Sniktitt

Kirby's Epic Yarn

Trådlaus moro?

Den rosa ballen Kirby er tilbake framfor TV-skjermen, etter ti år på Bahamas.

KÖLN (Gamer.no): Dette er det penaste spelet som er laga nokon gong. Eg bryr meg ikkje om kva du skulle meine om saka. Eg har rett. I staden for å gjere det alle skulle tru Nintendo ville gjere, har utviklarane bak Kirby's Epic Yarn gjort noko heilt utenkjeleg. Dei har laga eit spel av tråd og stoff. Bakgrunnane er av filt sydd saman med tjukke trådar. Ein knapp held eit tårn ståande, nokre saumar held skyene på plass, medan fiendane er laga av små garnstykke limt til bakgrunnen med det som heilt sikkert er trelim på oransje tube.

Det gir ikkje heilt meining, men så snart ein plukkar opp Wiimoten og kastar seg ut i Kirby's nye eventyr er det heilt tydeleg at sjølv om den grafiske stilen er endra, er det framleis hemningslaus speleglede som står i sentrum.

Noko slikt har du garantert ikkje sett før

Pink power!

Ser ein bort frå det visuelle er det absolutt ingenting nytt å spore i Kirby's Epic Yarn. Dette er eit av dei tilfella der eg må spørje deg om du har spelt eit klassisk plattformspel før. Ikkje berre Kirby, men litt Super Mario og Donkey Kong, samt eit mylder av andre spel frå nesten 20 år tilbake i tid. Svaret ditt er ganske sannsynleg eit godkjennande nikk, og med det veit du nøyaktig kva du får.

Kirby er seg sjølv like. Han er framleis ein rosa ball, og han spring stort sett mot høgre. Han stoggar her og der, men helst for å slå ein fiende med sin svært lange arm, hoppe på ei kasse, eller klatre i eit tårn. Skal du springe fort blir han om til ein bil, og om du dukkar under vatn blir han ein ubåt. Det heile er så erketypisk at det er vanskeleg å finne ein fengjande måte å beskrive det på. Likevel er det moro. Det er noko med ein kjend og kjær formel som berre ikkje kan feile. Dette er eit plattformeventyr på klassisk vis, og du merkar det i kvar einaste vesle tråd Kirby si verd er sydd saman av.

Sjølv om du både har sett og gjort alt dette før, er det visse nye element, sett frå Kirby sitt perspektiv i alle fall. Denne gongen slår han til dømes fiendane med ein veldig lang arm. Den er faktisk så lang at det er direkte vanskeleg å ta skade. Spelet er uhyre lett, og vil sannsynlegvis ikkje by på merkbare utfordringar for dei minste ein gong.

Det er likevel moro, og trass den banale vanskegrada får du ei kjensle av progresjon.

Kirbytank i frammarsj

Skjulte skattar

Kirby's Epic Yarn underheld ikkje mest når du daskar fiendar. Det er jakta på alt det du ikkje ser med det nakne auge som verkeleg byggjer opp engasjementet. Som du sikkert no har fått med deg ser heile spelet ut som om det er laga av stoff og tråd, og dette er noko som har direkte innverknad på kva du gjer i spelet.

Ser du ein knapp kan du ta tak i den for å dra den ut. Dette vil dra tilbake eit stykke med stoff som kanskje skjulte ei kiste eller nokre krystallar. Alle elskar skinande gåver, så vi blir glade og traskar vidare. Framfor deg ser du kanskje ein glidelås. Opnar du den endrar du kanskje ein stor del av nivået. Vi likar å finne skjulte ting, så vi blir glade og traskar vidare. Nye vegar, nye skattar, og nye stadar å gå dukkar opp heile tida, og du blir konstant fora med premiar for den minste ting.

Dette høyrest kanskje ut som alt for mykje for veldig liten innsats, men det er ikkje alle som spelar spel for å få ei hard utfordring. Det finnest nok av dei som spelar berre for å ha det moro, og dette spelet kan lett bli midt i blinken for dei. Du set deg så godt som aldri fast, du kjem deg alltid vidare, og du har det heile tida moro.

Av og til dukkar det likevel opp ei utfordring. I Gamescom-demoen kom eg til dømes til eit nivå der Kirby blei omforma til ei enorm, rund stridsvogn. Målsetjinga var såre enkel. På bakken og flygande gjennom lufta kom eit mylder av fiendar som kasta rakettar mot Kirby. Ved å vippe wiimoten roterte eg kva vinkel Kirby skaut i, slik at eg kunne ta ned alle fiendane. Det var ikkje ei beinhard utfordring, men det var nok til at ein føler seg litt tøff når det heile er over.

Les også
Anmeldelse:
Det er nok av hopping for dei trengande

Konklusjon

Kirby's Epic Yarn kjem ikkje til å setje fyr på plattformverda, men det kjem garantert til å få store og små til å smile. Det er slik enkel moro som er fornøyeleg utan å på noko tidspunkt bli keisam eller for vanskeleg. Er du på jakt etter sterke utfordringar i Kirby-spela dine kjem du nok til å bli ekstremt skuffa, men om dette ikkje er det viktigaste, finnest det lite å klage på.

Det nye eventyret til Kirby er eit kompetent stykke plattformeventyr, og den fantastiske presentasjonen gjer det til noko du berre må sjå for å forstå. Det er som å brått spole tida fleirfaldige år tilbake til då du som liten pjokk sat og laga rare bilete med hender fulle av lim. Kven veit, kanskje kjem Kirby's Epic Yarn til å starte ein renessanse for filt, lim og tråd i barnehagane verda over?

Siste fra forsiden