Sniktitt

Resident Evil: Operation Raccoon City

Slik har du aldri sett Resident Evil-serien før.

LOS ANGELES (Gamer.no): Ikkje eingong dei største og mest respekterte seriane kan unngå endringar. Ikkje at det er ein dum ting. Det er endring som skapar nye idear, og om Resident Evil-serien hadde tvihaldt på sine originale idear utan å blunke, hadde vi garantert ikkje fått oppleve det fantastiske Resident Evil 4. Kven veit kvar serien hadde vore i dag om det spelet aldri hadde sett dagens lys.

Trass endring og nytenking si positive innverknad på Resident Evil-serien var det likevel lett å forstå at Operation Raccoon City blei møtt med skepsis. Sjølv om serien har utvikla seg jamt og trutt med kvar utgåve, har ein ting alltid vore svært viktig: Eit dempa tempo. Du har aldri vore i stand til å navigere deg rundt i dei ulike områda heilt fritt, og valet mellom å gå og å skyte har vore kritisk. I Operation Raccoon City er dette historie. No trer du inn som ei brikke i eit lag med soldatar, i spenstige kampar over nett. Du kan spele aleine òg, men det er på ingen måte der fokuset ligg.

Dette blir ikkje ein solskinnstur.

Korleis skal dette gå?

Dei gode nyhenda er at det ikkje ser ut til at du har noko å frykte. Slant Six som står for utviklinga av denne avsporinga for Resident Evil-serien har i ei årrekke demonstrert at dei verkeleg kan skytespel. Like så med Operation Raccoon City. Det er eit tredjepersons skytespel som framstår som ein kombinasjon mellom Resident Evil 5 og Left 4 Dead. Tempoet er høgre enn i Resident Evil, men du er konstant omringa av ei endelaus bølgje med levande døde som trass sine tekniske problem med normalt ganglag lett kan bli ei overveldande byrde om du ikkje er forsiktig.

Operation Raccoon City kastar deg inn i kampen anten for eller mot heltane frå Resident Evil-spela. Det er fleire fraksjonar å velje mellom, der nokon vil rydde opp, og andre vil lage kaos. Dette er derimot ikkje så frykteleg interessant akkurat no, sidan det er dei grunnleggjande mekanikkane som står i fokus.

Du kan byrje med å sjå på spelet som eit heilt typisk skytespel. Du har to lag som kjempar mot kvarandre om eitt eller anna mål. Som i dei fleste lagbaserte skytespel vil kvar spelar kunne velje ein karakter med ei definert rolle, slik at alle har sine viktige ting å fokuser på i løpet av ein kamp, utover det å berre skyte fienden.

Så langt er alt heilt normalt, men Operation Raccoon City har eit tredje element som herjar fullstendig med balansen: Zombier. Kvart einaste nivå i spelet er fylt til randen med Zombier av ulike slag. Desse zombiene er eit konstant hinder du må passe deg for om du vil kome deg heilskinna fram til mål. Dei vel ikkje side, men går etter alt og alle, noko som tilfører spelet eit forfriskande og fullstendig uforutsigbart element.

Pass deg for fanden.

Forbruksvare

Stort sett er ikkje zombiene meir enn eit hinder. Det spelar inga rolle kor mange av dei du drep, du blir aldri kvitt dei. Dei kjem tilbake kontinuerleg, og dette skiftar fokuset ditt frå å drepe zombier til å kome deg frå A til B i eitt stykke. Å byggje spelet opp på denne måten har ganske kraftige ringverknadar. Kvart område er ei minesone, og om laget ikkje samarbeider kan du raskt ende opp med å drukne i ei klynge av levande døde berre fordi du prøvde å hjelpe nokon andre som enda opp i ein liknande situasjon. Ein må ha auge i nakken og full oversikt til ei kvar tid, og det kan bli ekstremt stressande.

Målet ditt er ofte ikkje meir avansert enn å kome seg til eit bestemt område. Det blir kanskje kamuflert med å finne ein person eller eit objekt, men for deg betyr det etter alt å døme at du må ta beina fatt.

På denne ferda vil du møte både fiendtlege spelarar og fiendtlege skapningar som spelet styrer sjølv. Dei fleste områda ser ut til å vere fulle av zombier, men det er ikkje alltid så enkelt som at du berre skal kome deg gjennom dei. Eitt område eg kom innom hadde til dømes nokre kjappe krabatar som klatra langs veggar og tak, og her kom eg ikkje vidare før alle var døde. I staden for å utelukkande fokusere på å dreper fiendtlege spelarar, latar det til at spelet byr opp til dans med fleire forskjellige element som skapar variasjon.

Sjølv om zombiene i stor grad er ei hindring du må gjennom kan dei òg brukast til din fordel. Som i mange andre skytespel blir skjermen raud når du tek for mykje skade, men dette er samtidig eit teikn på at både spelaren og laget kan vere i stort trøbbel. Om du skyt nokon så lenge nok til at dei byrjar å blø vil dette vekkje zombiene til live i stor stil, og dei vil flokke seg om blødaren lik insekt rundt ei lampe. Det kan minne om ein bilalarm i Left 4 Dead sjølv om tempoet ikkje er like høgt.

Les også
Anmeldelse:
Ein ganske roleg dag på jobben.

At zombiene er trege gjev deg derimot ingen grunn til å vere høg på pæra. Av det eg har spelt latar Operation Raccoon City til å vere ein ekspert i å overrumple deg med zombier. Dei kjem frå alle kantar, og om du først hamnar midt i det spelar det inga rolle kor mange kuler du har. Let du fiendane omringe deg ser du aldri enden på det, og akkurat her har Slant Six gjort ein fenomenalt god jobb i å gjenskape den stemninga som oppstår i zombiefilmar når fienden omsider blir for mykje. Alt håp er naturlegvis ikkje ute, og ein velplassert granat frå eit lagmedlem kan vere nok til at du ser ei opning. Dette understrekar derimot berre kor viktig det faktisk er med samarbeid i dette spelet. Å ture på som Rambo utset både deg og lagkameratane dine for ein potensielt særs blodig død.

Konklusjon

Resident Evil: Operation Raccoon City er definitiv eit stort steg i ei ny retning for ein serie som stort sett har basert seg på skrekk og gru i alle år. Det interessante er at det strengt tatt ikkje ser ut til at skrekken og gruen på nokon måte er borte. Dette er eit veldig mørkt og stemningsfullt spel, og atmosfæren er ganske langt frå den humoristiske slaktarmentaliteten som gjerne oppstår i Nazi Zombies og Left 4 Dead.

Du har kanskje tempo, ammunisjon og solide våpen på di side, men du må framleis vere på vakt. Om du ikkje er forsiktig, og om du fullstendig ignorerer lagkameratane dine kan du raskt ligge med trynet ned i asfalten.

Alt kan sjølvsagt skje fram til lansering, men akkurat no ser Resident Evil: Operation Raccoon City ut til å bli eit essensielt og engasjerande tilskot til zombiesjangeren som om sant skal seiast nådde metningspunktet sitt for mange år sidan. Ikkje verst.

Trailer fra E3 2011.

Resident Evil: Operation Racoon City kjem i salg til hausten, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden