Sniktitt

NeverDead

Det mest absurde og spinnville spelet på E3 er stor moro.

LOS ANGELES (Gamer.no): Den første traileren eg såg frå NeverDead fekk meg til å tenkje noko i retning av «ja, sikkert». Entusiasme er ikkje akkurat ordet eg ville brukt for å beskrive mine tankar om eit spel eg såg føre meg ville bli eit tullete actionspel det ville vere lett å gløyme. Det var derimot inntil eg snakka med Shinta Nojiri under fjorårets GamesCom. Sjølv om vi fekk svært lite handfast å gå på utover dei generelle konsepta for kva spelet skulle bli, var det nok til at eg blei veldig nyfiken.

Sjølv om eg ikkje hadde ei fastlåst intervjuavtale under E3-messa, fekk eg kara til meg solide mengder med speletid, og etter nokre mailar fekk eg ordna meg ein presentasjon med hjernen bak galskapen. For galskap er det, men det er god galskap. Tru meg når eg seier det: av og til må du trakke langt over streken som skil himmel og helvete før du kan oppnå det guddommelege.

Vår mann i skjærselden.
Vår mann i skjærselden.

Spik spenna galen

Det er vanskeleg å setje ord på kva NeverDead eigentleg er. Du spelar som Bryce, ein kar som for mange, mange år sidan prøvde å ta knekken på demonkongen. Det gjekk derimot ikkje så bra, og Bryce fekk ei søt lita forbanning kasta over seg. No er han i den småkjipe situasjon at han ikkje kan døy. Ingenting kan drepe han, og han er dømt til å vandre verda tilsynelatande utan mål og meining. Om vi spolar nokre hundre år fram i tid frå den ulukksalige dagen då Bryce fekk forbanninga kasta over seg, har han gjort seg ei karriere som demonjeger. Saman med den snertne dama Arcadia legg han ut på ei hesblesande jakt etter alle dei stygge ting du helst ikkje vil finne under senga di.

Så langt så generisk, tenkjer du kanskje. Demonar er ingenting nytt, og du har heilt rett. Men om ein tenkjer over at Bryce vil overleve ein kvar situasjon, og såleis ser føre seg kva dette kan bety for eit actionspel, har du eit hav av moglegheiter. Eit grunnlaust potensiale for vanvittige påfunn som berre tener eitt formål: eit adrenalinkick utan like.

I korte trekk er NeverDead eit skytespel i tredjeperson. Du spelar som Bryce, du spring rundt med ein pistol i kvar hand (ein avtrekkjar for kvart våpen), og du skyt alt som rører på seg. Ingenting spesielt så langt. Dei finurlege detaljane dukkar derimot opp i tur og orden. Kroppen til Bryce er til dømes ikkje like motstandsdyktig som helten vår. Sjølv om livet ikkje ebbar ut kan krigføring mot demonar definitivt tære på saumane som held ein kropp samla, og noko av det første som merkast er korleis eit hardt angrep eller ein solid eksplosjon kan få kroppsdelane til Bryce til å flyge.

Mistar du ein kroppsdel står du ovanfor ei klar ulempe, men det er ikkje stort verre enn å ta eit rullehopp over den tapte kroppsdelen før den gror tilbake på rekordtid. Visse fordelar må det jo ha å vere udødeleg!

Lårkort for optimal komfort.
Lårkort for optimal komfort.

Men ikkje nok med det!

Å bokstaveleg talt kunne ta seg sjølv saman er berre byrjinga. Heile spelet er bygd opp rundt Bryce si manglande evne til å døy. Til dømes kan fysaken rive av armane sine og kaste dei på fiendar. Medan den vakre armen flyg gjennom lufta kan halde fram med å skyte, noko som kan by på ein fin distraksjon. Det blir derimot betre. Fiendar ser på ein kropplaus arm som eit saftig måltid, og flokkar seg rundt det eldgamle kjøtet. Dette er derimot din sjanse til å bokstaveleg talt sprenge deg sjølv i lufta, sjølv om det eigentleg berre er armen din vi snakkar om. Du kan kanskje kalle det ein avansert granat, men når du alltid må ofre noko for å få noko blir effekten ei heilt anna.

Lemlestinga held fram i eit stødig tempo. For å nå vanskelege område kan Bryce rive av seg hovudet og kaste det mellom sprekkar og oppå platå. Vel framme kan han berre gro ein ny kropp til hovudet, og med det har vi ei enkel og høgst praktisk form for teleportering. Dette krev derimot energi, så du kan ikkje gjere det heile tida. Når ein rullar rundt som eit einsamt hovud kan det derimot vere lurt å ta seg i akt. Nokre makabre ballmonster med babyar stikkande ut av rompa kan finne på å ete deg, og om du først entrar fordøyingssystemet kan du sjå fram til eit liv som gugge i magesyre. Eller Game Over på godt norsk.

Du kjem nok til å kaste kroppsdelar ganske ofte, men det er fleire fordelar enn som så ved å vere udødeleg. Til dømes kan du skyte ned tak og veggar i eit spel som ser ut til å la deg øydeleggje store delar av områda du spring rundt i. Det er ingen grunn til å vere forsiktig heller, sidan det verste som kan skje om taket fell ned er at du må samle saman kroppen igjen, medan konsekvensane for alle fiendar i nærleiken er mykje større.

Andre måtar å drepe fiendar på er til dømes å gripe tak i eit straumaggregat for å piffe opp kulene med litt elektrisitet. Moglegheitene er mange, og om du skulle innsjå at kuler ikkje er nok, kan du hente fram eit massivt sverd som kan sjå ut til å omsider få til analogstikkebasert krigføring.

Eg ser føre meg at NeverDead kjem til å bli eit offer for Austin Powers-inspirerte vitsar.
Eg ser føre meg at NeverDead kjem til å bli eit offer for Austin Powers-inspirerte vitsar.

Utover dette kjem spelet med nokre enkle rollespelelement der du etter kvart som du spelar vil kunne velje mellom fleire forskjellige oppgraderingar for Bryce. Du kan satse på sterkare kuler, eller å kunne sprenge armen din, samt mykje meir. Av det eg har sett kan vala du gjer her får veldig mykje å seie for korleis du spelar elles, noko som må vel seiast å vere heile formålet med å velje eigenskapar sjølv.

Konklusjon

Kva kan eg seie? Å spele NeverDead, om så berre i ein halvtimes tid, er ustyrteleg moro. Det er eit spel som set alle klutar til og drit fullstendig i å vere politisk korrekt. Strengt tatt er heile greia berre tull. Heilt idiotisk og gjennomsyra tåpeleg, men det er samtidig det som gjer det så festeleg. Nojiri tek den heilt ut, for å seie det sånn, og lar ingenting stå i vegen mellom deg og moroa.

Superlativa blir fattige når ein skal få svart ned på kvitt, men det er med det som nesten kan kallast ukomfortabel fryd eg tenkjer på dette spelet. Det er rein galskap, det er vanvittig moro, men kan det halde det vi blir lova? Kan eit så godt førsteinntrykk verkeleg leve opp til dei forventningane som blir skapt? Ikkje veit eg, men eg lev i håpet. Det er for mange seriøse og tunge spel som utelukkande fokuserer på beinhardt drama, og i same slengen gløymer at humor er viktig.

NeverDead ser ut til å hugse at begge er viktig, og lovar eit spel som er både dramatisk, intenst, lattermildt og overdådig. Eg gler meg som ein liten unge som veit han snart skal få gjere noko han eigentleg ikkje har lov til.

NeverDead er ventet i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 i løpet av hausten.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen