Sniktitt

Tales of Xillia

Den gamle rollespelserien er tilbake i storform.

Eit nytt år, eit nytt Tales of-spel. Det kan i alle fall sjå slik ut. Etter ei tid med lengre tørke på rollespelfronten gjorde Namco til slutt heilomvending og valde å hente det meste av Tales of-serien til Europa. I fjor fekk vi det litt ujamne Tales of Graces f, i år kjem Tales of Xillia, og Namco har allereie kunngjort at Tales of Xillia 2 dukkar opp til neste år.

Første stopp er uansett Tales of Xillia, og etter eit solid handfull med timar tyder alt på at dette blir eit spel som kjem til å overgå fjorårets Tales of Graces f på så og seie alle måtar. Det nyaste leddet i ein av dei få japanske rollespelseriane som framleis kjem til heimekonsollane byr etter nokre solide timar på ei engasjerande historie og interessante karakterar, men som vanleg er det mekanikkane som verkeleg er hovudattraksjonen.

Legestudent som på ingen måte er klar for eventyr.
Legestudent som på ingen måte er klar for eventyr.

Stereotypar på rekke og rad

Det heile byrjar som dei fleste Tales-spel. Ein ung og naiv person forvillar seg inn i noko stort og farleg, legg ut på eventyr, og veks sakte, men sikkert til å bli eit respektabelt medlem av samfunnet. Tales of Xillia er ikkje noko unntak, men spelet tek den uvanlege vendinga – for eit japansk rollespel vel og mekre – i å la deg velje kven du vil spele om. Valet står mellom legestudenten Jude Mathis og den noko spesielt påkledde kvinna Milla Maxwell. Kva val du gjer vil ikkje endre historia i fundamental grad, men du vil sjå ting frå ein litt annan vinkel, og kvar person byr på sine unike erfaringar.

Uavhengig av ditt innleiande val startar det heile i eit sakte tempo og byggjer seg sakte oppover. Du blir drukna i hjelpeskjermar på rekordtid, og det skal godt gjerast å forstå alt i første omgang.

Med tid kjem derimot meistring, og spelet viser seg kjapt som eit verdig ledd i Tales of-serien. Kampsystema i desse spela har alltid hatt svært mykje til felles. I kamp har du alltid ein arena du spelar innanfor, og her kan du springe fram og tilbake medan du daskar ut forskjellige angrep.

Tales of Xillia er på ingen måte noko unntak, men det introduserer nokre herlege element til formelen. Viktigast av desse er at du no kan lenke to karakterar saman. I praksis fungerer dette som ei blå snor mellom til dømes Jude og Milla. Om Jude spring og angrip ein ulv, vil Milla springe bak ulven og slå den bakfrå, noko som gir høgre sjanse for kritiske angrep. I tillegg vil den figuren du har lenka deg saman med forsvare deg mot enkelte angrep.

Toppen på det heile kjem derimot etter kvart som du fyller opp eit blått meter på venstre side av skjermen. Etter kart som dette fyller seg opp vil vellukka bruk av eit arte-angrep – Tales of-serien sitt namne på både magiske og fysiske spesialangrep – fyre laus eit samarbeidsangrep som gjer uhorveleg mykje skade. Kva angrep du endar opp med varierer etter kva personar som er lenka saman, og kva arte-angrep dei er utrusta med.

Herlege superangrep får fart på sakene.
Herlege superangrep får fart på sakene.

Bygg meg opp!

Som seg hør og bør i eit rollespel får du erfaringspoeng for kvar kamp, og når du har fått nok av desse går du opp i erfaringsnivå. Som vanleg for serien blir dette gjort på ein svært spanande måte. I Xillia får du tilgang på eit slags spindelvev der du kan låse opp tre nye punkt kvart nivå. Desse punkta er alt frå helsepoeng til styrke, og du får strengt tatt stor fridom til å byggje opp karakterane meir eller mindre som du vil innanfor dei rammene som er gitt. Eit interessant aspekt ved karakterbygginga er at du låser opp nye eigenskapar ved å fullføre ein firkant på spindelvevet. Om du berre vil velje nokre kuler for å byggje opp spesifikke parameter kan du altså gå glipp av noko godt.

Som vanleg er Tales of-serien full av mange små system. Karakterbygginga er hakket enklare enn i til dømes Tals of Graces f, og forenkling kan sjå ut til å vere eit tema som gjer seg gjeldande fleire stadar, om det så er i butikksystemet eller den svært målretta framdrifta spelet ser ut til å ha.

I løpet av dei timane eg har spelt har eg så langt berre tre personar i følgjet mitt, noko som strengt tatt er ein fordel sidan det gjev meg tid til å bli kjend med dei før rollelista blir utvida. Dette er noko utviklarane ha brukt til sin fordel ved å byggje opp persongalleriet på ein veldig solid måte som verken er for rask eller for treg. Mellomsekvensane tek seg for det meste av dei meir seriøse bitane av historia, medan dei tradisjonelle og valfrie Skit-sekvensane dukkar opp med jamne mellomrom for å gi deg ein god latter.

Utviklarane har dytta inn enda eit lite moment for å byggje opp persongalleriet i Xillia 2. Små kommentarar dukkar opp her og der medan du gjer ting, og fleire av dei kjem som direkte reaksjonar på noko du gjer i verda. Dei er fine tilskot som gjer deg enda betre kjend med hovudpersonane. At skodespelet over det heile har vore overraskande bra er òg eit stort pluss.

Tales of-serien sine Skit-sekvensar er kanskje noko av det beste JRPG-sjangeren har å by på.
Tales of-serien sine Skit-sekvensar er kanskje noko av det beste JRPG-sjangeren har å by på.

Konklusjon

Å skulle skrive nokre ord om hakket under ti timar med eit spel som Tales of Xillia er på mange måtar vanskeleg. Eg veit veldig godt at ingenting har tatt av heilt enno, men veldig snart vil gjere det. Medan eg spelar har spelet gradvis bygd seg opp mot punktet der du berre veit at ting snart vil eskalere til eit nytt nivå, men i det minste har eg fått eit solid innblikk i korleis mekanikkane fungerer.

Om du er ein Tales of-fan ser det ikkje ut til at du har noko å frykte. Starten på dette spelet er blant dei beste startane serien har hatt. Det går kanskje litt tregt i byrjinga, men det tek ikkje lange tida før historia og personane i den blir så pass interessante at tida flyg. Det skadar heller ikkje å ha eit av dei beste kampsystema sjangeren har å by på med på lasset.

Med Tales of Xillia ser Namco ut til å halde fram tradisjonen med å ta det beste frå tidlegare spel, for så å hente inn nye element. Det er all grunn til å glede seg.

Les også: Anmeldelse av Tales of Graces f

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen