Sniktitt Hunted: The Demon's Forge

Mann + kvinne = død

Dette blir litt som Gears of War med piler, sverd og magi.

LOS ANGELES (Gamer.no): Stopp meg om du dreg kjensel på desse figurane: Den lettkledde dama som utan problem kunne ha glidd inn i ein pornoversjon av Ringenes Herre, spring rundt med pil og boge og leikar seg med magi. Makkeren hennar er ein bamse med musklar på storleik med kanonkuler som ser på det som sitt kall å halde blodtørstige fiendar godt unna den feminine delen av duoen.

Ei dame med tatoveringar og ein massiv boge er ein sikker vinnar.
Ei dame med tatoveringar og ein massiv boge er ein sikker vinnar.

Det høyrest litt kjent ut ja? Litt stereotypisk kanskje? Godt, det er faktisk meininga denne gongen. Hunted: The Demon's Forge er eit spel som satsar på å sprøyte nytt liv inn i den gamle «dungeon crawl»-sjangeren, med alt det bringer med seg. Altså, spel der du spring rundt i stort sett mørke område og drep fiende etter fiende med våpen som satsar meir på form over funksjon.

For å gjere noko slikt skikkeleg er det fleire element som rett og slett vere med. På same måte som det ikkje går an å høyre på Billie Jean av Michael Jackson utan eit godt grep om dei edlare delar, og ein improvisert Moonwalk som ender med knall og fall ned ei trapp, er det ikkje lov å lage ein hyllest til gamle hakk-og-slå-spel utan ei halvnaken dame med boge. Det er ei naturlov, finn deg i det!

Samarbeid på høgt nivå

Hunted: The Demon's Forge er bygd opp rundt samarbeid mellom dei to hovudpersonane Elara og Caddoc. Caddoc er den mmuskuløse machomannen, medan Elara er den slanke dama med eit eksemplarisk frontparti. Dei kan klare seg aleine mot utyska dei møter, men det er når dei står saman mot fiendane at spelet viser kva det har å by på.

Kven du vel å spele som vil fullstendig endre korleis du spelar. Elara er som henta ut av eit moderne skytespel der ho kastar seg bak ei søyle før du stikke hovudet fram og skyt piler mot fiendane med solid presisjon. Ho er auga i nakken på Caddoc, og sørgjer for at han ikkje møter nokre stygge overraskingar på sin veg mot neste kamp. Caddoc på si side er stridsvogna som trekk alle fiendar mot seg, og i likskap med Conan er han nok fødd på slagmarka. Han er ein person bygd opp for å storme inn utan omtanke for eigen tryggleik, og dette er strengt tatt ganske frigjerande i ei verd der den viktigaste funksjonen du ofte har kjem via ein stor stein å gøyme seg bak.

Ein påminnar om at nokon alltid er større enn deg.
Ein påminnar om at nokon alltid er større enn deg.

Både Caddoc og Elara kan bruke alle former for angrep, om det så er magi, handvåpen eller bogar. Dei har derimot sine spesialområde, og Caddoc vil til dømes ikkje ta i ei pil med mindre han må. Når det kjem til magi er dei like sterke, man har vidt forskjellige former av trolldomstriks å velje mellom. Når han er omringa av fiendar kan han til dømes kaste alle fiendane opp i lufta, før Elara brukar bogen til å plukke dei ned ein etter ein. Dette kan ho gjere raskt og upresist, eller du kan halde inne skyteknappen for å sørgje for at pila landar der du vil ha den.

Alternativt kan Elara skyte ispiler på fiendane før Caddoc slår stakkarane til isbitar. Sjølv om eg ikkje fekk leike meg med så mykje meir enn desse to magiformene, blei eg lova at spelet vil innehalde mange fleire. Det er likevel heilt tydeleg at berre med desse to formene for magi, er det mogleg å utvikle mange strategiar for å handtere fiendane. Du kan springe fram med eit brøl og gje blanke i makkeren din, men dette er noko som lett kan motarbeide dykk begge. Å samarbeide er ikkje berre meir effektivt, det er meir engasjerande òg sidan ein umiddelbart ser resultatet av innsatsen.

Ei hjelpande hand

Samarbeid er viktig på alle punkt i Hunted: The Demon's Forge, men i motsetning til mange andre actionspel vil ikkje Elara og Caddoc alltid springe side om side. I mange situasjonar vil dei vere ganske langt frå kvarandre, og må sjå seg nøydt til å bruke sine spesifikke eigenskapar for å hjelpe kvarandre. Dei to heltane kan til dømes bruke magi på kvarandre for å få sterkare våpen. Eventuelt kan ein bruke magi for å eliminere ein helt sine svake sider. Elara er til dømes ikkje den beste med sverd, men om Caddoc kastar litt magi på ho, kan ho kome seg ut av kinkige situasjonar lettare. Skulle ho likevel bli hardt skada kan Caddoc kaste ein helsedrikk på ho, sjølv om han er langt unna.

Var det nokon som sa «Crom»?
Var det nokon som sa «Crom»?

Sidan Elara og Caddoc er så grunnleggjande forskjellige at dei lett kunne ha vore frå to vidt forskjellige spel, er det klart at det kanskje vil bli litt knuffing blant spelarane om kven som spelar kven. Om ein skulle ynskje, kan spelarane difor byte helt ved kvart sjekkpunkt, noko som burde ordne alle potensielle konfliktar ganske lett.

Konklusjon

Hunted: The Demon's Forge er ei samling av velkjende element i ei litt utradisjonell pakke. Vi får eit skytespel blanda med eit hakk-og-slå-spel av den gamle sorten, og resultatet ser ut til å bli ei svært interessant samarbeidsoppleving. Spelet er designa for to spelarar, og dette er noko ein merkar umiddelbart. Å koordinere dei to heltane mellom spelarane byr ikkje berre på meir effektiv monsterslakt, men samtidig stor underhaldning når ein verkeleg får til noko tøft.

Du vil kanskje ikkje finne det mest sjarmerande karakterdesignet i dette spelet, og av det eg har sett hadde det ikkje gjort noko med ein litt større fargepalett. Kva ein skulle meine om dette blir likevel raskt irrelevant når ein har det skikkeleg moro. Om samarbeidsmodusen held fram det den starta i Bethesda-båsen på E3, er dette ein tittel alle action- og eventyrfans bør halde eit vakent auge med.

Hunted: The Demon's Forge kjem i sal fyrste kvartal 2011, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen