Sniktitt

Halo: Combat Evolved Anniversary

Halo har hatt enorm innverknad på skytespel. No er originalspelet tilbake!

LOS ANGELES (Gamer.no): Eg hugsar det framleis. Det var sommar, det var 2002, og det var det offisielle Xbox-bladet frå Storbritannia. Med dette bladet frå himmelen kom Halo: Combat Evolved-demoen. I denne demoen kunne vi kose oss med brettet The Silent Cartographer, noko eg og min gode ven Thomas gjorde om igjen og om igjen inntil eg til slutt investerte i det fulle og heile spelet. Eit spel som fullstendig skulle snu opp ned på kva eg meinte om skytespel på konsoll, og i stor grad kva eg meinte om skytespel generelt.

Halo: Combat Evolved var noko heilt spesielt. Spelet var for si tid blendande vakkert, det hadde driv og rytme, og det hadde ein underhaldningsverdi som ikkje likna grisen. På ein delt skjerm tok vi oss gjennom dei forskjellige utfordringane gong på gong. Vi perfeksjonerte framgangsmåten, og når vi hadde behov for ei lita pause, tok vi livet av mangfaldige timar med å dytte granatar under ein Warthog for å få den til å fly langt.

Det var tider det, og det var mitt første møte med Halo.

Halo i oppusset utgåve.

Ti år seinare

No er det kanskje ikkje meir enn ni år sidan eg spelte Halo: Combat Evolved for første gong, men så skal ein ikkje heilt gløyme at Xbox ikkje kom til Noreg før på våren i 2002. Dette er likevel heilt irrelevant for kva vi no står ovanfor. Halo: Combat Evolved er tilbake i ny drakt, og dette kjem til å bli ein god test for å sjå kort godt spelet eigentleg har tålt dei hissige tennene til klokka som går.

Mi historie om The Silent Cartigrapher passar eigentleg godt, for det var akkurat dette nivået eg fekk presentert av to blide menn frå Microsofts Halo-studio 343 Industries. Alt er umiddelbart gjenkjenneleg. Frå den lysebrune stranda til steinane som ligg på land i det du kjem nærare ditt første møte med Covenant. Det er ei litt rar kjensle å sjå dette i ny drakt. Eg kjenner dette nivået som innsida av mi eiga lomme, og å sjå den i ein vakker 2011-versjon skapar eit ekstremt behov for å erfare nivået igjen.

Som ein skikkeleg nyversjon seg hør og bør har Halo: Combat Evolved fått seg eit solid ansiktsløft. Spelet nyttar no Halo: Reach-motoren til å skape bilete på nivå med akkurat den tittelen, og der landskapa før var nøgde med å by på enkle geometriske former og uskarpe teksturar som fortalte deg kvar graset slutta og sanden tok over, er det no fullt av små, fysiske objekt og detaljar som får verda til å kome til live. Ironisk nok er det ikkje alltid like lett å sjå forskjell når du sit der i keisarens nye drakt. Ein hugsar gjerne ting betre enn dei var, og det er lett å innbille seg at spelet ikkje har blitt så veldig mykje penare.

Det vil seie, det er ein tanke du sikkert kan få heilt til du ved eit knappetrykk kan skifte frå Reach-motoren til spelet nøyaktig slik det var på Xbox. Det er ganske slåande å sjå spelet skifte ham frå dei simple formene frå originalversjonen, til dei høgt detaljerte figurane i Anniversary-utgåva.

Som du ser var ikkje alt betre før.

To motorar i ein

Mange er nok redde for at ting ikkje vil vere dei same når ein no skal restaurere ein klassikar, men du har verkeleg ingen grunn til å uroe deg. Utviklarane av Anniversary-utgåva brukar den same koden som blei brukt i originalspelet, men dei har lagt Reach-motoren oppå for å vise grafikken. Med andre ord fungerer alt som før, det berre ser betre ut. Våpna fungerer på same måte som før (hallo, min ven Magnum), fiendane er dei same, og sist men ikkje minst, fysikken er den same. Du kan utføre så mange Warthog-hopp du berre vil, så det er berre å glede seg.

Det som kan sjå ut til å bli skåret i gleda er fleirspelarkomponenten. Du kan riktig nok samarbeide over nett eller delt skjerm, men om du vil kjempe mot andre har du uflaks. Anniversary kjem ikkje med ein eigen fleirspelarmodus, men nyttar i staden fleirspelarmodusen til Halo: Reach. Med andre ord blir det berre Reach-fleirspelar med kart modellert etter originalane frå Halo: Combat Evolved. Vi vil få sju kart henta frå klassikaren, og du kan eigentleg sjå på dei som ei Halo: Reach-kartpakke du får med på kjøpet om du skaffar deg Halo: Combat Evolved.

Grunnane til dette var ikkje 343-teamet så klare på, men det skulle ikkje overraske meg om det er enkle og finansielle grunnar som ligg bak. Microsoft vil halde Halo: Reach så aktivt som mogleg på nettet, og å konkurrere med seg sjølv om spelarar er ikkje gunstig. Ein skal likevel ikkje kaste ut alt håp om å duellere med Magnum-pistolar. Utviklarane gav uklare svar på spørsmål om det er mogleg å spele det over LAN, og kom ikkje med noko meir handfast enn at dei ikkje kunne svare på dette akkurat no.

Les også
Anmeldelse:

Konklusjon

Halo: Combat Evolved er utan tvil det viktigaste spelet i Microsoft si konsoll-historie. Det var spelet som verkeleg sørgja for at Xbox var ei maskin du måtte ha, og det var spelet som starta ein enormt populær serie som har blitt stor nok til å danne eit eige utviklarstudio.

Kjenner du deg igjen?

Naturleg nok har dei ikkje våga å røre innmaten i spelet. Det du får vil vere akkurat det du spelte for mange år sidan, men det ser betre ut. Heile spelet har løfta seg opp til Halo: Reach-nivå, og det skal bli veldig artig å atter ein gong benke seg ned i sofaen for å spele gjennom fantastiske opplevingar som Truth and Reconciliation saman med ein ven, eller over Xbox Live om du ikkje toler andre si kroppslukt.

Diverre kjem det ein nedtur i form av at fleirspelarmodusen har blitt redusert til nokre nye kart for Halo: Reach. Dei ser kanskje ut som ein sminka versjon av seg sjølv, men det vil bli noko heilt anna å spele dei, med jetpack og utan pistol.

Om alt du er på jakt etter er kampanjen har du derimot ingenting å frykte, og kan berre glede deg til 15. november. Da blir spelet lansert, nøyaktig ti år etter det for første gong angreip butikkhyllene i USA.

Klarer ikke laste video

Siste fra forsiden