Sniktitt

Lords of the Fallen

Vi har sett spelet som er inspirert av supervanskelige Dark Souls.

LOS ANGELES (Gamer.no): Etter From Softwares suksess med dei blodig vanskelege spela Demon's Souls og Dark Souls var det berre eit spørsmål om tid før nokon fekk lyst til å gjere noko liknande. Ein kan ikke trekkje direkte samanligninger mellom Dark Souls og Lords of the Fallen, men inspirasjonen er tydelig. Her er det store, mørke borger og utfordrande fiendar som dukkar opp ein og ein.

Du skal vere varsam med kvar du set føta dine om du ikkje vil ha dei kappa av.
Du skal vere varsam med kvar du set føta dine om du ikkje vil ha dei kappa av.

Spelet kjem frå det tyske utviklarstudioet Deck 13 og The Witcher 2-produsenten Tomasz Gop. I så måte skulle ein tru at i alle fall nokon på laget definitivt veit kva dei driv med, og det eg har fått sett av spelet har ikkje gjort noko for å endre den tankegangen. Lords of the Fallen ser ikkje berre ut til å bli eit slåande vakkert spel, dette kan bli eit spanande og utfordrande rollespel – midt i blinken for fans av både The Witcher og Dark Souls.

Tradisjonen tru

Natta er mørk og full av farar, seier dei. Visst er det natt, men med månen hengjande tung på himmelen får vi i det minste litt hjelp til å sjå kvar vi går. Det einaste riktige å gjere ein mørk kveld som denne er å rusle inn i eit svært slott, og det er nettopp det målet vårt er denne dagen. Dørene knirkar opp, og brått står vi i ein massiv hall framfor ei lang trapp. Lyset frå månen sig inn og kastar sine mørke skuggar rundt oss. Vi veit det er noko stygt her inne, det seier seg sjølv. Første steg blir planta i bakken.

Vel oppe ved toppen av trappa høyrest lyden av ein fysak som vil oss vondt, og produsent Tomasz Gop bryt ut:

– Lords of the Fallen er eit taktisk spel. Du kan hamre laus på knappane om du vil, men då skjer dette:

Han demonstrerer ved å trykkje vilt, medan krigaren på skjermen daskar laus på den høge og mørke skapningen som brutalt glei ut av mørkret. Eit par sekund seinare flyg han ned trappa vi nett klatra opp.

– Død er ikkje eit nederlag, det er ein viktig del av læringsprosssen, humrar han.

Denne gong går Gop hardare til verks. Han sirklar rundt fienden. Dreg han med seg til eit større område der vi har meir spelerom, held seg i bakgrunnen, og ventar.

– Sjå no. Fienden angrip i mønster, og om du angrip no risikerer du å døy. Det er betre å vente på ei opning, seier han før han kastar seg mot beistet.

Etter at fienden har virvla med sverdet fleire gongar i noko som mest minnar om ein ballettpiruett med store sverd, stoggar fienden og Gop høgg til. Eitt slag og tilbake. Igjen. Eitt slag og tilbake. Slik held han på til fienden omsider søkk saman, og slaget er vunne.

Det er tydeleg at dette ikkje er eit spel der du skal drepe mest mogleg for å byggje deg opp. Der fiendane i mange spel er ein ressurs på veg mot målet, er dei heile målet i Lords of the Fallen. Det er dette du er her for, og då kan utviklarane like godt gjere det moro.

Eit lite David og Goliat-augneblink.
Eit lite David og Goliat-augneblink.

Ein etter ein

Etter kampen mot den mørke krigaren viser produsenten ivrig korleis det store lokalet vi er i ser ut. Det er nydeleg. Fri frå klammene førre generasjon til og med la på PC-spel, sidan dei fleste spel blir skrudde i retning konsollar, kan utviklarane tyne ut det dei kan.

– Sjå der, der ligg noko og lyser. Det er ein av mange hemmelege ting vi har lagt inn i spelet. Du får ikkje tak i den no, men seinare når du har blitt sterkare og fått nye eigenskapar kan du plukke den opp.

Eg registrerer kva han seier, men auga mine er meir opptekne med å studere den fantastiske lyssetjinga i spelet. Den har ein mjuk kvalitet over seg som trass i at eg har sett meir avanserte spel for neste generasjon, gjer Lords of the Fallen til noko heilt spesielt.

Vi blir tatt vidare. I eit nytt rom dekt med steinblokker og vimplar i dunkle fargar byrjar noko å skje. Partiklar samlar seg og herjar i lufta omlag som lauv i ein virvelvind.

– Meir kraft tillet oss å bruke partiklar, og det du ser no er ein «Fallen». Dei er sjefane i spelet, og dei må hoppa mellom dimensjonar for å nå oss. Når dei entrar vår dimensjon skjer det først gjennom samlinga av partiklar, og dette fortel spelaren at han må gjere seg klar.

Som sagt, så gjort, og før vi veit ordet av det hiv Gop seg ut i ein ny kamp. Dei same reglane gjer seg gjeldande, og produsenten dansar fram og tilbake medan han sakte, men sikkert spikkar laus på helselinja til sjefen.

– Når vi har skada han nok går han inn i ein ny fase, og det kan du sjå på våpenet hans som byrjar å lyse, fortel Gop i det krigaren hans blir mottakaren av eit stygt slag som sender han i bakken.

Det er ikkje noko overveldande originalt over framgangsmåten, men den ser både intens og velgjort ut. Som med mange andre spel går kvar sjef gjennom fleire fasar der han blir stadig villare og meir aggressiv før han til slutt søkk saman og kampen er over.

Spillskaparen hentar fram ein helsedrikk og held seg på trygg avstand medan han drikk. Dette er ikkje eit spel der du berre kan trykkje på ein knapp for å få opp helsa, her må du gjennom heile animasjonen. Enda eit moment som byr på utfordring.

Du vil helst ikkje hamne i vegen for dette sverdet.
Du vil helst ikkje hamne i vegen for dette sverdet.

Restriktiv fridom

Etter dei første kampane tek Gop oss med utandørs. Han vandrar langs murar som gjev oss ein sjanse til å studere den lekre utsikta. I det fjerne ser vi massive fjell og strålar som bryt gjennom det tunge skydekket. Undervegs endar hamnar han i kamp mot eit par fiendar i ulike storleikar og fassongar. Ein av dei gjev han litt trøbbel ei stund sidan produsentens karakter ikkje har eit tydeleg forsvar mot piler. På eitt punkt blir han tydeleg overraska over ein ekstra fiende som brått hoppar inn i kampen.

– Oi, han har høyrt meg nedanfrå og kom for å ta meg, bryt han ut.

Det er tydeleg at Tomasz Gop og Deck 13 satsar på ei grad av fridom utan å la deg gå heilt vill. Spelet følgjer ein ganske lineær natur der du blant anna nyttar strategisk plasserte lagringspunkt, men du vil i tillegg vere fri til å gå tilbake til område du har vitja før.

Som med andre rollespel byr Lords of the Fallen sjølvsagt på litt valfridom og eit robust progresjonssystem. Så frykteleg mange detaljar har eg ikkje fått om denne biten, men ved starten av spelet får du velje mellom tre ulike klassar. Du kan spele som ein kraftig krigar, ein lettbeint rogue, eller ein standhaftig cleric. Desse tre rollene vil fundamentalt endre korleis du spelar spelet, men du vil likevel stå rimeleg fritt til å forme din eigen veg. Når du går opp i erfaringsnivå og skal fordele poeng gjer du det via eit tredelt eigenskapstre som kan minne litt om Borderlands.

Samtidig vil dei ulike våpna du utrustar deg med ende kva angrep og eigenskapar du har tilgang på. Styrkene til karakteren din vil i tur forbetre kraften våpna byr på, og på denne måten kan du forme fram ein krigar etter dine eigne ynskje. Eg fekk berre sett roguen, men berre frå den presentasjonen var det lett å sjå at han aleine hadde mange ulike knep dei andre ikkje har. Blant anna kan han bli ett med skuggane slik at han kan ta kraftige bakhaldsangrep på fiendane, medan dei andre klassane vil by på sine heilt eigne triks.

Konklusjon

Er du på jakt etter eit utfordrande og stemningsfullt rollespel med taktiske kampar ser Lords of the Fallen ut til å bli eit spel du bør halde eit solid auge med. Det er ikkje berre eit uhyre lekkert spel med glimrande visuell design, men eit spel der du må tenkje nøye over korleis du går fram.

Her nyttar det ikkje å hamre las på fiendane, i staden må du handtere kvar og ein av dei som om den kunne blitt din siste. Fiendane er aggressive og farlege, og krev at du observerer dei nøye før du går til angrep. Utviklarane lovar at spelet vil bli stort og med mykje fridom, sjølv om det vi fekk sjå berre var eit lineært utdrag frå ei enkelt borg. Berre i den blei vi likevel lova at det var fleire måtar å gå fram på.

Det aller mest overbevisande er uansett kampane som tek litt inspirasjon frå Dark Souls, men presenterer det heile med ein smakfull europeisk vri.

Les også: Sniktitt på The Witcher 3: Wild Hunt
Les også: – Dragon Age: Inquisition er et splitter nytt kapittel

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen