Sniktitt

Mindjack

Spenstig hjernekirurgi

Det er mildt sagt sjokkerande at ingen har tenkt på dette før.

KÖLN (Gamer.no): Framtida er mørk. Du har kanskje høyrt snakk om små ID-brikker vi alle ein gong i framtida kanskje kjem til å ha under huda. Det er ikkje akkurat dette scenarioet feelplus ser føre seg, men det er ikkje langt ifrå. Nei, i framtida kjem vi alle til å gå rundt meg små trådlause headset. Desse headsetta er alt. Dei er kopla opp mot hjernen og inneheld all den informasjon du nokon gong skulle ha bruk for. Alle dine kontakter, pengane dine, absolutt alt som har noko som helst med personen du å gjere, finn du i desse små tekniske duppedittane.

Sjølvsagt er det ei bakside med slike fabelaktige nyvinningar. Selskapet som produserer herlegdomen har ikkje heilt reint mjøl i posen, og den stygge baksida er at via desse headsetta kan du praktisk talt bli hacka. Folk flest veit ikkje om dette, med unntak av ei lita gruppa som bestemmer seg for at dette er omlag så langt frå OK som det er mogleg å kome.

Det er ikkje gråstein alt som... ja du forstår

Steg ein: Eksorsisten

Du kan kanskje tenkje deg til kvar dette er på veg. Med headsettet kan ikkje berre mannen i gata bli hacka, men du er i stand til å hacke sjølv, og dette er den aller viktigaste mekanikken i Mindjack. Spelet er fullstendig bygd opp om prinsippet å ta over andre folk for å få dei til å gjere det du vil, og dette er noko som hintar om eit enormt potensiale i det som ved første augekast ser ut som eit heilt ordinært skytespel i tredjeperson.

Sjå føre deg at du har hamna i ein litt kinkig situasjon. Du ligg i skjul bak ein murkant, og mellom deg og endestasjonen har du eit dusin skyteglade soldatar. I så godt som alle andre spel blir du berre nøydt til å gjere ditt beste for å kome deg heilskinna gjennom situasjonen, men ikkje her. Ditt viktigaste mål akkurat no er ikkje å drepe alle, men å finne det svakaste leddet for å skyte det ned i kne. Har du først knekt moralen til stakkaren, kan du ta kontroll over han, og brått skiftar han side og hjelper deg med å plukke ned fiendane. Nøyaktig kor mange du kan ta over er ikkje heilt sikkert, men etter kvart som du spelar vil få få erfaringspoeng som etter kvart let deg ta over fleire om gongen.

Har du først tatt over ein fiende (eller ein sivil person for den saks skuld) vil han eller ho fungere som ein alliert styrt av kunstig intelligens. Om du vil kan du i tillegg ta det heile vegen ut og regelrett ta over personen. Dette er eit strategisk verkty du kan bruke til å enten hoppe ut av ein kropp nær døden, eller berre for å kome deg i ein betre situasjon. Skulle det heile derimot snu seg opp ned ved at du får ei kule for mange, er ikkje nødvendigvis slaget tapt. Om du «døyr» vil du ende opp som ei svevande sky, og alt du treng gjere for å kome tilbake i aksjon er å fly over til eit kneståande offer for å kaste deg inn i ein sprek kropp igjen.

For ordens skuld, alle kneståande folk får ein helseboost når dei blir tekne over, slik at du ikkje må springe rundt med halen mellom beina.

Sånn går det om du ikkje er forsiktig med ny teknologi

Steg to: Kaos

No har vi prinsippa på plass, og det heile høyrest jo rimeleg artig ut. Å gjere fiendane om til allierte kan snu mange situasjonar på hovudet, det seier nesten seg sjølv. Dette er likevel berre byrjinga. Mindjack er ikkje eit spel laga for einsame ulvar, sjølv om ingenting stoggar deg frå å gjere akkurat det om du vil.

Lat oss igjen kome med eit døme. Sjå føre deg at du ikkje er aleine. Du har ein partner ved di side, og denne partneren kan gjere alt det du kan. De skyt kvart dykkar offer, og før du veit ordet av det er det ikkje berre to stykk som angrip fienden, men fire. For moro skuld, lat oss hente inn to vener til, vi gjentar den same framgangsmåten, og brått er det ikkje lenger ei lita og konsentrert gruppe som angrip fienden, men ei hær på åtte menn og kvinner. Hugs samtidig på at kvar person kan lære seg å hacke fleire personar, og vi anar tendensane til krigføring i stor skala.

Men det blir jo for enkelt! Tenkjer du kanskje. Neida du, feelplus har tenkt på dette òg. Lat oss ringe fire vener til, som ikkje kastar seg inn på laget ditt, men i staden trer inn på fienden si side.

Enkel matte: to gonger fire personar som kan hacke minst ein person kvar, er lik fråde.

Les også
Nytt fra Square Enix

Mindjack er ikkje eit rollespel, og det er ikkje eit ordinært actionspel heller. Det er eit historiebasert actionspel der kvart møte med fienden blir ei intens runde med Team Deathmatch. Alle område i spelet er delt inn i forskjellige soner. Kvar sone fungerer som ein arena, og om du vinn får du lov til å gå vidare. Tapar du er det tilbake til førre sjekkpunkt.

Ein hacka Gorilla!

Om du finn ei sone du likar spesielt godt kan du spele den om igjen når som helst. Samtidig treng du ikkje runde heile spelet for å ha tilgang til alle sonene. Hoppar du inn i ein annan person sitt spel, vil du kunne spele frå akkurat same punkt i spelet, utan å nødvendigvis ha kome dit sjølv. Med andre ord får vi ikkje noko Lost Planet 2-syndrom der du er heilt nøydt til å spele alle nivå for å kunne kose deg saman med dei som har kome lengre.

Konklusjon

Mindjack er eit konsept som nesten er litt for godt til å vere sant. Eg er ekstremt spent på dette spelet, for det ser heilt fantastisk ut. Samtidig er eg litt skeptisk på om feelplus verkeleg kan få det til å fungere. Det høyrest ut som eit mareritt å balansere, og om denne jobben ikkje er gjort riktig, vil alt kollapse. Samtidig har eg ikkje fått prøvd spelet nok til å kunne seie nok handfast om kor gode kontrollane og våpna er.

All sunn skepsis er uansett berre rein spekulasjon. Mindjack er eit ekstremt fascinerande og spanande spel som har eit enormt potensiale til å verkeleg gjere noko utanom det vanlege. Å spele både med og mot vener gjennom historia kan bli noko heilt spesielt, og når du i tillegg kan hacke fiendar for å få dei over på di side er det lett å bli begeistra.

Mindjack kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 i oktober.

Siste fra forsiden