Sniktitt Ninety-Nine Nights II

Aleine mot stormen

Høyrest det fett ut å slakte eit titals fiendar med eitt slag? Då er dette spelet for deg.

LOS ANGELES (Gamer.no): Ninety-Nine Nights kom og fór som ei kule i 2006. Det var eit merkeleg spel som for ei stund var fabelaktig underhalding, med vanvittig action og direkte sinnssjuke spesialangrep, men som raskt demonstrerte sine ikkje fullt så imøtekomande sider.

Sjølv om spelet pøsa avsindige mengder fiendar mot deg, og hadde ein del kule triks i ermet, hadde det eit stort problem. Du gjor det same heile tida, mange nivå var berre resirkulering der du spelte gjennom dei på ny med ein annan karakter, og verst av alt; spelet hadde ingen sjekkpunkt. Døydde du måtte du starte heile nivået på nytt.

Flyg mine vener, flyg
Flyg mine vener, flyg

No er den litt uventa oppfølgjaren på veg, og i staden for Blueside og Rez-skapar Tetsuya Mitzugichi er det no utviklarane bak meisterverket Lost Odyssey og det ikkje heilt vellukka skrekkspelet Ju-On: The Grudge som står bak utviklinga.

Dødsodysse

La oss ha ein ting heilt klart. Ninety-Nine Nights II (eller N3 II som det også blir kalla) handlar om akkurat det same som einaren. Det handlar om å drepe vanvittige mengder fiendar i eit fyrverkeri av lys og flygande kroppar. Likar du ikkje slike spel kjem du til å regelrett hate N3 II, men om du har eit mjukt punkt for «aleine mot den latterleg store overmakta»-sjangeren skal du ikkje sjå bort frå at vi her har eit av dei betre spela på ganske lenge.

I utgangspunktet er mykje ved det gamle i N3 II. Du har ei rekke krigarar å velje mellom, og dei har alle forskjellige måtar å angripe fienden på. Nokre spring rundt med sverd, andre med kjettingvåpen med stor radius. Det er derimot nokre markante forskjellar. Det første ein merkar seg er at spelet har fått ein heilt ny visuell stil. N3 II er mørkt og dystert og framstår på mange punkt som eit meir vaksent spel i motsetning til det ganske fargerike førsteleddet i serien. Tidvis blir det ganske pent, men det er ikkje imponerande modellar som er spelet si store styrke. Det er mengda som tel, og her får du akkurat det du har venta på. For kvart slag du gir frå deg i gåve vil fiendane fly i hopetal rundt deg, og det er ganske tilfredsstillande å sjå konsekvensane av nokre lette knappetrykk.

Kan ikkje klage på mengdene
Kan ikkje klage på mengdene

Krigføring med brodd

Feeplus har gjort meir enn å endre på grafikken. Det er gjort fleire små – men samtidig vitale – endringar i kampsystemet. Ein av dei mest merkbare er korleis du no heile tida har lett tilgang på kortvarige spesialangrep. For kvar av dei fargerike knappane på høgre side av kontrollaren har du eit eige angrep som kan vere alt frå å sende sjokkbølgjer framover, til å frese gjennom fiendane som ein rakett. Felles for desse er at når du først har brukt dei må du gi dei litt tid før du kan bruke dei igjen, sjølv om den tida ikkje er veldig lang.

Det har i tillegg blitt gjort ei drastisk endring på Orb-angrepa. Om du spelte det første spelet vil du hugse alle dei blå kulene du plukka opp kvar gong du drap ein fiende. Desse bygde opp eit meter som kunne brukast til å aktivere nokre vanvittige angrep. Kvar fiende som døydde av desse angrepa gav i tur frå seg raude kuler ved utgangen av livet, noko som igjen bygde opp eit meter som du kunne bruke til å aktivere eit enda villare angrep som kunne utslette alt liv på planeten. Eller noko i den dur.

Alt dette kan du no gløyme. Du samlar framleis kuler, men i staden for to meter du må byggje opp etter tur, har du no eit meter delt i tre ledd. Har du bygd opp eitt ledd kan du bruke eit Orb-angrep, har du tre ledd kan du bruke angrepet lenger. Dei raude kulene er borte, og i staden kan du utføre forskjellige typar angrep avhengig av korleis du aktiverer dei. Om du berre trykker inn Orb-knappen vil du kunne ploge gjennom hordar av fiendar for kvart slag, men eg fann ut at ved å rotere analogstikka samtidig med aktivering, enda eg opp med eit heilt anna angrep som gjorde kål på alle fiendane rundt meg.

Og brått var kampen over
Og brått var kampen over

Dette er strengt tatt eit mykje betre system. Det let deg bruke det angrepet som passar best i forhold til situasjonen du er i, og sidan det er større variasjon i områda denne gongen, er det ein god ting.

Som natt og dag

N3 II framstår som eit meir gjennomtenkt spel allereie etter få minutt. Det klarar ikkje å nå dei heilt store høgdene, men eg merka at der eg umiddelbart var ganske skeptisk, kom eg meir på gli etter kvart. Mykje av grunnen til dette var at eg ikkje fekk den bitane kjensla av å gjere nøyaktig det same heile tida. Du vil springe både i store område og tronge gangar, noko som i seg sjølv er nok til å endre spelets natur. Det er noko heilt anna å fly som ein virvelvind gjennom ei heil hær, enn det er å gå laus på nokre få kraftige fiendar i ein smal korridor.

Samtidig har spelet eit nytt element som snur heile greia på hovudet. Du kan samarbeide med ein ven, og dette gjer veldig mange ting mykje betre. For det første er det sjølvsagt veldig moro å gjere ting saman med vener, men i N3 II har samarbeid ein stor praktisk verdi. Skulle du døy har du alltid nokon som kan redde deg, og sjølv om dei ikkje skulle nå fram til deg, treng du berre vente ei lita stund før du er tilbake i full vigør.

Dette bringer oss sjølvsagt over på dei manglande sjekkpunkta frå einaren, og om dette er gjort noko med. Konamis representant ved N3 II-stasjonane på E3 kunne fortelje meg at spelet har sjekkpunkt, men sidan alt eg spelte var fleirspelarmodusen som gjorde sjekkpunkta irrelevante, kan eg ikkje seie noko om kor gode eller dårlege dei eventuelt vil vere.

Kjøp meg eller smak stål
Kjøp meg eller smak stål

Konklusjon

Eg skal ikkje påstå at Ninety-Nine Nights II blir årets spel, men det kan sjå ut til at Feelplus har bygd opp eit spel som på absolutt alle punkt overgår forgjengaren med svært god margin. Spelet er både engasjerande og utfordrande, og å spele det saman med andre er veldig moro. Det gjer dei harde situasjonane meir overkommelege, samtidig som det ikkje er noko stort problem om du skulle døy.

Grafikken har blitt mange hakk betre, og spelet har ein fascinerande stil med godt designa krigarar å velje mellom. Har du lyst på eit anna masseslaktspel til Xbox 360 enn Dynasty Warriors kan Ninety-Nine Nights II sjå ut til å bli eit godt alternativ.

Ninety-Nine Nights II kjem i salg i september, kun for Xbox 360.

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen