Sniktitt

The Cursed Crusade

Brennheit action i middelalderen.

LOS ANGELES (Gamer.no): The Cursed Crusade er kanskje ikkje ein tittel du har høyrt noko om før, men det er ingen grunn til at du ikkje skal halde eit auge med spelet. Dette er det andre spelet på kort tid som kjem med ei historie om tempelriddarar og konspirasjonar, men dette ser ut til å bli eit ganske anna beist enn The First Templar. Ikkje berre er den visuelle presentasjonen fleirfaldige hakk over Haemimont sitt trivelege spel, men underhaldningsverdien er umiddelbar og fengjande.

Strengt tatt fekk eg litt bakoversveis då eg først såg dette spelet. Ein forventar ikkje slik flyt i eit spel laga av ein utviklar dei færraste har høyrt om (Kyloton Games). Ein forventar ein utviklar med store pengar i ryggen, eller ein massiv utgjevar som har råd til å eksperimentere. I The Cursed Crusaded blir det feil på begge alternativ, utan at det skadar nokon.

Spelet byr blant anna på ekstremt grafiske avrettingsmetodar.
Spelet byr blant anna på ekstremt grafiske avrettingsmetodar.

Redd riket

I The Cursed Crusade møter vi ein riddar med eit solid mål for dagen. Han vil få slutt på krigen og skape fred på jord. Dette meiner han vil skje så snart han har funne far sin, den rette arvingen til kongetrona. Det er kanskje eit naivt oppdrag, og det meiner i alle fall makkeren hans som oppgitt ristar på skuldrene sine. Han blir derimot med likevel, om ikkje anna så for å sørgje for at ingenting skjer med vår helt.

Meir enn det er det strengt tatt ikkje å seie om historia heilt enno, sidan det var alt eg klarte å tyde over lyden av mange andre spel som konkurrerte om merksemda til alle forbipasserande. Noko eg derimot merka med ganske godt var kor flotte og naturlege alle animasjonar var, noko som kanskje ikkje er så rart sidan utviklarane har brukt motion capture på det meste i spelet. Det blir uansett veldig lett å kjøpe filmsekvensane sidan det heile er presentert på ein livaktig og – ut i frå det eg har sett – truverdig måte.

Samtidig er desse naturtru figurane plasserte i ei verd som kler dei godt. Det er så mørkt og dystert, og det tok ikkje lange tida før eg møtte mine første fiendar, og blei imponert for andre gong.

Det er lenge sidan eg har fått slik umiddelbar respons frå eit kampsystem. The Cursed Crusade gjer ting på nøyaktig same måte som dei fleste andre spel som puttar eit sverd i handa di, men det er samtidig heilt unikt i korleis det presenterer kampane sine. Kvart slag har tyngde, og våpenkjensla er noko av det beste eg har vore borti. Vår helt praktisk talt dansar over skjermen.

Nei, dette er ikkje han duden frå Dragon Age II.
Nei, dette er ikkje han duden frå Dragon Age II.

Han kan halde eit våpen i kvar hand, og det er lett å bli oppslukt når ein ser kva som skjer når han går til åtak. Kvart slag skjer etter tur. Du svingar ei klubbe mot fienden, og når den møter andletet svingar du sverdet. Du går metodisk til verks, og serverer det eine slaget etter det andre med solid tyngde og kraft. Sjølv om kampsystemet i seg sjølv ikkje ser ut til å gjere mykje nytt set den realistiske presentasjonen i eit heilt eige lys. Ein kan nesten kjenne korleis vekta på kvart våpen endrar slaga, og dette kombinert med den umiddelbare stoppen når stålet treff målet sitt er noko heilt spesielt.

Til døden

Å spele The Cursed Crusade kan minne litt om å spele Assassin's Creed. Begge spela er dynamiske og elegante i si utføring, men der du klatrar og hoppar i Assassin's Creed, høgg og spiddar du fiendar i The Cursed Crusade.

Du har eit solid repertoar for å få dette til. Du kan sjølvsagt slå til fienden alt du er godt for, men dette ser ikkje alltid ut til å vere det mest effektive. Til dømes møtte eg fleire fiendar som blokkerte alle angrepa mine, og det meste effektive eg kunne gjere då var å skalle han ned, enkelt og greitt. Du får fleire verkty til å handtere ulike situasjonar på, og blant dei viktigaste er korleis du kan rullere mellom våpna dine. Til ei kvar tid kan du ha fire våpen. Eit tohandsvåpen, to einhandsvåpen og eit langdistansevåpen. Du kan skifte mellom desse våpna som du vil, og du kan plukke opp alle våpen du finn.

Forskjellige våpen er til dømes effektive mot forskjellige ting. Møter du fiendar som er kledd frå topp til tå i rustning, kan er klubbe med piggar vere det beste våpenet å bruke. Å heile tida kunne gjere små endringar i korleis du skal gå fram kan bli eit veldig stort salspunkt for The Cursed Crusade. Det har ein svært underhaldande kampmotor som blir enda betre av at du kan tilpasse deg kvar situasjon ved å gå fram på ulike måtar.

Vil du bli med heim og sjå på sverdet mitt?
Vil du bli med heim og sjå på sverdet mitt?

Det einaste som eigentleg plagar meg så langt er at visse fiendar toler alt for mykje. Du har eit kampsystemet som er heilt supert så lenge fiendane faktisk fell etter nokre slag. Maktkjensla du får av akkurat det er ein viktig del av oppskrifta på herleg underhaldning. Når du møter fiendar som aldri fell om, men krev det som kan framstå som hundre slag før dei døyr, blir det i aller meste laget samtidig som realismen spelet har bygd opp byrjar å gå i knas. Som eit botemiddel på dette kan du kaste deg ut i ei slags merkeleg demonform, men denne er ikkje konstant og kan difor ikkje hjelpe deg i kvar situasjon.

Konklusjon

Eg har ikkje sett mykje meir av The Cursed Crusade enn nokre historiesekvensar og ei solid økt med kamp mot eit variert utval soldatar. Det er likevel nok til at eg noterer dette spelet på lista over ting som fortener ein nærare kikk. Det byr på kampar som kjem mykje nærare realisme enn dei fleste spel kan skryte av, samtidig som det er moro. At det heile framstår rimeleg realistisk gjer det heile berre meir engasjerande. Ein blir dratt inn i den rytmen som oppstår når ein dansar med sverda og sender fiendane til etterlivet.

Spelet har likevel sine skavankar, og når dei viser seg tydeleg i ein liten demo er det definitivt grunnlag for uro. Det er ikkje alltid kampsystemet kjem til sin rett, og når du møter fiendar som toler alt for mykje forsvinn ein del av underhaldingsverdien. Kva anna spelet skulle ha å by på gjenstår å sjå, men om det kan halde seg på dei beste nivå frå E3-demonn er det godt mogleg The Cursed Crusade blir ei lita perle frå Europa.

Kommentarer (9)

Forsiden akkurat nå

Til toppen