Sniktitt

Might & Magic: Duel of Champions

Ubisoft prøvar å ta digitale kortspel til nye høgder.

PARIS (Gamer.no): Å prøve ut nye spel i 36 heite grader utan meir air condition enn ei stakkarsleg takvifte som gjer jobben sin noko halvhjerta, er ei utfordring. Medan sveitta rann som ei sil under eit Might & Magic-arrangement i Paris, fekk eg likevel smaken på eit spel som definitivt har potensiale til å sprøyte nytt liv inn i ein sjanger Magic: The Gathering har dominert i svært mange år. Duel of Champions er eit nytt spel godt plassert i Might & Magic-universet, og vil la deg spele med kjende heltar og skapningar på nye måtar.

Den største styrka til Duel of Champions er eit brukargrensesnitt som gjer det veldig enkelt å kome i gong. Der eg i mi tid brukte ein del tid på å fullt ut forstå Magic: The Gathering, hadde eg teken på dei grunnleggjande prinsippa i Duel of Champions i løpet av få minutt. Spelet hoppar galant over all fokus på å samle inn nok ressursar til å leggje ut korta du vil ha. Ei anna stor styrke til spelet er fantastiske bilete som pregar dei mange forskjellige korta du får leike deg med.

Lekre bilete pregar dei mange korta i spelet.
Lekre bilete pregar dei mange korta i spelet.

Rett på sak

Sjølv om Duel of Champions hoppar over ressursar lik dei essensielle landkorta i Magic: The Gathering, har det likevel ein økonomi du heile tida må ha i tankane. Kvar runde vil du få eitt nytt kraftpoeng, og der du startar første runde med eitt, startar du runde to med to poeng, runde tre med tre poeng, og så vidare. For å unngå at den første spelaren får eit overtak startar samtidig spelar nummer to med eitt poeng meir enn første mann ut.

Kvart kort kostar så og så mange kraftpoeng å leggje ut, men dei har samtidig andre prisar. Du har tre forskjellige krefter i spelet; fysisk kraft, magi og skjebne. Kvar runde kan du oppgradere ein av desse med eitt poeng, og slik byggjer du deg gradvis oppover til å få tilgang på stadig sterkare kort. Har du ein kortstokk som fokuserer mest på fysiske krigarar vil du naturlegvis leggje mest fokus på å oppgradere denne eigenskapen, medan ein kortstokk med mykje magi sjølvsagt må handterast ulikt.

Kva kort du har i stokken din er i stor grad opp til deg. Kvar fraksjon i spelet byr på fire forskjellige heltar, og i stokken din kan du ha ein helt og dei korta du meiner er best for deg. Du kan ikkje blande kort frå forskjellige fraksjonar, men du kan hente inn nøytrale kort for å fylle ut stokken. Duel of Champions er dessutan heilt gratis å spele. Du kan bruke pengar på kjøpe diverse utvdingspakkar på ti nye kort om du vil, men dette vil ikkje gje deg ein urettferdig fordel. Alle får tilgang på alle kort, å bruke pengar spolar berre tida litt fram.

Om du ikkje vil bruke ekte pengar kan du likevel kjøpe nye kort ved å bruke gull du tener etter kvart som du spelar spelet. Alle har tilgang på alt, det tek berre litt lengre tid for dei som vegrar seg for å opne lommeboka.

Slagmarka gjev mykje rom for taktiske krumspring.
Slagmarka gjev mykje rom for taktiske krumspring.

Fokus på kamp

Oppsettet i Duel of Champions er eigentleg såre enkelt. På venstre del av skjermen ser du korta dine, medan motstandaren ligg på høgre side. Heilt til venstre ligg helten din, og til høgre for den ligg to kolonner på fire kort kvar. Det er her du legg alle skapningane dine. I rekka nærast motstandaren din kan du leggje akkurat dei korta du vil, medan den bakarste er reservert for skapningar som enten kan skyte magi eller piler, eller fly.

Ut av dette enkle oppsettet kan mange strategiske avgjersler bli gjort. Du kan beskytte svakare skapningar ved å plassere tyngre beist framfor dei, og kvar du vel å plassere ein skapning kan få mykje å seie. Ulike beist kan i tillegg angripe i ulike retningar. Nokre kort kan slå fleire kort samtidig, nokre har diagonale angrep, medan andre igjen berre angrip motstandaren si bakarste rad.

Kvar skapning kan i tillegg få bonusar frå andre kort. Der nokre skapningar automatisk vil slå tilbake om dei blir angripe, kan eit bonuskort halvere skade frå slike motangrep. Dei mest interessante bonusane kjem derimot frå kort du kan leggje rundt skapningane dine. Eitt kort kan til dømes låse ei heil kolonne av motstandaren sine kort ei runde. Om du gjer deg klar for eit stort angrep, kan du med litt strategisk tenking fase ut alle av motstandaren sine kort slik at du får fritt leie for å gå rett på helten sine tjue livspoeng. Andre kort igjen utleverer skade til alle skapningar på ei rekke, eller absolutt alle skapningane til motstandaren.

I tillegg til alt som kan skje direkte på slagmarka kan små bonusar kome i spel kvar runde, noko som er lettare inspirert av korleis kvar veke bringer med seg nokre små endringar i Heroes-serien. Korta som dukkar opp kvar runde kan vere alt frå at kvar spelar får trekke to kort, til at eitt beist du legg ut denne runda får meir styrke.

Om du er usikker på kva eit kort gjer kan du ta ein nærare kikk.
Om du er usikker på kva eit kort gjer kan du ta ein nærare kikk.

Konklusjon

Duel of Champions ser ut til å kunne bli eit svært engasjerande kortspel. Det treff den rette balansen mellom god planlegging og flaks. Legg du korta dine riktig kan du snu ein kamp på hovudet så snart det rette kortet dukkar opp, men tanketom strategi vil aldri føre deg nokon stad.

Spelet er veldig lett å kome i gong med, og hoppar galant over alle unødige element. Du finn ingen ressursar her, og alt du difor må gjere er å oppgradere helten din kvar runde slik at du får lov til å leggje ut stadig sterkare kort. Sjølv om brettet du spelar på innleiingsvis kan vere litt forvirrande om du aldri har spelt slike kortspel før, er det likevel veldig lett å kome i gong, og det tek ikkje lang tid før du har full oversikt. Samtidig har spelet utruleg lekre bilete på korta, noko som gjev deg noko å sjå på medan du spelar.

Ein ekstra bonus er at spelet kan spelast på tvers av PC og iPad, utan at du har nokon indikasjon på kva plattform motstandaren din brukar.

Duel of Champions går snart ut i open beta, men noko nøyaktig lanseringsvindauge er ikkje sett. Vi opplevde spelet på eit pressearrangement i Paris. Turen ble betalt av Ubisoft.

Les også: Anmeldelse av Magic the Gathering: Tactics
Les også: Minecraft-skaper åpner dørene til Scrolls

Klarer ikke laste video

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen