Sniktitt

Remember Me

Stilig og elegant action i dystopisk framtidsvisjon.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): Å starte eit spel med at hovudrolleinnehavaren har mista hukommelsen er kanskje ikkje det mest originale utgangspunktet. For eit spel som i eit nikk til George Orwells berømte roman 1984 sender oss inn i året 2084, og gjev oss eigenskapen å endre kva folk hugsar, er det likevel ikkje så fjernt. I spelet reiser vi til Neo Paris, ein øydelagt versjon av romantikkens by der folk lev i eit underrykkjande overvakningssamfunn.

Hovudpersonen i Remember Me er Nilin, og spelet byrjar med at ho må lære alt på ny etter å ha fått det meste sletta frå hovudet sitt. Dette blir ei grei unnskulding for å servere oss eit par korte opplæringssekvensar som på kjapt og enkelt vis fortel oss korleis vi skal navigere oss rundt i Neo Paris.

Ikkje akkurat bestevener.
Ikkje akkurat bestevener.

Fart og eleganse

Den første utfordringa spelet byr på er kamp. Nilin brukar ikkje våpen, men demonstrer i staden at bein og armar kan vere minst like effektive våpen. Ho kan danse rundt fiendar med enkle hopp, for så å slå til dei med magnetiske slag som automatisk kuttar ned avstanden mellom ho og fiendane. Det heile minnar umiddelbart om Rocksteady sine Batman-spel, men samtidig ikkje. Dette er langt mindre brutal, og mykje meir elegant. Nilin slår glatt ein salto over ein fiende berre for å gli opp bak han med eit slag i bakhovudet, eit i ryggen, og eit siste som sender han flygane framover.

Remember Me nyttar eit kombosystem som burde vere lett å kjenne igjen. Så snart eitt slag treff målet fyrer du laus eit nytt, og slik kan du byggje opp komboar. Naturlegvis kan du hamre laus på knappen, men dette er langt mindre effektivt.

Det som gjer Remember Me svært interessant på akkurat dette feltet er at du kan byggje opp dine eigne komboar. Frå hovudmenyen kan du etter kvart som du går opp i erfaringsnivå kjøpe nye slag, spark og liknande. Desse kan du deretter leggje til i ein kombo for å gjere den lengre og meir avansert. Kvart angrep i ein kombo blir sterkare enn det førre, og dette gjer lange komboar betre enn korte. Samtidig kan nokre komboar utelukkande fokusere på skade, medan andre inneheld angrep som kan gje Nilin helse.

Det er eit smart og intuitivt system som gjer det lett å balansere offansivt og defansivt utan å på noko punkt springe rundt i ring for å kome deg på beina igjen. Du er alltid på fiendane, spørsmålet er kva formålet først og fremst er der og då.

Nilin veit å slå frå seg.
Nilin veit å slå frå seg.

Å skalere ei rønne

Ved sidan av kampane blir det mykje klatring for å kome seg framover. I Remember Me fungerer klatring mykje på same vis som i spel som Uncharted, Tomb Raider og God of War. Nilin kan klatre langs avsatsar, hoppe mellom stolpar og spor i veggane, eller opp eit avløpsrøyr. Det er ikkje uhyre originalt, men det fungerer godt. I staden for å køyre den typiske linja der du svært tydeleg ser kvar du skal gå ved at alle objekt du kan klatre på er i ein litt annan farge, får vi i Remember Me sjå ei gul pil som viser kva veg du skal gå.

Det fjernar kanskje litt av det utforskande elementet som kunne ha vore der, men det fungerer likevel veldig fint, og sjølv om eg aldri eigentleg var fri, følte eg meg mykje meir fri enn når eg klatrar i tilsvarande spel. Samtidig har utviklarane hos Dontnod gjort ein utmerka jobb i å plassere kameraet godt. Du får heile tida ein super balanse mellom å sjå akkurat det du treng å sjå medan du samtidig får studere nok av områda til at spelet dreg deg inn i si unike verd.

Mest ros for å skape god stemning skal likevel komponist Olivier Deriviere ha. Han har skapt ein unik musikk som verkeleg skil seg frå bermen og gjev Remember Me eit heilt unikt uttrykk. Han blandar den klassiske romantiske musikken som har kjenneteikna Paris i ei årrekke med skiten elektronikk og røffare rytmar. Han byggjer opp eit lydbilete som umiddelbart får deg til å tenkje på Paris, men samtidig at det er noko veldig feil med denne versjonen av Paris.

Ein ekstra bonus er at musikken endrar seg medan du spelar. I kamp kan den ta på seg nye karakteristikkar avhengig av kva du gjer, og intensiteten følgjer spelemønstret ditt.

Under jorda finn du berre trøbbel.
Under jorda finn du berre trøbbel.

Mental kirurgi

På enkelte punkt i Remember Me endrar spelet stil fullstendig. Der det for det aller meste er eit tredjepersons actioneventyr vil du ved viktige punkt i spelet få rote rundt inne i hovuda til andre personar. Dette fekk eg prøvd ut sjølv ved å endre minna til ein leigesoldat som prøvde å ta livet av meg. Ho ville ta meg for å få pengar til å hjelpe sin sjuke mann. Eg måtte få ho til å tru mannen hennar var død slik at ho heller ville alliere seg med meg for å ta dei som drap han.

Slike minneoperasjonar fungerer som ein interkativ filmsekvens. Du får sjå ei scene utspele seg, og når den er over kan du spole tilbake tida for å speide etter små feil. Når du finn desse feila kan du gå inn for å til dømes slå på ein brytar som elles er av, låse opp eit handjern eller liknande.

Desse utfordringane ser ut til å by på tankenøtter der du må finne ut nøyaktig korleis du skal nå målet ditt gjennom prøving og feiling. Sidan dei berre byr på ein riktig utveg stiller eg meg likevel litt tvilsam til kor stor verdi dei eigentleg kjem til å få. Kor mykje kan ein eigentleg utfordre dei små grå når alt ein eigentleg må gjere er å prøve å feile mange nok gongar?

Eg har uansett berre prøvd meg på den aller første minneoperasjonen, og korleis desse utfordringane ballar på seg lengre ut i spelet gjenstår å sjå.

På tide å rote til ein hjerne.
På tide å rote til ein hjerne.

Konklusjon

Remember Me ser ut til å bli eit solid og spanande tilskot til dei akrobatiske actioneventyra. Nilin er ein fascinerande person som eg trur lett kan bli ein publikumsfavoritt. Ho ser ikkje ut til å vere rett i trynet på deg slik mange hovudpersonar er, men byr i staden på ein viss mystisk aura. Ein blir nysgjerrig på ho.

Spelet i seg sjølv tyder på å bli svært solid handarbeid. Kampsystemet er spenstig og lett å forstå, men samtidig utfordrande. Å kunne skru saman sine eigne komboangrep er ein liten genistrek, og eg er svært spent på å sjå kor stor valfridom ein får seinare i spelet på denne fronten. Navigeringa gjennom byen er òg engasjerande, der dei vande oppmerka stiane blir handterte på eit litt meir subtilt vis.

Om det ferdige spelet held like høg kvalitet som det første kapitlet eg har karra meg gjennom, kan Remember Me raskt ende opp med å bli ein av årets slagerar.

Remember Me kjem i sal for PlayStation 3, Xbox 360 og Windows 7. juni.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen