Sniktitt

Red Faction: Armageddon

Brutal destruksjon

Settinga er kanskje ny, men hjartet er der øydelegginga er.

KÖLN (Gamer.no): Eit kjapt blikk på Red Faction: Armageddon kan få deg til å tru at Volition har teke ein snarveg. Der alt i Red Faction: Guerilla var brunt og oransje, er alt no køyrt i negativ. Med eit imponerande spekter av forskjellige blå valørar er det ingen tvil i mitt hovud om at spelet i det minste ser betre ut.

Likevel er det noko heilt anna enn fargepaletten som gjer Red Faction: Armageddon til eit noko vågalt prosjekt. I staden for å verkeleg ta den enkle vegen ut, og gjere akkurat det same som i Guerilla, er dette spelet i all hovudsak godt planta under jordskorpa. I staden for å køyre relativt fritt frå det eine området til det andre for å øydeleggje så mykje som mogleg, er regien stramare, og historia har fått større fokus.

Vår helt Darius.

For å gjere ting lettare å forstå, er det på sin plass med eit lite overblikk over tidslina i Red Faction-serien. Du spelar som Darius Mason, sonen til Jake Mason. «Jake Mason?» seier du? Det er sonen til Alec Mason frå Guerilla, og hovudpersonen i den komande miniserien Red Faction: Origins som er i produksjon hos SyFy Network. Ein serie kanalen har planar om å behandle på same måte som Battlestar Galactica; ved å produsere ein pilot på fleire timar, og ser korleis det går før dei tek stilling til om dei skal køyre på for full guffe.

Noko har vakna

I Red Faction: Armageddon er det mykje som har endre seg frå det du kjenner. Klimasystemet på Mars har kollapsa, og sjølv om det går an å puste på overflata, er klimaet så horribelt at det strengt tatt ikkje går an å bu der. Kraftige stormar og anna uver har tvinga folk under jorda, og dette er noko som har fått katastrofale følgjer. All gruvedrifta og gravearbeidet den nye eksistensen under jorda har ført med seg, har vekt til live ein mystisk rase av ukjende livsformer som ikkje vil deira nye naboar noko godt. For å gjere alt heilt perfekt har du – Darius Mason altså – fått skulda for det heile. Snakkar vi om å ha ein dårleg dag på jobben eller?

Dei nye fiendane er ikkje det einaste som gjer Armageddon til noko litt anna enn sin forgjengar. Nye våpen, og heilt nye måtar å øydeleggje ting på følgjer med. Berre fordi du er under jorda, og i trongare område, er det ikkje nødvendigvis slutt på den destruktive moroa frå Guerilla. Tvert i mot. Dei underjordiske områda er massive, og byr på utfordringar i ein heilt annan skala. I staden for flate, keisame landskap er det svære grotter med ein mykje meir kreativ design. Ikkje minst, massive konstruksjonar er plasserte på bakken og langs grotteveggane, og det er her moroa kjem inn.

Magnethagle! Smak på det ordet eit sekund eller to. La det rulle på tunge å tenk deg kva det betyr. Magnethagle! Dette er ei oppfinning som sannsynlegvis kjem til å hamne på lista over verdas store underverk. Du skyt den først på eit metallisk punkt, før du skyt den mot eit anna. Resultatet? Sjå for deg ein situasjon der du ikkje likar plasseringa av ein balkong, eit rom, samma kva. Den står på feil plass, den må bort. Du skyt mot den, og etter skot nummer to blir heile greia sugd i strak line til endestasjonen der herleg fysikk tek seg av resten.

Nye naboar gjer kvardagen rimeleg kjip.

Du kan bruke dette våpenet til å berre kose deg med å øydeleggje ting, men potensialet er mykje større enn som så. Kva om det kjem ein flokk med desse nye romvesna mot deg? Skyt det tårnet som står over dei, og send det med rå kraft ned på den ulukksalige flokken. Pudding kallar vi sånt. Skikkeleg god og flat pudding. Du kan bruke dette våpenet til så mange forskjellige ting at moglegheitene ser ut til å berre stogge der fantasien din får nok.

Valdeleg leikegrind

Utviklarane av Red Faction: Armageddon kosar seg tydelegvis på jobb, for det er ekstremt mange freistande element i dette spelet som får slev til å renne frå munnvika. Magnethagla er ein ting, men tenk deg å kombinere den med den nye eigenskapen «Nanoforce Pulse» som løftar opp alle fiendar og låser dei fast midt i lufta? Du kan praktisk talt plassere fiendane akkurat der du vil ha dei før du sender eit par tonn smijern i deira retning.

Eit anna våpen som fungerer ypparleg saman med «Nanoforce Pulse» er eit våpen som lagar eit lite svart hol. Igjen, løft opp fiendane, fyr laus, og kos deg med resultatet. Dette siste våpenet kan sjølvsagt brukast for seg sjølv, men det er tydeleg at det er når du kombinerer dei forskjellige våpna at den verkelege underhaldninga gjer seg synleg.

Skulle du til dømes vere i ein hardt pressa situasjon kan du bruke den nye eigenskapen som let deg reparere øydelagde objekt. Står du fast i eit hjørne? Null problem, berre skyt hol i veggen bak deg, og reparer den etterpå slik at fiendane ikkje veit kva dei skal ta seg til. Herfrå kan du lage eit nytt hol på andre sida, før du reparerer den stigen som sliten og full av rust står og skrantar ved sida av deg. Brått har du ikkje berre kome deg ut av ein vanskeleg situasjon, du har klatra fleire hundre meter opp i lufta og kan handtere situasjonen frå ein mykje betre vinkel.

Les også
Anmeldelse:
Lagar det lys lagar det bråk.

Som om det ikkje skulle vere nok får du tilgang på ei robotdrakt som let deg springe gjennom fiendar og konstruksjonar som om alt var laga av fyrstikker. For å seie det enkelt: Om du nokon gong var redd for at moglegheitene skulle bli færre i Red Faction: Armageddon, tok du grundig feil.

Konklusjon

Red Faction: Armageddon overraska meg. Eg skal innrømme at eg eigentleg ikkje forventa stort, men det eg såg gav meir meirsmak enn dei fleste spel er i stand til. Den endelause øydelegginga, og ikkje minst korleis du vel å bruke den, ser vanvittig underhaldande ut.

I staden for å berre plante eksplosivar og daske ein bygning med ein stor hammar kan du no verkeleg gå kreativt til verks. Du kan bruke både gravitasjon og fysikk på heilt andre måtar, og det heile har blitt eit formidabelt våpen i seg sjølv. Kort og godt ser Red Faction: Armageddon ut til å kunne oppfylle alle dei viktigaste kriteria for eit godt spel. Det har feite våpen, det har glimrande fysikk, historia lovar godt, og som eit ekstra krydder blir det tydelegvis litt skummelt til tider òg. Det er fritt fram for å glede seg.

Red Faction: Armageddon kjem i sal mars 2011, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden