Sniktitt

South Park: The Stick of Truth

Den vulgære kampen for å bli den kulaste ungen i gata er i gang.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det er veldig greitt å heite Obsidian Entertainment når oppdragsgjevarane dine heiter Trey Parker og Matt Stone. Alt blir liksom så mykje enklare. Korleis lage eit spel basert på South Park-universet? Gjer det du kan, lag eit rollespel! Men kven skal du vere i dette rollespelet? Den nye ungen i gata sjølvsagt! Men kva grunn har du for å springe ut på storslagne eventyr? Foreldra dine ber deg springe ut for å få nye vener sidan dei skal innvie kvart rom i huset gjennom seriøs og langvarig knulling.

Så enkelt kan det faktisk gjerast. Eg kan aldri tenkje meg at det tok veldig mange designmøte før dette utgangspunktet var klart, men når spelet heiter South Park er det ikkje så veldig mykje som ikkje gjev meining.

Dei fleste veit av erfaring at leikegrinda er serious business.

Byplanleggjing

Heilt sidan serien hadde premiere på Comedy Central i 1997 har vi fått sjå fleire og fleire sider av den vesle byen i Colorado. Det er deirmot først no at nokon har laga eit reelt kart over byen. Verken Stone eller Parker hadde via dette mykje tanke, men når du skal skru saman eit godt, gammalt og tradisjonelt turbasert rollespel treng du eit oversiktleg kart. Obsidian fekk dermed jobben om å flette alle dei forskjellige områda i South Park saman slik at du kan utforske dei på di jakt for å bli kul.

Det som slår deg aller først med South Park-spelet er at utviklarane verkeleg har nagla den råtne stilen til serien. Det ser verkeleg ut som ein ordinær episode, og det heile er like fastlimt og todimensjonalt som ein kan forvente. Alle figurane flyttar seg anten fram og tilbake på skjermen, eller innover i eit stilleståande bakgrunnsbilete. Dette er sjeldan kost frå eit storspel i 2012, men South Park minnar aller mest om dei gamle japanske rollespela frå 90-talet. Det blir altså ikkje gjort eit einaste forsøk på å få papirklippestilen frå serien over i 3D, og godt er det.

Som sagt er du den nye ungen i gata. På din veg for å finne vener møter du kjapt Cartman som tek deg under vegna si, så og seie. Han tek deg med til leiren der alle ungane moglegvis tek leiken hakket for seriøst. Med telt, speidartårn og livets vatn som nokre av ingrediensane har ungane bygd opp ein klassisk rollespelby. Treng du å handle eller prate kan du gjere det her, men aller først har Cartman eit svært viktig oppdrag til deg; Å få tak i Kung-Pow Chicken.

Naturlegvis går ingenting etter planen, og straks blir leiren angripen av nokre kjipe born frå naboleiren. Med skamslåtte born liggjande strødd som fluger, og ein brennande teltduk er det klart for kamp.

Er du kul nok til å stå side om side med Cartman og co?

Berre i South Park

Det er ikkje berre den praktiske utforskinga i spelet som minnar om japanske rollespel. Kampane er som henta rett ut frå eit vilkårleg rollespel frå solriket. Alt skjer etter tur, og ingen på laget ditt gjer noko utan at du bestemmer det. Har du spelt eit turbasert rollespel før vil du forstå kva du har med å gjere umiddelbart. Du får servert fleire forskjellige angrep som alle har sine ulike bruksområde, og nøkkelen er å bruke dei riktige angrepa til riktig tid. Møter du til dømes fiendar som står i fleire rekker, kan du hente fram ein ball og eit balltre for å gjere meir skade.

Samtidig er det viktig å plukke ut dei rette fiendane å angripe. Når du kjempar mot ein gjeng goth-vampyrar seier det seg sjølv at dei har «soldatar» som har god erfaring med å halde seg og andre i live på unaturleg vis.

I løpet av kampane vil du sjå mykje klassisk South Park-humor, og absolutt alle element i spelet er prega av sitt opphav. Til dømes finn du tidleg eit vibrosverd som eigentleg er ein stor, lilla vibrator. Når du har funne eit feitt våpen kan du gi det nye eigenskapar som til dømes luguber skit, noko som ikkje kan vere sunt.

Av og til må ein til med større skyts enn store vibratorar. Treng du litt eksplosiv moro kan du fyre laus nokre nyttårsrakettar, men om du trur du er kvalifisert kan du hente inn eitt av spelet sine noko tvilsame überangrep; Mr. Slave. Det er litt vanskeleg å finne dei rette orda for kva Mr. Slave gjer, men eg skal prøve. Praktisk talt set han seg på fienden, vrikkar litt, og brått var stakkaren borte. Det finnest sikkert mange artige måtar å gjere forvisingsmagi på, men denne må eg innrømme eg ikkje har sett før.

Les også
Anmeldelse: South Park: The Stick of Truth

Etter kampane kan du oppgradere figuren din med erfaringspoenga du har fått, ta i bruk nytt utstyr, og bruke pengar du har tent på å skaffe nytt utstyr. Har du gjort ein god jobb vil du òg kunne stige i rang. I løpet av demoen gjekk vår ven frå å vere «Douchebag» til å vere «Butthole». Vegen til «Awesome» er utvilsomt lang.

I South Park er det ingen nåde.

Konklusjon

Eg er kanskje litt rar, men grunnen til at eg ser fram til South Park er ikkje først of fremst sidan det er South Park. Dette er det næraste vi har kome eit skikkeleg tradisjonelt japansk rollespel til heimekonsoll på mange år, og det får det til å sitre litt i fingrane. For første gong får du verkeleg lov til å utforske South Park, og det gjennom det splitter nye bykartet som blei laga spesifikt for dette spelet, sidan noko kart aldri har eksistert før.

Det overordna målet for spelet er tydelegvis å bli kul, og på vegen mot dette målet ser det absolutt ut til at vi får servert nøyaktig den bisarre og ofte perverse humoren den stadig kontroversielle serien er kjend for. Sjølvsagt gjer Trey Parker og Matt Stone det meste av skodespelet sjølv.

South Park: The Stick of Truth kjem i sal mars 2013, for Xbox 360, PlayStation 3 og PC.

Les også: Anmeldelse: South Park: Let's Go Tower Defense Play! Les også: – Du må ikke være en «bleik kjellerjomfru» for å forstå det

Klarer ikke laste video

Siste fra forsiden