Sniktitt

Lightning Returns: Final Fantasy XIII

Den store testen på om alle gode ting er tre.

LONDON (Gamer.no): Final Fantasy XIII og oppfølgjaren Final Fantasy XIII-2 har splitta fansen av den mangeårige rollespelserien til Square Enix. Kvart nye spel i denne serien har det med å få både kritikk og ros av folk som meiner dette enten er det beste eller det verste serien har sett. Gapet mellom dei to frontane har likevel aldri vore like tydeleg som no. Final Fantasy XIII fekk mykje kritikk for å vere for lineært og stramt i lininga, og med Final Fantasy XIII-2 prøvde Square Enix å gjere det stikk motsette ved å opne opp spelet og la folk gå fram som dei ville til ei viss grad.

Square Enix kallar det heile Lightning-sagaen, etter hovudpersonen som var midtpunktet i Final Fantasy XIII, men var ein meir tilbakelent figur i oppfølgjaren. I Lightning Returns: Final Fantasy XIII handlar derimot alt om ho. Ho er den einaste figuren du direkte får kontroll over, og dette byr på mange endringar for kampsystemet som har markert dei tidlegare spela i Final Fantasy XIII-serien.

Umiddelbar action

I demoen eg har fått bryne meg på hadde Lightning eitt mål; Snow. Ja, den sjølvgode kjekkasen er tilbake, men lang tid har gått sidan Final Fantasy XIII-2, og dette er ein heilt annan Snow enn den vi kjenner frå før. Borte er positiviteten og trua på seg sjølv og heltedådar, tilbake sit ein langt meir dyster og svartkledd person som av så langt ukjende grunnar har enda opp som fienden til Lightning.

Det eg fek bryne meg på kan i korte trekk skildrast som ei jakt. Eg måtte springe gjennom gangar og rom medan eg kutta meg gjennom nokre fiendar. Lightning Returns blir skildra som eit ope spel der du vil måtte spele gjennom kalaset meir enn ein gong for å få med deg alt, men akkurat dette fekk eg diverre ikkje erfare i løpet av tida eg fekk med spelet.

I staden var springing gjennom rom og korridorar, noko som ikkje burde vere nytt for dei som har spelt Final Fantasy før. Eit nytt element er derimot at Lightning no kan sprinte for å kome seg enda raskare fram, og det ser ikkje ut til å vere noko avgrensing på kor mykje du kan gjere dette. Samtidig kan Lightning klatre opp stigar og andre ting, noko som gjorde jakta til ei uhyre kjapp og engasjerande affære. /p>

Sjølv om eg fekk sjå bitar av navigasjon gjennom dei ulike område spelet vil by på var det kamp som var hovudfokuset, og her har det skjedd mykje.

Garderobestrategi

Om du har spelt Final Fantasy X-2 vil du raskt kjenne igjen nokre svært essensielle element i kampsystemet i Lightning Returns. Paradigmesystemet frå Final Fantasy XIII og XIII-2 har fått seg ei solid overhaling, og der du tidlegare skifta paradigme for å byte ut roller dei tre personane i gruppa di skulle ha, vil du no på ein mykje meir lettvindt måte bla gjennom tre oppsett ved å trykkje på ryggknappane. Dette skiftar ikkje berre rolla til Lightning, men òg kva ho går kledd i, akkurat som i Final Fantasy X-2.

Dette har si naturlege forklaring: Utstyret til Lightning endrar kva eigenskapar ho har. Forskjellige våpen og klesplagg er fullt synlege, samtidig som dei gir nye eigenskapar.

Konsekvensen av dette systemet er at alle menyar er borte frå kampsystemet, og dei automatiske angrepa er borte. I staden vil du finne tre ulike angrep og eit forsvar dandert over dei fire knappane på høgre side av kontrollaren, og dei kan vere både fysiske og magiske av natur.

ATB-linja er framleis på plass, og kvart angrep du brukar vil tømme ein sum frå denne linja avhengig av kor kraftig angrepet er. Går ATB-linja tom kan du berre byte til ei anna klesdrakt for å halde fram, og dette vil gradvis fylle opp ATB-linjene på alle oppsett som ikkje er i bruk.

Gamle element på ny

Tempo var aldri eit problem for Final Fantasy XIII-kampane, men det er langt høgre i Lightning Returns likevel. Du kan hamre laus angrep så kjapt du er i stand til å trykkje på knappane, og om du finn dei svake punkta til fiendane kan du sende dei inn i Stagger-modus slik at dei blir enda meir sårbare. Alle fiendar har svake punkt, og etter sigande vil det å eksperimentere med kva fiendar er sterke og svake mot bli ein viktig del av spelet.

Når du utnyttar svake sider og sender fiendane inn i Stagger-modus kjem enda eit nytt element inn i spel. Den nye Overstrike-modusen sakkar ned fiendane, og let deg fyre laus angrep i eit høgare tempo enn elles. Dette er spesielt nytting når du har sendt fiendane ut i Stagger-modus – samt i kamp mot veldig sterke fiendar – men det finnest ei grense for kor ofte du kan bruke Overstrike, og det er definitivt best å tenkje over når det passar seg å bruke den.

Som du kanskje kan lukte allereie er den generelle kjensla over kampsystemet i Lightning Returns svært lik det originale systemet frå Final Fantasy XIII og XIII-2. Det er ingen revolusjon Square Enix har sett i gong med Lightning sitt solospel, men heller det som ser ut til å bli ein actionfokusert evolusjon.

Konklusjon

Lightning Returns: Final Fantasy XIII ser så langt ut til å innfri fleire krav. Det ser bra ut, musikken held fram i det same stemningsfulle lydbiletet som dei føregande spela, og kampsystemet ser så langt ut til å kunne by på mykje moro. Direkte kontroll over Lightning gir ein ny dimensjon til serien, sjølv om det heile utan tvil framleis er veldig velkjent for Final Fantasy-kjennarar.

Mange store spørsmål står likevel igjen. Kan Square Enix til dømes utvikle historia i ei retning som gir meining? Final Fantasy XIII-2 var eit svært underhaldande spel, men historia var så banal og forvirrande at dei få sterke punkta drukna og forsvann raskt.

Dei første inntrykka frå spelet har i alle fall vore positive. Lightning verkar litt meir som seg sjølv denne gongen, og ho har ein agressivitet i dialogen som er kjærkome etter dei noko pompøse strofene hennar i Final Fantasy XIII-2. Om Square Enix styrer skuta inn på røtt kjøl, kan dette kan bli riktig så solide greier.

Lighting Returns: Final Fantasy XIII kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 14. februar 2014. Vi opplevde spelet i London, og turen dit ble betalt av Square Enix.

Les også: Final Fantasy X-duo kjem til PS3 og Vita
Les også: Anmelding av Final Fantasy XIII-2

Lightning Returns: Final Fantasy XIII-trailer.

Kommentarer (10)

Forsiden akkurat nå

Til toppen