Sniktitt

Resident Evil 5 (PS3/X360)

Dødsangst i solsteiken

Du har sett dette før, du veit kva veg det kjem til å gå, og du kjem til å elske det.

Å høyre den velkjende og nesten komisk grove stemma seie «Resident Evil five» , i det du trykkjer deg vidare frå startmenyen til det nyaste kapittelet i denne legendariske serien, er som å kome heim. Det er direkte vanskeleg å ikkje la eit fårete glis flerre andletet i to, før du med målretta dedikasjon kastar deg ut i styggedomen du har i vente.

Trøbbel.

Totalrenovering

Det dystre mørkret frå startmenyen glir kjapt over i brennheit sol i det ein jeep suser gjennom knusktørre landskap. Vi er i Afrika, og i rolla som Chris Redfield er du på veg for å finne ut kva pokker som skjer i denne delen av verda. Vel framme ved destinasjonen din blir du møtt av Sheva, ei handlekraftig dame som vil vere din partner i det som ligg framfor deg. Saman med Sheva går du for å få tak i våpen, og kan ikkje unngå å registrere dei olme blikka frå tilfeldige forbipasserande. Medan du forsiktig går framover, ser du i augekroken ein gjeng brutalt sparke og slå eit uskuldig offer, før den stakkars personen blir dregen bak ein husvegg. Du held fram, litt usikker på kva som eigentleg er på gang. Det einaste du veit er at noko stygt kjem til å skje veldig snart.

Og i sann Resident Evil-tradisjon gjer det nettopp det. Kort tid etter å ha fått deg ein pistol og ein rimeleg stor kniv, endar du opp i eit lite skur mange vil kjenne igjen frå demoen som no er tilgjengeleg på Xbox Live og PlayStation Network. Det du får oppleve i demoen er berre startgropa for eit spel som på alle måtar ser ut til å dytte serien ut i nytt og utrygt farvatn. Du finn ingen zombier her. Spelet følgjer opp Resident Evil 4 ved å stort sett gi deg tilsynelatande normale menneske som har mista all fornuft.

Skjønt, i Resident Evil-samanheng er «normalt» eit ord du skal ta med ei klype salt. Normale menneske veks seg ikkje høge som hus, og angrip deg med telefonstolpar. Dei gror ikkje tentaklar frå halsgropa etter å mista hovudet, og du kan vere ganske sikker på at du aldri vil bli jaga gjennom savanna av ein blodtørstig gjeng på motorsyklar og lastebilar, godt armert med kvar sin molotov cocktail, og ei automatrifle eller to.

Augeblod

Alle for ein, ein for alle

Resident Evil 5 vil vere velkjent farvatn for alle som har spelt Resident Evil 4. Det følgjer den same oppskrifta, og du må stoppe kvar gong du skal skyte. Det er sannsynlegvis ein del som ikkje vil setje pris på dette, men så snart du blir vand med det, er det noko som kjennest heilt naturleg, og som i Resident Evil 4, forsterkar det stressfaktoren.

Å inkludere ein ekstra spelbar person i alt dette, er noko som på papiret kan sjå ut som eit lite smart trekk i så måte. Resident Evil-serien har alltid vore ei einsam greie der klaustrofobien er sterk. At du no heile tida har med deg partneren Sheva, uavhengig av om du spelar aleine eller samarbeider med nokon, tek vekk litt av det trykket som ville oppstått om du var aleine. Dette gjer likevel Capcom ein god jobb i å bote på ved å berre pøse på med fleire fiendar. Du endar opp med å stå i stor gjeld til Sheva, sidan ho kan vokte ryggen din, medan du er oppteken med ditt.

Samtidig tek samarbeidet bort litt av dødsstatistikken din. Om du er nær ved å døy, kan Sheva få deg på beina igjen. Om du blir angripen av ein skabbete hund, kan Sheva gi han eit solid spark. Du kan hjelpe ho på same måte, og det endar opp som eit veldig harmonisk samspel som stort sett gjer opplevinga betre. Du blir heller ikkje nøydt å tenkje på alt sjølv heller. Om du endar opp med å måtte lade våpenet ditt, og samtidig blir angripen, kan Sheva fungere som lege ved å bruke ein helsespray, eller nokre livgjevande urter.

Sol og varme.

Kampen for tilværet

Dette får oss kjapt over på det som for mange vil bli det største stressmomentet i spelet. Alle gjenstandar må plukkast opp manuelt, og dette kan raskt bli traumatiske greier. At du må plukke ammunisjonen sjølv er ikkje noko problem, men det du får er sjeldan i samsvar med kva du treng. Ammunisjon er ei eksepsjonelt stor mangelvare i spelet, og du vil ofte gå rundt med eit inventar fullt av tomme magasin. Du kan spare på ammunisjonen ved å skyte eit skot, for så å springe fram mot fienden din for å sende ein knyttneve i trynet på han, men det fjernar ikkje problemet heilt.

Du spring frå stad til stad, øydelegger kassar og tønner for å finne noko nyttig, men det du ofte står igjen med er litt gull. Du treng kuler på same vis som ein einsam vandrar i Sahara treng vatn, men alt du får er gullet å handle for, men ingen butikk. Det er frustrerande, veldig frustrerande, men det er samtidig litt vanskeleg å kritisere spelet for hardt. Om du hadde store mengde ammunisjon, kunne spelet raskt ha blitt for enkelt, og dei vanvittige intense situasjonane du endar opp i kunne raskt mista litt av magien ved å bli for lette. Litt ekstra ammunisjon hadde likevel ikkje skade, og dette er av og til litt vanskeleg å godta.

I testversjonen eg har køyrt gjennom nokre gongar skjer all handel mellom kvart kapittel, eller før du blir sendt tilbake til siste sjekkpunkt etter at du har blitt drepen. I løpet av dei tre første kapitla av spelet har det diverre ikkje vore mogleg å oppgradere verken våpen eller utstyr, ei heller å kjøpe ammunisjon. Resultatet har difor blitt å bruke det gullet eg har til å kjøpe nye våpen med fullt magasin, og selje dei tomme våpna eg har. Det er ein tungvindt og ganske usmart måte å gjere ting som eg alvorleg talt håpar er tilfelle berre i testversjonen.

Mørkets fyrster.

Visuell maktdemonstrasjon

Det er så godt som umogleg å sjå forskjell på Xbox 360-versjonen og PlayStation 3-versjonen av Resident Evil 5. Det er eit makelaust flott spel på begge plattformer, og sjølv om det på ein måte gir oss akkurat det vi forventa etter Residetn Evil 4, er det samtidig heilt nytt. Å plassere spelet i Afrika har gitt utviklarane fridom til å snu opp ned på veldig mykje, og først og fremst merkar du dette gjennom den steikjande sola som ser ut til å prege mykje av spelet.

Sjølv om spelet teknisk sett er veldig pent, er det ikkje dette som først og fremst imponerer. Det er korleis Capcom vel å formidle ting. Korleis dei set kameravinkelen når du ser noko nytt, og korleis dei får fram krisa som skjer. Dei forskjellige personane du møter er alle truverdige, sjølv om dei varierer mellom det kjende og trauste, til det absurde og karikerte. Solid og truverdig animasjon, saman med veldig godt skodespel, gjer det lett å tru på personane. Vi møter til dømes ein afrikansk soldat som faktisk høyrest afrikansk ut, og ikkje som ein amerikanar som prøver å lage litt afrikansk sleng på språket.

Den einaste som ikkje greier å overbevise meg er faktisk Chris, hovudpersonen sjølv. Med sine enorme musklar står han i fare for å gli inn i ei etter kvart lang rekke med stereotypiske heltar, utan å tilføye noko nytt sjølv.

Konklusjon

Ein ting er veldig sikkert: Resident Evil 5 kjem til å innfri forventningane dine. Det spelar inga rolle nøyaktig kva desse forventningane er, poenget er at Resident Evil 5 er eit spel skrudd saman av industriens fremste utviklarar. Folk som verkeleg veit kva dei driv med, og veit korleis dei skal lage god underhaldning. Dei maktar å blande saman lineære område med fridom, elegant historieforteljing utan å bruke mykje tid på den, og å framstå som eit av dei feitaste skytespela du kan få tak i, sjølv om du er tom for ammunisjon.

Resident Evil 5 er som å spring rundt i eit mørkt rom med berre ei lommelykt som ven. Forskjellen er at lommelykta er borte, og du står midt i solsteiken. Gøymt bak hushjørna står sinte menn klare til å rive ut halsen din, køyre ei motorsag gjennom ribbeina dine, og hakke opp restane med kjøtøks.

Det store spørsmålet no er: Er du klar?

Denne sniktitten er i sin helhet skrevet av Øystein Furevik.

Diskutér artikkelen

Siste fra forsiden