Sniktitt

Knights Contract

Ein valdeleg duo

Møt ein uovervinneleg krigar og ei skjør heks i kampen mot galskap.

KÖLN (Gamer.no): Nokon har spelt Bayonetta. Eg seier ikkje kven, men nokon har definitivt lete seg inspirere. Ikkje at det er noko gale med inspirasjon. Bayonetta i seg sjølv var ikkje direkte originalt, det vare berre ekstremt gjennomført. Gjennomført og ganske sært, men like fullt, det var knall underhaldning.

Knights Contract er på si side eit ganske anna beist enn ei to meter høg dame i stiletthælar. I staden for ei arrogant sexbombe, møter vi ein svær og breiskuldra kar med det klengjande namnet Heinrich. Den kvithåra kjempa er ein tidlegare bøddel som no finn seg sjølv i ein situasjon der han må passe på heksa Gretchen. Du kan kalle det heile ein litt ukomfortabel kombo, men det ser absolutt ut til at dei to heltane får samarbeidet til å fungere.

Ein mann for sin ljå

Gamle legender

I det som eigentleg er eit ganske vanleg grep frå ein japansk utviklar har Game Republic valt å hente inspirasjon frå Europa. I dette tilfellet snakkar vi om legenda om Dr. Faust. Vi kan vel ikkje rekne med at utviklarane vil følgje historia for nøye, men den ser absolutt ut til å vere eit godt bakgrunnsteppe for eit solid stykke action.

Knights Contract finn stad i Tyskland ein gong i middelalderen. Sjølv om det til ei kvar tid er to personar i spelet, vil du berre styre Heinrich, og du kan ikkje invitere ein ven med på moroa. Grunnen til dette er ganske enkelt. Heinrich og Gretchen fungerer praktisk talt som ein karakter. Med Heinrich kan du daske rundt deg med ein enorm ljå, og via ei rekke kommandoar kan du beordre Gretchen til å fyre laus med spenstig magi.

Det er sistnemnde som får meg til å tenkje at nokon har spelt Bayonetta. Det er noko med magien her som vekkjer den same naive ekstasen ein får når ein ser Bayonetta sitt hår bli om til ein enorm fot som knuser all motstand. Knights Contract byr ikkje på den same galskapen, men det er likevel svært lett å bli engasjert av det ein ser. Tilsynelatande enkle kommandoar får piggete tentaklar til å fyke opp frå jorda for å gje ein blodtørstig fiende ein saftig klem. Når Heinrich etter tur kan setje i gong med å hamre laus på krapylet er det svært vanskeleg å unngå kribling i fingrane.

Du er likevel ikkje nøydt til å kontrollere kvar minste rørsle frå Gretchen. Som standard blir ho styrt av ein tilsynelatande kløktig kunstig intelligens, men det hender likevel at du må trå til og vise deg som den kjempesterke mannen du er.

Mmmm... tentaklar!

Spring for livet

I det som sikkert kjem til å bli eit av spelets høgdepunkt blir Heinrich og Gretchen jaga gjennom mørke gater av ei pervertert salamander så motbydeleg og utanfor alle biologiens lover at det berre kunne ha blitt skapt i Japan. Med Gretchen i armane sine blir det din jobb å sørgje for at ho ikkje kjem til skade. Dette er samtidig eit godt døme på dynamikken mellom dei to. Heinrich er ein av desse personane som ikkje kan døy, og som i andre historier med liknande utgangspunkt, tvingar dette på han eit stort ansvar.

I Knights Contract blir det å forsvare Gretchen. Dette er eit tema som ser ut til å gå igjen i fleire komande spel, men akkurat her får det litt ekstra slagkraft sidan spelet ser ut til å satse på reinspikka action i langt større grad enn utforsking og eventyr. Som ein fysisk svak person med kraftig magi blir Gretchen det perfekte motstykket til Heinrich. Det er hennar livslinje du ser på toppen av skjermen, og om den kjem nær null må du bere ho resten av vegen.

I flukta frå beistet er det med andre ord ikkje ditt eige liv som står på spel, det er hennar liv. Når den ville jakta er over må du setje Gretchen frå deg på ein relativ trygg plass slik at du kan gå til frontalangrep på monsteret. Dette er samtidig ein gyllen sjansen for å bruke Gretchen som eit ideelt våpen frå avstand. Du sørgjer for å halde monsteret i sjakk medan du brukar Gretchen for å finne ut kva magi beistet er svak mot, for alle sjefar er sårbare mot ein magi. I dette tilfellet må Gretchen nagle beistet til bakken slik at Heinrich kan hamre laus til blodet sprutar og skapningen gradvis viser større teikn på ein nært føreståande død.

Ser ikkje ut til at ho klagar på situasjonen...
Les også
Anmeldelse:

Visuell variasjon

Dei forskjellige beista vi møter i sjefskampane i spelet ser definitivt ut til å vere noko som kan få deg til å sperre opp auga. Dei kjem i forskjellige storleikar, men av det eg har sett er dei presenterte med så god design og animasjon at du praktisk talt gløymer at du ser på ein skjerm, og blir dratt inn i verda. Salamander-beistet er berre ein, eit anna døme er ein massiv hest med to hovud og vogn som spring gjennom lufta og angrip frå avstand.

Knights Contract er likevel ikkje blant dei lekraste perlene i horisonten, men det hindrar likevel ikkje spelet frå å ha ein visuell stil som er meir interessant enn brorparten. Dette er ei fantasyverd sett til tysk middelalder, men det skil seg ganske hardt ut frå mange andre spel med liknande tema.

Gjennom lyssettinga og ein kreativ bruk av fargar byggjer utviklarane opp ei verd som ser både realistisk og fantastisk ut samtidig. Designet er kreativt og organisk, noko som får til dømes ein gammal landsby til å kome til live på ein svært god måte. Samtidig ser spelet ut til å by på solid variasjon der Heinrich og Gretchen vil leggje ut på ei lengre reise for å oppnå sitt endelege mål.

Konklusjon

Enslaved: Journey to the West, Majin and the Forsaken Kingdom og NeverDead er alle spel som gjer mykje av dei same tinga som Knights Contract set ut for å gjere. Alle desse spela har eit sterkt konsept til felles: Dei har meir enn ein hovudperson. Samarbeid mellom desse hovudpersonane er viktig, samtidig som ingen av dei ser ut til å tillate samarbeid mellom to forskjellige spelarar.

...Men ho veit å ta i eit tak.

Det er ein interessant trend som ser ut til å kunne by på mange gode opplevingar. I Knights Contract sitt tilfelle er det svært stort fokus på kampar i storslagen skala, og det i ei setting som bør slå an hos alle som set pris på ei solid fantasyverd med mange merkelege skapningar. Korleis det vil fungere i praksis å regelrett ha kontroll over to personar samtidig får vi ikkje svar på før spelet kjem i sal til våren, men det eg har sett ser både engasjerande, unikt og velkjent ut på ei og same tid.

Siste fra forsiden