Sniktitt Overlord II

Demonisk latter

Dei mørke maktene har ikkje gitt opp kampen om verdsherredøme.

Overlord-serien er noko for seg sjølv. Det er ikkje første gong nokon har prøvd å slenge humor inn i det å vere vond, Bullfrog sin Dungeon Keeper-serie kom dei til dømes godt i forkjøpet, men likevel. Det er noko heilt spesielt med Overlord, og du merkar det heilt frå startmenyen. Pompøs musikk i beste Bruckheimer-tradisjon fossar over øyra dine, og du tenkjer kanskje kjapt «så originalt», før demonane byrjar å nynne til musikken med sine rotne stemmer.

Denne vesle detaljen seier eigentleg alt om spelet. Ja visst er du vond og skummel, men det er humoren som står i fokus, og den var forgjengarens sterkaste kort, noko som kan sjå ut til å gjelde for nummer to i serien óg.

I Overlord II trer du inn i rolla som ein ny demonherre, og du må ta til makta ved å kjempe mot alt det «gode» i verda. Du startar som ein liten pjokk, sonen til demonherren i det første spelet, og du er dårleg likt av dei andre ungane. Slik mangel på respekt kan du sjølvsagt ikkje finne deg i, og du svarar med å øydeleggje alle snømennene deira, før du for alvor går til verks for å gjere livet surt for den trivelege vesle byen du er i.

Ny tidsalder

Etter den naive og trivelege starten, ber det rett ut i vonde dådar for vonde herrar. Som ein demonherre er det din jobb å skaffe nok demonar som kan gjere grovarbeidet for deg. Akkurat dette var noko ein del spelarar reagerte på med det første spelet. Det var riktig nok moro å sende dei små krapyla rundt for å gjere ugang, men det var ikkje så mykje denne mektige sjefsdemonen kunne gjere sjølv. Det ser ikkje ut til å vere dei heilt store endringane på denne fronten, men det er litt meir futt i slaga hans, og det har faktisk noko føre seg å gå inn i kampane sjølv no.

Ei anna endring er tidsalderen. Det første spelet i serien var trygt planta i erketypisk middelalder. Vi møtte hobbitar og alvar i eit spel som tok sjansen på å snu det heile på hovudet. I Overlord II blir vi kasta inn i ei verd som har blitt teken over av det store Imperiet. Tenk romarane i Asterix, og du er på rett spor. Dei er fjollete soldatar som trur ein og anna formasjon kan redde dei frå den visse undergang. Dei har tydelegvis aldri stått ovanfor ein demonherre som sender blodtørstige ulvar, med demonar på ryggen, mot dei før.

Små justeringar

Overlord II er umiddelbart veldig likt det første spelet i serien, og du vil definitivt kjenne deg igjen. Du spring rundt i ei fargerik verd, og samlar deg ei her av demonar som spring rundt og gjer jobben for deg. Skjønt, der er nokre endringar sidan forgjengaren du kjapt vil leggje merke til. Den mest umiddelbare er det nye kartet du finn nede på skjermen, og dette kan hjelpe deg om du skulle sitje fast. Spelet gjer eigentleg ein god jobb i å drive deg vidare på eiga hand, så kor nødvendig dette kartet eigentleg er, gjenstår å sjå.

I tillegg har spelet fått seg nokre oppgraderinger i korleis du styrer demonherren og demonane hans. Du har litt fleire val i korleis du kan gjere ting, samt fri rotering av kameraet. Om dette er ein god ting, stiller eg meg litt tvilande til. Den høgre analogstikka blir brukt til å både sende demonane framover, og rotere kameraet, samtidig. Det medfører ein del kluss i form av at du ufrivillig sender demonane framover når du eigentleg berre skulle justere på synsvinkelen, samt at kameraet har ein lei tendens til å låse seg i ein vinkel om du nett har herja med dei små beista dine. I tillegg kan du ikkje justere vinkelen opp eller ned, noko som innleiingsvis gjer kameraet litt vanskeleg å venje seg til.

Kleptomani

Dei små demonane dine kjem som før i fire fargar. Den første demonen du får herse med er brun, og er ein typisk fotsoldat, medan vi har raude som kastar eld, blå som kan gå gjennom vatn, og grøne som likar gift. Her har ingenting endra seg, og dei oppfører seg akkurat som før. Dei pjattar om demoniske ting, ler når noko stygt er i ferd med å skje, og plukkar opp rustningar og våpen frå falne fiendar.

Etter kvart som du spelar vil du ende opp med ei ganske spesiell hær, der alle dei forskjellige demonane går rundt med forskjellige utstyr, og ser ut som ein gjeng med veldig stygge ungar i alt for store karnevalskostyme. I tillegg kan dei no ri på ulvar, noko som gir litt ekstra futt til kampane. Fire rader med tenner, riv som kjent betre enn to.

Det kan i det heile sjå ut til at utviklarane prøvar å få inn litt meir variasjon i Overlord II, noko som strengt tatt ikkje kan skade. Visse område let deg skyte med katapult mot bygningar, eller du kan skyte med gigantiske armbrøst mot grupperingar av dei romersk-inspirerte soldatane. Det ville vere blank løgn å seie at eg ikkje frydar meg når eg ser desse klovnane fly i alle retningar.

Konklusjon

Overlord II ser ut til å by på meir av det same. Der er ingen store omveltingar å spore, og om du ikkje likte Overlord, er det absolutt ingen grunn til at du skal bruke tid på oppfølgjaren. For dei som ikkje kunne få nok av dei små demonane, og gleda over å rasere heimane til uskuldige bønder, er det derimot mykje godt i vente. Utviklarane har pressa inn litt meir variasjon i kva du får gjere, og spelet er like fullt av beksvart humor som før.

Det som gjenstår å sjå er om du faktisk for lov til å vere skikkeleg vond. I Overlord fekk aldri handlingane dine store konsekvensar, og det blir spanande å sjå om dette har endra seg. Så langt har eg ikkje sett snurten av oppdrag utlevert av menneske, og dette er eigentleg bra, sidan det blir litt rart når verdas mest usympatiske person skal springe rundt som tenestemann for bønder. Vi ventar i spaning, og gler oss til å sjå det ferdige resultatet.

Overlord II kjem i salg 26. juni, for PC, Xbox 360 og PlayStation 3. Sniktitten er basert på PlayStation 3-utgåva.

Diskuter artikkelen i forumet

Forsiden akkurat nå

Til toppen