Sniktitt

Prince of Persia: The Forgotten Sands

Atter ein prins

Ein trilogi er over, men det står ikkje i vegen for eit nytt eventyr med ein gammal prins.

Under Leipzig Games Convention i 2008 fortalde Ubisoft sine representantar meg at sidan det var mange som gjorde kamp betre enn dei, bestemte dei seg for å fokusere på heilt andre ting i Prince of Persia-spelet som blei godt motteke her hos oss på seinhausten det same året.

Difor er det litt pussig korleis dei med Prince of Persia: The Forgotten Sands har valt å gå tilbake til fleire actionsekvensar (sjølv om den komande Bruckheimer-filmen garantert har noko med det å gjere), samtidig som dei eigentleg ikkje oppnår så mykje anna enn å konstatere at representantane frå 2008 hadde rett. Det er mange som gjer sverdkamp betre enn Ubisoft. Veldig mange.

Mildt sagt lekker grafikk

Kamp my ass

Prince of Persia: The Forgotten Sands er uforsvarleg pent. Det har ein detaljrikdom som ikkje liknar grisen, og dette er nok mykje fordi spelet ikkje kastar deg inn i enorme landskap. Vi spring rundt i det som må kunne kallast store palass og herregardar, men samanlikna med dei store byane i Assassin's Creed, eller landskapa i det førre Prince of Persia-spelet, blir det ganske smått.

Dette stiller Ubisoft i den hendige posisjonen at dei kan knekke fingrane, bretta opp erma, og elte ut eit visuelt meisterverk. The Forgotten Sands er smellvakkert. Når dei levande døde byrjar å hoppe mot deg, er det som om det heile sprett ut av skjermen, og heile 3D-TV-generasjonen kom før vi eigentleg rakk leggje merke til at den var her. Lyset er i så måte fenomenalt, og det plantar alle objekt veldig godt i omgjevnadane. Samtidig er alle desse objekta høgt detaljerte, der spesielt rustninga til prinsen er pynta med vanvittig mange knøttsmå detaljar.

Eg er ikkje like begeistra for prinsen som i tråd med 2008-versjonen ikkje framstår som den persaren han eigentleg er. Han er ein kvit, muskuløs mann, og med ei stemme som heller ikkje sender tankane til varmare strøk, er det ikkje så lett å la seg overbevise. Dessutan er anatomien med ansiktet hans ikkje heilt god. Det er samantrykt og passar ikkje heilt på den elles velproporsjonerte kroppen.

Spelet ser ut til å by på mange fantastiske miljø

Mageplask

Eg har som smått vore innom prinsen sin rustning. Visst er den vakker, men i staden for tallause ornament, kunne den heller hatt bruk for eit par lag med kevlar. Sjølv om spelet ser ut til å ha ein god balanse mellom kamp og akrobatikk, er kampane ut i frå det eg har erfart ei retningslaus smørje. Prinsen sin viktigaste jobb er å halde sverdet i angrepspositur i nokre sekund, før han denger det mot fienden. Det får fienden til å fly, og om du er heldig vil fleire av dei døy, men det er ikkje veldig engasjerande.

Problemet er då at desse fiendane ikkje berre er framfor deg. Dei er bak deg, på sida av deg, dei kjem i fleire forskjellige storleikar og fasongar, og dei er mange. Veldig mange. Nokre av dei er livsfarlege og tek lang tid å ta knekken på, medan andre og større fiendar tidvis er latterleg enkle å hamle opp med.

Kampsystemet fungerer rett og slett ikkje i si noverande form fordi du lade opp sverdet for å vere effektiv. I mange kampar har sverdet praktisk talt berre prella av fiendane. Dette gjer deg ekstremt sårbar, og du endar opp med å bli kasta rundt som ei filledokke. Er du først nede og omringa av fiendar er du fortapt. Verken å hoppe eller rulle har fått meg ut av denne situasjonen, og dette bør fiksast før lansering i mai.

David mot Goliat?

På det heile er kampane i skrivande stund ei ganske uintelligent affære som ikkje krev meir av deg enn at du kan halde inne knappen lenge nok til å slå skikkeleg hardt frå deg. Det heile blir piffa opp eit hakk av nokre forskjellige typar magi som gjer slaga dine mykje kraftigare, men det er ikkje nok. Det er fett når du kan denge laus på fiendane som om dei var drivved og du var ei stor og levande motorsag, men diverre varer det ikkje lenge nok til at det gjer opp for all prylen du får av ei hær av levande døde. Er du tom for magi, er det tilbake til den tunge og trege metoden.

Les også
Anmeldelse: Prince of Persia: The Forgotten Sands

Dødsstupet

Som alle gode Prince of Persia-spel får du hive deg ut i mange akrobatiske utfordringar. Akkurat her ser spelet ut til å levere varene, og vel så det, men sidan betaversjonen eg har testa er merkbart uferdig, har mange spenstige ferder enda i ei blindgate. Dette gjer det litt vanskeleg å seie noko nøyaktig om kor gode desse utfordringane er.

Der er derimot eit stygt problem som umiddelbart gjer seg gjeldande. Kameraet er i skrivande stund forferdeleg. Det viser ofte alt anna enn det det bør vise, og meir enn ein gong har eg innsett at eg må hoppe inn i det ukjende for å kome vidare. Det har hendt litt for ofte at eg ikkje har sett kvar eg skal.

Noko som definitivt vil glede mange er korleis Ubisoft har gått vekk frå akrobatikkmodellen i det førre spelet. Der gjor spelet det meste for deg, og alt du måtte gjere var å trykkje ein knapp til riktig tid. I dette spelet er du beint nøydt til å halde tunga i munnen, og bruke solid presisjon for kvart einaste hopp. I tillegg kan du teknisk sett døy i avgrunnen, men det er ikkje verre enn å spole tida tilbake med tidssanden som no er tilbake i spelet. Eventuelt kan du berre la spelet gå tilbake til førre sjekkpunkt, noko som stort sett plasserer deg på akkurat den avsatsen du stod på før du døydde.

Prinsen gjer det han kan best

Konklusjon

Eg smørjer meg med ei solid dose sunn skepsis i forhold til Prince of Persia: The Forgotten Sands. Spelet er vakkert, har god musikk, og det ser ut til å kunne by på mykje god akrobatikk. Kampsystemet kan bli OK, men med mindre det blir mykje meir variert utover i spelet, tvilar eg på at det blir det heilt store.

Alt i alt ser det ut til at Ubisoft kanskje har hatt litt dårleg tid. Det er mykje potensiale overalt i spelet og ein kan tydeleg sjå at det er laga av folk som har gjort dette før. Men når et spel så nær lansering er så uferdig, då blir eg litt uroleg.

Prince of Persia: The Forgotten Sands kjem i salg 20. mai, for Xbox 360 og PlayStation 3.

Siste fra forsiden