Sniktitt

The Sky Crawlers: Innocent Aces

Dramatikk i skyene

Vil framtida gi oss ekte krig som rein underhaldning?

I ein diskusjon om krig og fred kjem det alltid fram mange forskjellige meiningar. På den eine sida finn vi pasifistar som meiner krig og bruk av våpen er eit feilgrep som på lang sikt berre avlar meir uro. Motparten vil på si side hevde at krig og bruk av makt i mange situasjonar er nødvendig for å skape fred. Ein kan jo spørje seg sjølv i kor stor grad krig kan fungere med tanke på at jordas forskjellige samfunn har kriga mot kvarandre sidan Cain i følgje bibelen drepte Abel, men i The Sky Crawlers er motivasjonen ein heilt annan enn å oppnå fred.

The Sky Crawlers: Innocent Aces er ei utviding av ein animefilm som har hausta mykje ros. Vi blir kasta inn i ei verd der folk krigar berre for å krige. Ein kan lett kjenne seg igjen i scenarioet. Eg vil tippe alle som les dette har kosa seg stort med krig og drap som underhaldning, om det så er frå film eller spel. I Sky Crawlers ser dei ikkje berre på ein film, dei fører krig mot kvarandre for å ha noko å bry seg om.

Sterk forteljing

Det som umiddelbart står sterkt i Sky Crawlers er ei historie som får eit mykje større fokus her enn dei fleste andre flysimulatorar. Mellom kvart oppdrag får vi servert lengre animesekvensar som fortel historia på ein så god måte at det er lett å bli litt skuffa når sekvensen er over. Eg skal ikkje gå mykje inn på historia sidan eg berre har spelt nokre timar, men det er sjeldan eg har sett noko så gjennomtenkt og velgjort bli brukt som mellomsekvensar i eit spel.

Historia blir ein stor del av spelet, og som eit resultat endar The Sky Crawlers opp som eit produkt som både er ein spanande anime, og eit svært solid flyspel.

The Sky Crawlers er utvikla av Ace Combat-teamet, og det er ingen tvil om at det er kompetente folk som står bak. Spelet har likevel ikkje mykje til felles med Ace Combat-serien bortsett frå at du tar til vengene. Spelet nyttar eit heilt unikt kontrolloppsett, og i staden for å satse på realisme er dette enkel flyging av arkade-format.

Spenstig kontroll

I staden for å bruke Wiimoten som din primære kontrollar held du Nunchucken i den høgre handa (med mindre du er venstrehendt). Dette gir deg umiddelbart kjensla av å halde ein joystick, og du styrer flyet ditt ved å rotere Nunchucken frå side til side, eller opp og ned. Styringa kunne ha vore hakket meir presis, og det hender at spelet ikkje les rørslene dine heilt bra, men stort sett fungerer det veldig bra, og etter litt tilvenning blir det heilt naturleg.

Wiimoten blir på si side brukt til å kontrollere farten. Ved å vippe den opp eller ned vil du enten gasse eller bremse, og det kjennest veldig naturleg sjølv om responsen av og til sviktar litt her òg.

Det kan sjå ut til at utviklarane har tatt inn over seg at kontrollen på Wii ikkje alltid er like presis som ei analog stikke, sidan vi finn nokre manøvrer som er til veldig stor hjelp når du jaktar fiendtlege fly. Viktigast av desse er TMC, taktiske manøvrer som let deg automatisk fly opp i rumpa på offeret ditt. Flyr du nær ein fiende vil ein sirkel dukke opp på radaren, og ved å halde deg inne i denne fyller eit meter seg opp. Når du har nådd eit minimumsnivå på denne kan du kaste deg ut i ein halsbrekkande manøver som plasserer deg i ein perfekt posisjon før du fyrer av skota dine.

I tillegg til TMC har du fleire manuelle manøvrer du kan bruke for å kome nærare fienden. Desse utløyser du ved å dytte analogstikka på Nunchucken i ein gitt retning og trykkje på A. Det er ikkje alltid like lett å vite nøyaktig kvar du vil ende opp om du brukar desse, men med litt trening sit det etter kvart rimeleg godt i hendene dine, og det er mykje meir effektivt å bruke desse enn å prøve å sakte snu flyet for å følgje etter fienden.

Les også
Anmeldelse: The Sky Crawlers: Innocent Aces

Kjapt og underhaldande

Flygekjensla i spelet er god, og det heile går framover i eit raskt tempo. Det tek svært sjeldan lang tid å plukke ned ein fiende, og dette sørgjer for at du heile tida får ei solid kjensle av å få til akkurat det du vil. Utfordringa kjem for det meste i form av mengdene med fly du må kjempe mot. Sjølv om du raskt plukkar ned fienden, hindrar ikkje det to eller tre fly frå å leggje seg i rumpa di.

I tillegg finnest det fleire stasjonære anti-luftvåpen, og sjølv om desse kan plukkast ned med bomber, er dette ein operasjon som i seg sjølv kan by på ein merkbar risiko.

Gjennom oppdraga vil du tene pengar og få tilgang på oppgraderingar for flyet ditt. Denne biten fungerer som på i dei fleste andre flyspel, og let deg skreddarsy alt frå korleis flyet ser ut, til dei forskjellige delane det er sett saman av.

Det blir tidleg klart at det er lurt å tenkje nøye over denne biten, sidan dei forskjellige oppdraga eg har spelt var varierte i struktur, og difor stilte ulike krav til maskineriet mitt. Dette medfører naturleg nok at du får ei god kjensle av at det faktisk er nytte i å bruke tid i garasjen. I kor stor grad denne biten stiller krav til deg utover i spelet er det ikkje rå å seie, men det ser veldig positivt ut i vår prøveversjon.

Konklusjon

The Sky Crawlers: Innocent Aces ser ut til å bli eit gledeleg spel på Wii. Det byr på intense luftkampar og gjer samtidig noko nytt med kontrollsystemet. Å bruke Nunchucken som hovudkontroll er uvant i starten, men det blir raskt veldig naturleg og intuitivt. Med eit solid spekter av forskjellige manøvrer for å gjere kampane i lufta enda meir intense, er det ingen tvil om at det ligg mykje potensiale i spelet.

Den tilsynelatande sterke historia er samtidig eit element som kan blir eit godt trekkplaster. Vi får filmsekvensar av solid lengde mellom oppdraga, men dei er så velgjorte og engasjerande at du berre vil sjå meir. Om du saknar både gode historier og litt action i lufta på din kjære Wii, skal du halde auge oppe for The Sky Crawlers: Innocent Aces.

The Sky Crawlers: Innocent Aces kjem i salg for Wii 19. februar.

Siste fra forsiden