Sniktitt

Rocksmith 2014 Edition

Her er løysinga for deg som gjerne vil jamme med eit band.

LOS ANGELES (Gamer.no): Fjorårets gitarspel Rocksmith var nesten den ultimate pakka for dei som likar musikkspel, men saknar å få bruke eigne instrument. Spelet var bygd opp rundt tanken om å lære deg å spele gitar på ein artig og ny måte. Du kunne spele til ulike kjende låter frå musikkhistoria, eller øve på eiga hand med ulike gitarspel som på sikt ville lære deg å kjenne gitaren betre, og såleis bli raskare og meir presis.

Rocksmith blei ein større suksess enn Ubisoft hadde rekna med, og det betyr sjølvsagt at dei vil halde fram serien med eit nytt spel. Her kunne de valgt å berre dytte ut eit nytt spel der ein fiksar på nokre småting og gjev oss ei samling nye låter å velje mellom, men det er ikkje denne vegen franskmennene har valt. I staden har utviklerne satsa på å gi oss ei heilt ny musikalsk oppleving ulikt noko anna du har opplevd før.

Menyane har fått ei justering.
Menyane har fått ei justering.

Kunsten å jamme

Dei fleste som driv eller har drive med musikk, kjenner til konseptet jamming. Det går kort fortalt ut på å at ein plukkar opp eit instrument og berre spelar det som måtte kome fram. Mange band og musikarar skriv låtene sine på denne måte; ved å improvisere.

Etter å ha luka ut forsinkelsesproblema som i Rocksmith sørga for at lyden frå gitaren kom som eit ekko etter at du slo på strengane, var det jamming som stod høgst på lista over kva teamet ville gjere i sitt neste spel. Korleis skal ein gjere dette på ein måte som faktisk framstår som intuitiv ovanfor spelaren? Korleis kan ein gi ein einsleg og håpefull musikar sjansen til å skape nye idear på sparket med eit heilt band i bakgrunnen?

Svaret har blitt ei lang rekke musikarar som er styrt av kunstig intelligens. I Rocksmith 2014 Edition vil du kunne byggje opp ditt eige band av kunstige musikarar som alle har rot innan ulike sjangrar. Du kan hente ein Doom-trommis, ein funkgitarist og ein jazzbassist inn i ei og same gruppe før du plukkar opp ditt eige instrument og klimprar laus på strengane. Det høyrest kanskje ut som å love meir enn kva mogleg er, men det er uhyre overbevisande i aksjon.

«Musikarane» i bakgrunnen høyrer etter kva du gjer, og spelar deretter. Spelet les kva tonar og skalaer du held deg innanfor, og tilpassar bakgrunnsmusikken slik at alt passar. Om du slår ein lett og svak tone vil trommis følgje på i same stil, og dei resterande musikarane vil gradvis slengje seg på. Etter kvart som du skiftar i intensitet vil «bandet» ditt svare på det du gjer ved å spele røffare, høgre og kanskje tyngre.

Medan du spelar har du i tillegg direkte kontroll over tempoet. Har du ein Kinect kopla til Xboxen din kan du rope ut om du vil endre tempoet, og bandet svarar. Skulle du ikkje like kva du høyrer frå backingbandet ditt kan du byte ut individuelle musikarar heilt til du finn den samansetjinga som passar deg best.

Du kan setje saman ditt eige band.
Du kan setje saman ditt eige band.

En hit på kommando

Å vere vitne – og i enda større grad deltakar – til det Ubisoft har fått til er nesten overveldande. Personleg er det mange år sidan sist eg hadde sjansen til å spele med eit fullt band, og det å kunne stå der med ein gitar medan eit band villig lystrar deg bringer ei musikalsk glede eg ikkje har sett i noko spel før, med mogleg unntak av det komande Fantasia: Music Evolved frå Harmonix.

Ein kan lett få inntrykket av at moglegheitene er uendelege, sjølv om det definitivt finnest ei grense. Dei kunstige musikarane har ikkje eit endelaust repertoar å ta frå. Alle lirer frå seg rytmar og melodiar som er innspelte på førehand, men korleis dei musikalske mønstra blir sett saman er høgst tilfeldig, og i stor grad avhengig av korleis du spelar sjølv.

Det blir likevel svært spanande å sjå kor stort potensialet er når det fulle spelet blir tilgjengeleg i haust. Å jamme fram ei låt medan alt er nytt er imponerande, men risikoen er naturlegvis der for at du etter ei stund vil høyre dei same rytmane om igjen fleire gongar. Utviklarane lovar likevel at dei har spelt inn skremmande mange timar med musikk for denne modusen, så håpet er definitivt på plass.

Utover dette er det fortsatt for tidleg å seie mykje om kva Rocksmith 2014 Edition vil by på. Ubisoft var forståeleg nok mest hyppe på å vise fram jam-modusen, og ville ikkje seie noko om korleis resten av spelet vil fungere. Ein ting som i det minste er klart er at menysystemet har fått seg ei solid overhaling, og du vil bruke langt mindre tid der i det nye spelet enn i fjorårets Rocksmith.

Spelet les kan tonar du spelar, og tilpassar seg deretter.
Spelet les kan tonar du spelar, og tilpassar seg deretter.

Konklusjon

Vi er i ferd med å entre ein heilt ny era for musikkspel. Der vi før i tida trykka inn knappar i takt med ein rytme, før vi seinare kasta oss over plastgitarar for å leike at vi var gitarheltar, er vi no i ferd med å få fleire spel som lovar å gi oss ekte varer.

Rocksmith var eit svært overbevisande og høgst underhaldande gitarspel, sjølv om det hadde sine manglar. Menysystemet kunne vere knotete og gjorde ting som burde vere enkle unødig vanskelege. Samtidig var forsinkelsen på gitaren hakket for høg. Den hindra deg ikkje i å spele, men det var irriterande. Dette ser no i aller høgste grad til å vere fiksa på, men den aller beste og viktigaste nyvinninga er den imponerande jam-modusen.

Her kan du skru saman ditt eige band med musikarar frå eit mylder av ulike sjangrar, og når det er gjort er det berre å slå laus på strengane for å jamme fram dine heilt eigne geniale idear. Det er vanskeleg for meg å sjå korleis nokon med eit minimum av interesse for musikk ikkje frådar rundt kjeften av den tanken.

Les også: Disse spillene imponerte oss mest på E3 2013
Les også: Manipuler musikk i Fantasia: Music Evolved

Presentasjon av Rocksmith 2014 Edition på E3.

Kommentarer (16)

Forsiden akkurat nå

Til toppen