Sniktitt Still Life 2

Klassisk eventyrspel

Victoria McPherson gjer seg endeleg klar til å finne ut hvem mordaren er.

SAN FRANCISCO (Gamer.no): Still Life slutta brått, for å seie det mildt, og det er mange som har venta lenge på å finne den skjulte identiteten til ein brutal mordar. Franske Microids gir deg snart sjansen til å avsløre det store mysteriet, og serverer Still Life 2, eit erketradisjonelt peik-og-klikk-spel skreddarsydd for dei som verkeleg saknar ein sjanger som ikkje akkurat flyr frå butikkhyllene no for tida.

Utviklarane eg møtte i eit knøttlite rom på Game Developers Conference var ikkje så interesserte i å fortelje om historia, noko som sjølvsagt gir meining i og med at dette er eit spel der ein mordar går laus. Kva som skjer, og kvifor, er noko du må finne ut sjølv. Dei var derimot ivrige etter å fortelje om nokre nyvinningar.

Den mest umiddelbare forskjellen er at heile spelet no er i 3D. Det er slutt på statiske bakgrunnar i ferdigstilt 3D, og Still Life 2 byr på ei meir innvolverande verd enn i Still Life. Du får ikkje justere kameraet sjølv, men det er meir dynamisk. Når Victoria McPherson går gjennom eit område, vil kameraet følgje ho, samtidig som det held dramatiske vinklingar, og gjer sitt beste for å byggje opp ei god stemning.

Effekta av dette ser ut til å bli veldig god, og bringer deg litt ekstra inn i spelet. Diverre er det lite meir eg kan seie om grafikken akkurat no. Microids køyrde spelet frå ein bærbar PC som definitivt ikkje var av nyaste sort. På grunn av dette fekk eg sjå ein litt blodfattig versjon av spelet, der uskarpe teksturar og mangelfull lyssetting hindra meg i å bli imponert. Dette er litt leit, men ved å kike på bileta frå spelet, vil du raskt sjå at sjølv om dette spelet ikkje sprenger nokon grenser, er det absolutt eit spel med god atmosfære.

Eit inventar til besvær?

Ei anna nyvinning utviklarane var veldig engasjerte i å prate om, var det nye inventaret. I motsetning til dei fleste andre peik-og-klikk-spel, har ikkje Victoria plass til eit heilt kjøpesenter i lomma si. Ho kan ha med seg ei god mengde gjenstandar, men du vil ofte kome i situasjonar der du må gjere eit val om kva du skal ta med deg.

Dette er noko eg ser for meg kan gi mange spelarar hovudverk. Kva om du kjem til eit problem der du manglar den gjenstanden du treng, og ikkje anar kva gjenstand du treng, ei heller kvar den er?

– Vel, det er noko mange spelarar enten vil sjå på som ei utfordring, eller dei vil mislike det, men det er slik folk er; forskjellige, var svaret eg fekk då eg spurte Abrial Da Costa, markedssjef i Microids, om akkurat dette.

Ikkje akkurat mykje å kjenne seg trygg på, men det er ein interessant mekanikk likevel. Eit døme på dette er korleis Victoria må ta med seg ei madrass, for å hive den ut eit vindauge slik at ho trygt kan hoppe ned. Først må ho tømme heile inventaret for å få plass til madrassa. Deretter gjer ho jobben ho skal gjere, før ho plukkar opp igjen gjenstandane sine.

Innebygd internett

Victoria var ein FBI-agent i Still Life, ein jobb ho ikkje har no lenger, men ho er full av ressursar, og greier å skaffe seg ein login for FBI sitt nettverk. Dette vil for deg bety at du gjennom jakta på mordaren kan bruke eit innebygd internett for å finne spor og informasjon som kan hjelpe deg i etterforskinga.

Ein anna ting som vil få innverknad på historia er at du på same måte som i Still Life får spele som to personar. I staden for å tre inn i skoa til Victoria sin bestefar Gus i hans yngre dagar, får du no spele som kvinna Paloma Hernandez, som må kome seg ut av fangenskap. Ting ho gjer, vil få utslag for kva som skjer med Victoria, og omvendt. Samtidig vil dine val med desse to personane diktere korleis spelet sluttar.

Still Life 2 kjem til PC i løpet av våren, men Microids kunne fortelje at dei er usikre på korleis dei skal få distribuert spelet i landet vårt. Ei løysing dei var ivrige etter å diskutere var å lansere det på nett, og opne ein eigen portal for oss nordmenn, der vi kan få tak i både Still Life og Post Mortem (som er sterkt relatert til Still Life-serien) til ein svært gunstig pris. Samtidig vil dei gjere den offisielle strategiguiden tilgjengeleg.

Om du vil laste ned spela, eller få dei tilsendt i boks, skal vere opp til deg, og Microids poengterte at dei veit det er mange fans i Noreg, og difor vil gjere litt stas på dei, noko som sjølvsagt er svært hyggeleg å høyre.

Konklusjon

Still Life 2 er ikkje eit spel som Microids på nokon måte prøvar å gjere noko verkeleg nytt med, men er heller eit tradisjonelt peik-og-klikk-spel. Dette er eit eventyr for alle dei som er glade i slike spel, og vil ha ei god historie. Både Still Life og forgjengaren Post Mortem, var solide spel med ei engasjerande historie, så denne siste biten er det all grunn til å tru dei kjem til å få til.

Den nye grafikkmotoren lovar samtidig ei litt meir interaktiv verd, der stemningsfull kameravinkling gjer mykje for å setje deg inn i spelet. Still Life var eit spanande og engasjerande eventyrspel, og alt tyder på at oppfølgjaren gir oss meir av den same spelegleda, og samtidig gir oss ei litt meir konkret avslutning enn kva det første spelet i serien gjorde.

Diskuter artikkelen i forumet

Forsiden akkurat nå

Til toppen