Sniktitt

Magicka: Wizard Wars

Banke ein magikar sa du? Stig på, stig på.

Paradox har ikkje stilt opp med skjermbilete frå denne tittelen, så vi måtte lage dei sjølve.

Det er ikkje så farleg om du aldri fekk med deg Magicka. Med Wizard Wars er Paradox svært sugne på å gi deg ein ny sjanse. Ikkje at Wizard Wars på nokon måte er ein direkte oppfølgjar til det kreative actioneventyret Magicka, men det herjar i same univers, og med fleire av dei same mekanikkane. Wizard Wars er likevel eit ganske anna beist. I staden for å reise på eventyr saman med andre, er poenget med Wizard Wars å delta i hektiske og heseblesande kampar som krev ein god kvil etterpå.

Sjå føre deg eit typisk kart. Du finn opne område, trange gangar, og diverse krikar og krokar. Sleng så inn nokre magikarar, og send dei til kamp mot kvarandre med kontrollsystemet frå Magicka-spela. Dette er essensen i Wizard Wars. To lag på samanlagt to til fire spelarar går til krig mot kvarandre i eit spel som prøvar å spleise kjensla du får av ei intens økt i eit skytespel eller slåssepel, med den fargerike og kreative magibruken frå Magicka-spela.

Eit klassisk kampscenario. (Teikning, Øystein 5 år/Gamer.no)

Ferdigheiter, ikkje statistikk

Wizard Wars handlar ikkje om statistikkar og erfaringsnivå. Her handlar alt om kor god du er, og kor godt du kjenner systema som ligg under det heile. Om du ikkje kjenner Magicka frå før er konseptet såre enkelt. Du har tilgang på ei rekke element, og desse elementa kan du kombinere som du vil slik at magikaren du spelar slynger rundt seg med vill magi.

Dette kan få utslag på mange måtar. Kombiner eld og stein og du kan ende opp med ei solid kule eller ein gloheit vegg rundt deg. Korleis du kombinerer ulike former for magi vil skape nye angrep, og du kan gjere det heile veldig enkelt ved å til dømes berre sprute eld på fiendane, eller du kan leggje meir flid i det ved å kombinere ulike magiar og få større resultat. Om du vil bruke magi på deg sjølv eller andre avgjer du så enkelt som ved å peike på deg eller fiendane. Dette endrar kva type magi du brukar, og du kan ende opp med eit skjold eller eit angrep.

Det finnest knapt grenser for kva du kan skape ved å kombinere ulike element, men utviklarane har stramma inn litt i forhold til det originale Magicka. Der hadde du over 40 000 ulike magiske formular, her er det redusert til nokre hundre. Dette er gjort for å bli kvitt overflødig og unyttig magi. Poenget er at alt skal ha ein funksjon.

I tillegg til magi kan du utruste magikaren din med våpen. Til dømes kan du plukke opp ein eldstav. Denne gjer de sterk mot eld, og sterk med eld. Du blir derimot kanskje svak mot is, og alle gjenstandar vil ha positive og negative eigenskapar. Samtidig kan motstandarane dine bruke til dømes eit eldskjold for å nullstille bonusane du skulle ha mot dei.

Vi har ikkje fått prøve spelet sjølv, men har likevel fått eit solid innblikk i korleis det heile fungerer i praksis. Det ser mildt sagt ut til å bli intense greier. Både fiendar og allierte tek skade av magi, og resultatet av dette kan bli nokre temmeleg kaotiske situasjonar. Magikarane spring rundt på skjermen og kastar brennheit magi i alle retningar, og sjølv om du kan gjere mykje fett aleine, opnar enda større moglegheiter seg opp når ein slår seg saman. Meterostormar og dragar er berre nokre av tinga som kan bli mana fram når fleire spelarar samarbeider.

Der du trudde du var trygg. (Teikning, Øystein 5 år/Gamer.no)

At nokon døyr er berre eit spørsmål om tid. For å gjere denne prosessen meir eller mindre smertefri vil du få to goblinar på laget når du står opp frå dei døde. På denne måten står du ikkje heilt aleine når du kjem tilbake, og har ein sjanse for å kome deg inn i kampen igjen utan å bli slått i bakken før du har kome i gong.

Kort og intenst

Utviklarane satsar på at Magicka: Wizard Wars skal bli eit spel regjert av korte og intense runder. Målet dei har sett seg er omlag fem minutt, og dei meinar dette er meir enn nok. Det skjer så mykje heile tida at meir enn som så lett ville blitt for mykje. Kampar kan likevel strekkje seg lenger, og med verkeleg dyktige spelarar kan det heile ta opp mot 15 minutt.

Les også
The Witcher 3 blir gigantisk

Spelet vil innleiingsvis kome med berre eitt brett. På dette vil du kunne ta del i ein modus der du skal ta over diverse respawn-punkt. Dei som held flest av desse punkta vil raskare kome seg tilbake i kamp om nokon skulle døy, og såleis har større kontroll over kampen. Om det motstridande laget skal kunne få inn alle spelarane sine må den eller dei som er igjen gjere ei vurderingssak på kva dei skal gjere først: Knerte fiendar, eller prøve å ta over punkta.

Utviklarteamet har så langt ikkje tenkt så alt for mykje på korleis spelet skal seljast. Akkurat no kallar dei Wizard Wars eit «fun to play»-spel, og bryr seg berre om å gjere det moro. Resten kjem seinare.

Samtidig vil dei ha ein svært direkte kommunikasjon med spelarane. Sjølv om spelet i første omgang berre kjem med eitt kart, og fokuserer på at to lag går mot kvarandre, vil dei vere opne for å la alle spele mot alle om det er dette spelarane vil ha. Målet er å skape eit underhaldande spel folk vil ha, og difor er kontinuerleg dialog svært viktig.

Sånn kan det gå om du er på eit skikkeleg skitlag. (Teikning, Øystein 5 år/Gamer.no)

Konklusjon

Ved første augekast kan Magicka: Wizard Wars lett minne om eit MOBA-spel, men det blir raskt tydeleg at dette ikkje er heilt riktig. I staden minnar spelet meir om eit førstepersons skytespel, berre at dette er i fugleperspektiv og skytevåpna er erstatta med eit svært kreativt magisystem.

Samtidig er spelet bygd opp rundt ideen om at du må vite kva du driv med for å kome nokon veg. Det er ikkje nok å spele lenge for å kravle opp i nivå. Sidan magisystemet let deg setje saman fleire hundre magiske angrep på sparket er det opp til deg å vite kva som funkar i kva situasjonar, og dette setje eit skilje mellom spelarane som har brukt mykje tid, og dei som berre spelar litt no og då. Nokre vil ture fram med enkle angrep, noko som er heilt greit, medan andre vil ta det til eit heilt anna nivå.

Paradox har ikkje sagt noko om når vi får Magicka: Wizard Wars i hende, men vi ventar i spaning.

Siste fra forsiden