Sniktitt

Resident Evil 6

Uhygge og action møtest til dans medan zombiene angrip på ny.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det er ikkje alle som er like nøgde med endringane som har skjedd i Resident Evil-serien dei siste åra. Sjølv om Resident Evil 4 blant mange blir sett på som eitt av dei beste i serien, om ikkje det beste, er det samtidig mange som ikkje likar det stadig større fokuset på action. Spesielt mange reaksjonar kom etter Resident Evil 5, der vi møter Chris og Sheva som måtte til kamp mot ein mutert versjon av Las Plagas-viruset frå Resident Evil 4. I dette spelet blei tempoet skrudd opp enda fleire hakk, og det var ikkje frykteleg mykje som minna om den bitande stemninga frå dei første spela.

Tempo og action gjer seg i alle høgste grad gjeldande i Resident Evil 6 òg, men det kan sjå ut til at det blir ein mykje større balansegang mellom beinharde actionsekvensar og langsam og iskald grøss.

Storeslem vil ha mat.

Tredelt historie

Dei aller største nyhenda med Resident Evil 6 i forhold til forgjengarane er at i staden for å servere ei heilskapleg historie, får vi tre individuelle historier. I den rekkefølgja du vil kan du spele som anten Leon, Chris eller nykomaren Jake, som er Albert Wesker sin son. Kvar av dei får i tillegg ein partner som ein ven kan ta kontroll over i likskap med samarbeidsmodusen i Resident Evil 5. Du kan velje sjølv kva historie du vil spele når, og i kva rekkefølgje. Du kan til dømes starte med å spele nokre kapittel med Leon, hoppe over til å starte kampanjen til Chris ei stund, før du igjen går tilbake og fullfører med Leon. Dei forskjellige historiene vil overlappe her og der, men dei vil ikkje ha nokon innverknad på kvarandre.

Eg har ikkje fått sjansen til å teste ut alle dei tre kampanjedemoane Capcom viste fram, men eg har fått jakte zombier i selskap med både Leon og Jake. Der tida med Jake var prega av høgtempo-action, var Leon den rake motsetning. Med Jake måtte eg springe gjennom livlause bygningar med eit svært monster på slep, før eg enda opp i noko som minna om ein lagerbygning der strategisk plasserte kuler mot eksplosive oljefat blei ein nødvendig taktikk i kampen mot beistet.

I dette scenariet måtte eg konstant halde meg i fart. Stod eg for lenge i ro kunne eg rekne med ein massiv knytneve i hovudet, og eg måtte difor springe i sikksak rundt beistet, opp trapper, og hoppe mellom diverse avspring via kontekstsensitive handlingar. Det heile var kanskje veldig actionprega, men samtidig intenst og vitnar om at Capcom framleis kan produsere fram utfordrande sjefskampar. Samtidig blei det tydeleg at sjølv om spelet framleis brukar kontrolloppsettet frå Resident Evil 4 og 5, har det blitt straumlinjeforma enormt mykje berre grunna ein liten detalj; du kan no skyte medan du går.

Det ironiske er at eg eigentleg ikkje registrerte dette før seinare ut i demoen. Det er ei naturleg og på sett og vis sjølvsagt utvikling av serien, og sjølv om du blir hakket mindre sårbar grunna dette, gav det meg aldri kjensla av å vere trygg. Du må framleis halde inne ein knapp for å springe, og eg kom aldri i nærleiken av det tempoet tradisjonelle skytespel byr på.

Uhygge av god, gammal sort.

Frå lys til mørke

Leon var den rake motsetning, og minna mykje meir om Resident Evil-spel av eldre dato. Med den nye spesialagenten Helena Harper på slep luska eg meg gjennom dei mørke lokala i presidentboligen på jakt etter ein veg ut. I dette scenariet handla alt om stemning, og sjølv om det er litt vanskeleg å kjenne skrekken på kroppen når du er omringa av folk og eit bråk som gjer det vanskeleg å høyre lyden frå spelet, kan det sjå ut til at Capcom er inne på noko.

Medan eg vandra sakte rundt i gangane var det ein vesentleg ting som slo meg; det var ingen der. Absolutt ingen. Ingen personar, ingen lik, og ingen zombier. Det var berre meg og Harper. Det er som dei seier med skrekkfilmar; spenninga er størst før du får sjå galskapen, og dette gjorde seg veldig gjeldande i kapittelet til Leon. I staden for å jage zombier handla det om å finne ein veg ut før zombiene kom. Capcom brukte små grep til stor effekt i dette området. Lyssettinga var på topp, og små detaljar og hendingar sørga for at eg aldri følte meg heilt trygg.

Området var ikkje heilt tomt for zombier, men dei var sjeldan kost i forhold til kva vi har blitt vande med frå Resident Evil 5. I staden møtte eg ein eldre mann som var på desperat jakt etter dottera si, og som dei gode samaritanane heltar i spel plar vere, lot ikkje Leon og Helena seg be to gongar.

Å luske etter ein eldre herre med lommelykt hadde både sine positive og negative sider. Det blei tydelegare at eg var sårbar for angrep, men den kunstige intelligensen som fortel den gamle mannen når han skal vandre vidare, såg ikkje ut til å vere heilt optimalisert enno. Det blei ein del stogging og venting, og dette drog meg litt ut av den elles dystre stemninga. Den kusntige intelligensen på partnerane dine ser derimot ut til å vere hakket meir stabil enn i Resident Evil 5, sidan eg ikkje kom utfor irritertande opplevingar med dei i løpet av speletida.

Les også
Anmeldelse:
Nokre gongar må du nok ta beina fatt.

Konklusjon

Det herskar ingen tvil om at action har kome for å bli i Resident Evil-serien, men det ser likevel ikkje ut til at Capcom har ignorert seriens røter. I Resident Evil 6 blandar dei grøss og skrekk på ein måte som lovar svært godt, og vi får spenstige og hektisk action i kamp mot svære monster, side om side med god gammaldags lusking gjennom mørke korridorar.

Av demoen å døme vil dei tre kampanjane spelet byr på diske opp med rimeleg forskjellige spelestilar, der vi får eit fokus på både skrekk og action. Det finjusterte kontrollsystemet gjer det samtidig enklare å handtere hektiske situasjonar, samtidig som eg ikkje fekk noko kjensle av at dette er eit actionspel. Dette er framleis Resident Evil, og det er ein lang veg mellom dette og Gears of War. Nøyaktig kor grusom skrekken blir finn vi ut i oktober.

Resident Evil 6 kjem i sal 2. oktober, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Les også: Sniktitt på ZombiU
Les også: Zombierollespill trenger din hjelp

Klarer ikke laste video

Siste fra forsiden