Sniktitt

Vanquish

Det kvite fantom

Med enorme mengde kuler, og eit vanvittig tempo skal dagen reddast.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det er ikkje mange superheltar som skamlaust og i fullt dagslys tenner seg ein røyk. Men så har aldri japanarane brydd seg like mykje om moralens lange arm slik vestlege utviklarar har gjort det. Landet er på godt og vondt bortimot fryktlaust i kampen mot autoritetane som likar å fortelje deg kva du kan eller ikkje kan gjere med livet ditt.

Vår helt gjer seg klar for neste økt.

Ein slik fryktlaus framgangsmåte kan få fleire forskjellige utslag. Nokre gongar kjem den i form av litt smaklause kombinasjonar av playboymodellar og mindreårige jenter, medan andre heng meir på greip. At ein soldat som risikerer livet sitt for resten av verda kvar bidige dag tek seg ein røyk? Ja, eg kan forstå det, det bør han ha lov til, og sjølv om dette berre er eit spel håpar eg moralpolitiet forstår kva utviklarane med Shinji Mikami i spissen prøvar å seie om krig.

Det er stress, det er slit, det gjer deg fullstendig utmatta, og at vår helt i tek seg i kort røykepause gjer han berre menneskeleg.

Høgoktan

Vanquish tek det vi kjenner frå vestlege actionspel som Gears of War og gjer det til noko så spesielt at det ikkje finnest eit gram tvil om at det kjem frå Japan. Der dei vestlege actionspela gjerne gjer sitt beste for at du skal kjenne tyngda i soldatane som spring over slagmarka, vil Shinji Mikami at du verkeleg skal kjenne rakettmotorane på låra til den kvitkledde helten vår.

Sam er inga sinke. Han spring fram som om den mekaniske drakta hans ikkje vog noko som helst. Han kan riktig nok kaste seg ned bak forskjellige objekt i felten, og skyte med forskjellige grader av presisjon, men det er òg her likskapane mellom Vanquish og Gears of War sluttar. Sam skyt framover som ein kanon. Han er blant fiendane før dei får sukk for seg, og midtvegs i sitt rakettstup stoggar han tida før han snur seg, og sender eit nakkeskot mot kvar og ein av stakkarane han nett har sust forbi.

Han er ei brutal maskin, og der andre actionheltar først og fremst reddar dagen ved å bite saman tennene og pumpe solide mengder bly inn i fiendtlege kroppar, handlar Vanquish om å gjere dette i eit høgt og særs stilfullt tempo.

Alt skjer i eit vanvittig tempo.

Det interessante er at ingen fiendar i Vanquish er menneske, eller på nokon måte levande. I staden for solide mengder blod og gørr vil dei mekaniske beista i Vanquish eksplodere i eit hav av forskjellige fargerike eksplosjonar som står som ein fascinerande kontrast til den elles bleike og kvite verda.

Gammalt på nytt

Vanquish gjer velkjende ting på ein ny måte. Det ser ikkje ut til å vere mykje i spelet som strengt tatt sprenger ei einaste grense. I staden for å finne opp krutet på ny, vel Platinum Games å gjere krutet betre. Du har garantert sett alt dette før i forskjellige former og fasongar, men ikkje på denne måten.

Du skyt med automatgevær, du får fiendane til å fly med ei pumphagle, og du plukkar dei ned ein etter ein med ei sniper-rifle. Vidare massakrerer du blikkboksane med eit stasjonært våpen før du set deg i cockpiten på ein svær AT-ST-liknande robot for å rydde søpla av vegen. Spelet pumpar konstant meir og meir i din retning, og når du først trur du har redda dagen, blir scenarioet krona med ein gigantisk robot som stormar inn i kjend japansk sjefskamp-stil.

Som med alle andre sjefskampar må du angripe dei svake punkta eitt etter eitt, før du leverer nådestøytet. Det er ingenting nytt her, ingenting verdt å eigentleg nemne om ein skal prøve å definere kva som gjer Vanquish spesielt, men det er viktige element å ha oversikt over når ein skal snakke om kor enormt viktig tempoet er.

Les også
Anmeldelse:

I staden for å ligge i skjul bak ein vegg heilt til fienden fell mot bakken, må du kaste deg framover for å få ein god vinkel. Akkurat i det du finn det beste punktet å tømme magasinet i, stoggar du tida og glir rundt fienden medan du konstant pumpar han full av bly. Midtvegs i eit hopp kan du få alt til å stå stille medan du roterer rundt din eigen akse som i ein dyr Hollywood-produksjon. Rundt deg ser du fiendar falle, og det einaste du verkeleg kan seie sikkert når du kort tid etter har kasta deg ned bak ei steinblokk, er at pulsen din hamrar, og du har eit breitt glis om kjeften.

Spelet byr på eit solid utval av mekaniske beist.

Vanquish er farleg nær stil over substans, men ser ut til å makte å blande desse to ytterpunkta på ein imponerande gjennomført måte.

Konklusjon

Om du konstant leitar etter nye og originale idear skal du gjere ein svært god jobb for å finne noko som verkeleg leverer varene. Av og til er det mykje betre å sjå etter nye opplevingar innanfor velkjende og etablerte rammeverk. Vanquish er eit slikt spel. På same måte som Bayonetta – eit anna Platinum Games-spel – tek dei med Vanquish ein veletablert sjanger og skrur det heile opp ganske mange gir.

Vanquish er på mange måtar eit veldig typisk skytespel i tredjeperson, men det har samtidig noko veldig friskt og nytt ved seg. Det har eit tempo og ein intensitet du ikkje ser ofte, og dette kan bli spelets aller største styrke når det skal gjere seg kjent hos action-entusiastane der ute.

Vanquish kjem i sal i oktober, for Xbox 360 og PlayStation 3.

Siste fra forsiden