Sniktitt

Majin and the Forsaken Kingdom

Dundrande sjarmtroll

Dette sjarmerande eventyret kan lett bli ei av årets skjulte perler.

Svært sjeldan tek eg meg sjølv i å smile varmt medan eg spelar, men det har eg altså gjort medan eg har storkosa meg gjennom nokre timar med Majin and the Forsaken Kingdom. Spelet blir presentert som eit gammalt eventyr med ein introduksjonssekvens bygd opp av fargerike teikningar køyrt gjennom eit støyande filter, og med ei grumsete stemme som fortel om korleis eit mektig kongerike gjekk til grunne.

Ein uvanleg duo.

Hundre år seinare spring ein ung mann inn i ein ruin for å finne Majin, eit mektig beist som eine og aleine har makta til å kverke dei mørke skapningane som no terroriserer verda. Kva han finn er ikkje akkurat ditt vanlege monster. I eit bur ligg ein stor bamse og drøymer. Han mumlar om kor mett han er, og kor glad han er for det. Brått vaknar han, og kjem i hug at han slett ikkje har fått mat på lenge, nei, han er faktisk svært svolten. Svolten og trist.

Bamse og ven

Majin and the Forsaken Kingdom føljer den nye trenden med å ha to hovudpersonar. Du spelar den unge mannen, men du kan samtidig fortelje Majin kva han skal gjere. Svært enkle kontrollar gjer alt til ein bris, og du sender bamsen dundrande framover for å opne dører, angripe beist, og hjelpe deg med å løyse forskjellige utfordringar som hindrar framgang.

Korleis spelet fungerer kjem eg tilbake til, men aller først er det noko heilt anna som må i fokus. Dette spelet har ein sjarme og ei utstråling eg ikkje har sett maken til. Majin er ein fantastisk kreasjon. Han er stor og klossete, og framstår som ein ekstremt naiv og uskuldig person som likevel er full av kunnskap. Han fortel deg kva du kan gjere, eller kva han kan gjere. Du får små tips fortalt på ein barnsleg måte gjennom eit språk som vitnar om ein skapning som aldri eigentleg har sett verdien i å lære å snakke. Gjennom korte setningar utan sans for gramatikk kjem likevel informasjonen fram. Majin blir kanskje presentert som ein ikkje heilt smart koloss, men førsteinntrykka kan bedra.

Det blir umiddelbart heilt tydeleg at utviklarane hos Game Republic vil du skal bry deg om heltane, og spesielt om Majin. Gjennom korte og svært effektive scener blir eit band raskt knyta, samtidig som vi får sjå den monumentale forskjellen på dei to. «Finn vi skattar deler vi likt, OK?» seier fyren. «Kan eg ete dei?» kjem det tilbake frå Majin. Kan han ikkje det er han ikkje interessert, og du får behalde alt.

Eg glad i deg. Kom få klem.

Små ting som dette, og fleire andre små detaljar som kjem både gjennom dialog og kroppsspråk sørga for at eg etter berre få minutt i selskap med Majin har bygd ein heim for han i hjartet mitt.

For dei små grå

Kva er så Majin and the Forsaken Kingdom? Spelet nyttar eit svært enkelt kampsystem for å hamle opp med dei mørke skapningane i spelet, men det ser likevel ikkje ut til at det er her fokuset ligg. Mesteparten av tida mi med spelet har blitt via forskjellige praktiske utfordringar du må gjennom for å kome vidare. Desse ser ut til å vere forskjellige variantar av å opne ei dør, flytte på ting for å starte ein mekanisme, eller andre kreative utfordringar.

Eit døme på dette er eit ope område som okkuperte tida mi ei stund. Midt på plassen stod ein katapult, og denne måtte brukast for å slå ned veggar slik at eg gradvis kunne kome meg vidare. Du vrir katapulten i riktig retning, og får Majin til å halde den nede slik at du kan leggje ein stein på den. Treff du noko som går i knas blir du løna med eit gledesrop frå Majin der han dansar litt og veivar med armane. Kvar veg som blir slått ned opnar ein ny veg, og du kan gradvis kome deg vidare gjennom ei lita hinderløype.

Eg har ikkje møtt nokre store utfordringar så langt, men dei er underhaldande. Du brukar litt tid på å sjå rundt deg for å finne svaret, før du går gjennom problemet i tur og orden. Om dei første timane er nokon indikasjon på kva vi har i vente blir dette eit spel som først og fremst handlar om å kose seg, ikkje nødvendigvis det å bli utfordra i stadig større grad.

Kampane er likeeins. Som sagt får vi eit temmeleg enkelt kampsystem, men det er nok til at underhaldninga er på plass. Ser du fiendar kan du berre sende Majin på dei, før du spring inn etterpå. Det er heilt tydeleg at det er viktig å samarbeide med den store bamsen. Majin kan slå fiendar i bakken, og dette gjev deg ein sjanse til å slå dei litt før du kan utføre eit avslutningsangrep saman med Majin. Kvar gong du drep ein fiende i lag med Majin vil du få venskapspoeng som gjev Majin og den unge mannen tilgang på nye eigenskapar.

Les også
Anmeldelse:
Livet blir litt lettare når du har ein seks meter høg kompis.

Du kan angripe fiendar aleine, men dette er svært lite effektivt. Det er ganske interessant å sjå eit spel der hovudpersonen du spelar på mange måtar er ein sidekick.

Konklusjon

Majin and the Forsaken Kingdom har eit enormt potensiale. Om kvaliteten held det nivået dei første timane lovar, kan dette bli eit minneverdig og hjartevarmande spel i Ico-kategorien. Sjølv om det er eit overhengande mål om å vinne mot vondskapen, er ikkje dette ei vandrande klisje. Det er venskapen mellom to ekstremt ulike personar som verkeleg står fram som det store temaet.

Samtidig er mekanikkane bygd opp rundt samarbeid. Sjølv om du spelar spelet aleine, er interaksjonen mellom deg og Majin noko heilt spesielt. Du gjer ingenting aleine, men samarbeider alltid med den store bamsen, og det ser ut til å fungere ekstremt godt. Spelet er lett å kome i gong med, lett å utføre, men samtidig veldig underhaldande. Ikkje minst takka vere den uimotståelege sjarmen som dansar rundt kvart einaste element i spelet.

Det er berre å krysse fingrane og håpe at det fullstendige spelet lev opp til dei forventningane dei første timane har bygd opp.

Majin and the Forsaken Kingdom kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 26. november.

Siste fra forsiden