Sniktitt

Sleeping Dogs

Skal vi endeleg få litt skikkeleg Hong Kong-action i spelformat?

LOS ANGELES (Gamer.no): Eg skal ikkje lyge på meg at eg er den aller største fanen av slike opa-verd-spel. Grand Theft Auto-serien har alltid slått meg som eit samansurium av middelmåtige element som hos enkelte framstår som rein perfeksjon når det blir dytta inn i ei total pakke. Eg forstår det ikkje, OK + OK blir ikkje fantastisk i mi bok, sjølv om eg må finne meg i at andre ser noko eg ikkje ser.

Sleeping Dogs har i så måte ei utfordring når eg står der og skal ta inn inntrykka. Det er litt vanskeleg å setje fingeren nøyaktig på kva det er med dette spelet, men noko med presentasjonen gjer dette til eit mykje meir appelerande spel enn andre kreasjonar i sjangeren.

Heftig action på både to og fire jul.
Heftig action på både to og fire jul.

Hong Kong Pow

Å seie noko om ei historie der alt eg har sett er nokre sinte, unge menn som kjeftar på kvarandre er fånyttes. Det einaste eg med tryggleik kan seie er at her blir det intrigar, baksnakking og dolking i ryggen. Historia ser ut til å bli presentert med fart, kjapp klipping og mykje bannskap. Kva som skjer i løpet av ein kort halvtime med godt koreografert symmetri mellom film og interaktivitet er derimot ganske uvesentleg. Det er kva desse filmsekvensane leiar opp til som verkeleg fekk meg til å sperre opp auga.

Om ein kan gje utviklarane kred for noko, er det den fantastiske byen. Ei intens biljakt gjennom Hong Kong etter solnegang er noko heilt spesielt. Dette ser alvorleg talt ikkje ut som nokon annan by i noko anna spel. Arkitekturen, lysa, skilta som heng frå bakkenivå til metervis oppe i lufta. Alt har ei eksotisk duft over seg. Du ser umiddelbart at du er milevis frå dei amerikanske statar.

På sett og vis framstår byen meir organisk enn byar i andre spel. Den ser ut som noko som har vakse fram over fleirfaldige år. Den ser ikkje ut som om den er organisert og planlagt i nøye detalj. Bygningane ser ut som tre som har vakse opp der dei skulle ha funne god jord, og det får byen til å kome til live på ein heilt spesiell måte. At ein i det heile merkar dette medan ein er deltakar i ei eksplosiv biljakt seier sitt om kor godt arbeid som ligg bak denne byen.

Biljakta på si side er noko for seg sjølv. Ikkje berre navigerer kjerra som ein verkeleg bil med truverdig fysikk, men det heile er så heftig regissert at det tidvis er vanskeleg å tru alt skjer i sanntid. I full fart lenar du deg ut vindauget og skyt kuler om kapp med dei som jagar deg. Gjennom svingar, under bruer, og forbi folkemassar jagar bilane kvarandre. Det er kaotisk og dristig, men samtidig har ein likevel full oversikt over situasjonen. Kuler treff, bilar går i grøfta, og eksplosjonar følgjer etter. Viktigast av alt er at det heile på ingen måte er pent. Det er flott filma, men det er røft og skitens på ein veldig kul måte.

Det er lett å bli gira av slikt, og ein blir nesten litt skeptisk for om denne intensiteten kan halde seg ved like.

Kor mange skal du pryle i dag?
Kor mange skal du pryle i dag?

Knokar i trynet

Ville biljakter er berre ein del av spelet. Mykje av tida di brukar du til fots der du møter folk, slår av ein prat, og tar på deg oppdrag. Nøyaktig korleis strukturen er i korleis du snappar opp forskjellige oppdrag har eg ikkje fått eit solid innblikk i, men eg har fått ta del i nokre ganske brutale basketak.

Di rolle i spelet er som ein undercover politimann, og dette set deg naturlegvis i ein ganske spesiell situasjon. For å få alt til å gå din veg må du setje folk opp mot kvarandre, og unngå at dei finn ut kven du er. Dette betyr at du på fleire punkt i spelet må ta opp jakta på folk til fots.

Gjennom eksotiske lokale fulle av folk må du springe etter ein bastard som på harde livet prøvar å kome seg unna. Her er det lagt inn fleire knep for å få denne jakta til å gå så smertefritt som mogleg. Kvar gong du når eit hindre kan du trykkje hardt på ein knapp for å raskt hoppe eller klatre over det som skulle kome i vegen. Det er kjapt og engasjerande, men eg er ikkje heilt overbevist over responsen på analogstikkene. Når du vandrar eller spring rundt i Hong Kong er kontrollen litt vinglete, og kontrollane kunne hatt godt av litt meir tyngde.

Når du først tar igjen ditt stakkarslege offer fyrer spelet opp kampmotoren sin. I Sleeping Dogs handlar det om nærkamp, ikkje skytevåpen. Du blir kasta inn i sitasjonar der du blir omringa av mange fiendar, og det heile handlar meir om å reagere enn å agere. Kvar gong ein fiende slår mot deg får han ein raud silhuett. Om du reagerer kjapt nok kan du blokkere dette angrepet og gå til motangrep. Det kan vere noko så enkelt som å ta tak i ein fot og leggje fyren i bakken, eller vri om armen på tosken. Det er intenst og dynamisk, og når ein i tillegg kan gripe tak i folk og sende hovuda deira gjennom ei vifte blir det lett veldig brutalt i same slengen.

Det blir nok av drama i Hong Kong sitt kriminelle miljø.
Det blir nok av drama i Hong Kong sitt kriminelle miljø.

Konklusjon

Sleeping Dogs kan vise seg å vere nettopp det – ein hund som når som helst kan rive til. Spelet byr på ei innbydande og karismatisk verd eg har lyst til å sjå meir av. Samspelet mellom dei forskjellige personane ser ut til å vere bra, og dynamikken mellom historie og speling ser ut til å vere godt porsjonert. Kjapp og presis regi sørgjer for at du blir engasjert i historia, men den tek ikkje så mykje tid at ein blir lei, eller det går ut over resten av spelet.

Samtidig byr spelet på nok av eigenart til å stå på eigne bein mot meir etablerte aktørar i sjangeren. Heftige biljakter er berre eitt av dei freistande elementa, men dei brutale basketaka som følgjer får deg til å sende spark og knytnevar i alle retningar som om du aldri skulle ha gjort noko anna.

Sleeping Dogs kjem i sal 17. august, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen