rommet, kjem drapsmannen inn, finn ikkje jenta, og du har redda dagen.

Spelet er stappfullt av små gåter du må løyse ein etter ein for å kunne redde personen som er i faresona. Som eit fantom kan du spole tida tilbake fire minutt før personen du skal redde døydde, og i løpet av denne tida må du tenkje klokt, raskt, og effektivt. Det er eit spel som ikkje alltid er direkte moro, ikkje er uhyre engasjerande, men likevel er makelaust fascinerande og interessant. Sannsynlegvis va Ghost Trick det spelet eg hadde størst problem med å rive meg vekk frå under heile E3-messa.

Skjer dette har definitivt ikkje gjort jobben din

Fabelaktig humor

Ghost Trick handlar ikkje berre om gåter, det handlar òg om sjarme og humor. Historia i spelet, og måten du blir instruert i dine oppgåver, er uhyre godt gjennomført. Du blir møtt av sære personar fulle av slåande kommentarar, og du får veldig lett ei kjensle av at alt i dette spelet har karakter.

Ein kan til dømes ikkje snakke om Ghost Trick utan å snakke om den herlege hunden som dukkar opp i eitt av problema du må løyse. Den er død, men den er udelt positiv uansett kva som skulle kome til å skje, og han er så lojal mot eigaren sin at det nesten blir litt skummelt. Den er litt som om hunden i Fable II hadde hatt ei stemme og med stor entusiasme ropte «Kom an, kom an, det er ein skatt her, kom an, vi har funne gull! Å, berre ei gulrot... Ei gulrot! Ei fantastisk gulrot! Jippi!».

Spelet har samtidig ein svært gjennomført grafisk stil. Det heile skjer i to dimensjonar, men animasjonane er fabelaktige, og fører ein flyt og dynamikk til dei elles enkle figurane. Det meste av spelet skjer riktig nok på statiske skjermar, men når noko først skjer, er det verdt å sjå.

Spelet som stiller dei store spørsmåla
Les også
Anmeldelse:

Konklusjon

Om du har sansen for spel som vågar å gjere noko litt utanom det vanlege, vil du gjere ein stor feil om du overser Ghost Trick: Phantom Detective. Det er eit spel som ser ut til å by på ein flott grafisk stil, eit interessant univers, treffande humor, og ei lang rekke gåter som kjem til å utfordre dei små grå.

Ghost Trick er på mange måtar eit møtepunkt mellom gamle peik-og-klikk-spel og dei sære DS-spela berre japanarane ser ut til å vere i stand til å kome på. Er du klar for noko nytt, og ikkje seier nei til sjansen for å redde folk for ein gongs skuld, kan dette raskt bli spelet for deg.

Siste fra forsiden