Sniktitt

Wreckateer

Angry Birds er i ferd med å få eksplosiv konkurranse.

LOS ANGELES (Gamer.no): Jada, eg ser den kome. Atter eit kjipt Kinect-spel som er moro i kanskje toppen ti minutt før du sleng det frå deg og aldri plukkar det opp igjen. Attpåtil er det eit spel så innlysande inspirert av Angry Birds-suksessen at det nesten blir litt skammeleg. Det kan du godt seie, men så var aldri Angry Birds det første spelet som lot deg kaste ting på ting, så vi er eigentleg like langt.

Eit velplassert skot.
Eit velplassert skot.

Wreckateer kan derimot skape eit namn for seg sjølv i jungelen av Kinect-spel som ved hjelp av ein enkel gimmick byggjer opp eit underhaldande konsept. At Wreckateer kan slå an har eg ingen tvil om.

Eg hadde likevel ikkje heilt den store trua på dette spelet. Eg har vanskeleg for å engasjere meg stort når eg må vifte med armane, men Wreckateer traff ei nerve. Av og til når ein er på messe og ikkje har ei umiddelbar avtale ein må springe til, blir ein ståande i ro ei stund for å sjå seg rundt. Akkurat denne dagen stod eg tilfeldigvis ved sidan av Wreckateer-podiet, og då den einsame dama som demonstrerte spelet spurte om eg ville prøve, takka eg høfleg ja.

Tankegods

Konseptet er såre enkelt. Kvart nivå byr på ei borg, og med eit digert armbrøst kastar du forskjellige kuler mot målet ditt. Samtidig er Wreckateer eit spel som har eit kontrolloppsett det er vanskeleg å få problem med. For å kaste ei kule klappar du berre henda saman, og flyttar deg litt bakover for å stramme tauet på armbrøstet. Eit lite grønt sikte vil vise kvar kule kjem til å treffe, og du kan flytte deg framover, bakover og sidelengs for å justere plasseringa til dette siktet.

For å sende kula av garde hiv du berre henda ut til sida, og det er no moroa byrjar. På veg mot målet vil du finne forskjellige bonusar. Dette kan vere alt frå fleire poeng, til eksplosive eigenskapar som gjev kula større nedslagsfelt. Om du må justere vinkelen på kula etter at du har sendt den av garde kan du vifte med henda for å løfte den eller skru den i ein vinkel.

Det er ikkje akkurat rakettvitskap, for å seie det på godt norsk, men det fungerer veldig bra. I løpet av mi tid med spelet fekk eg verkeleg utfordra dei små grå. Ein vil sjølvsagt få med seg mest mogleg av bonusar, og ein vil gjerne plassere kula der den gjer mest skade. Du kan satse på å treffe midt på eit tårn, men å lande den i kjellaren der ei tønne med sprengstoff ligg og ventar er ofte ein betre idé.

Nyt det medan du kan, snart er det berre grus igjen.
Nyt det medan du kan, snart er det berre grus igjen.

Wreckateer vinn store poeng på å vere svært tilgjengeleg samtidig som det byr på ei herleg utfordring. Det er lett å bli ståande i opptil fleire minutt og kalkulere framgangsmåten før du sender kula av garde. Dei mange bonusane og smart utforma borgene byr på ein liten innsjø utfordringar, og det er ikkje lett å gjere ting perfekt. Det er heller ikkje umogleg, og ved å prøve og feile eit par gongar lærer du deg betre måtar å gå fram på. Eit mislukka skot gjennom eit tårn viser deg kanskje skjulte moglegheiter, og såleis kan feiling bli eit nyttig verkemiddel for suksess.

Borga må ned!

Kvart nye nivå blir introdusert av ein liten sekvens som flyr gjennom borga for å vise deg kva du står ovanfor. Denne flyturen blir eit essensielt middel for å leggje ein slagplan sidan borgene blir stadig større og meir utfordrande i omfang. Etter kvart som borgene blir meir utfordrande vil du få tilgang på nye kuler som alle har sine opplagde nytteområde. Til dømes kan du sende av garde ei kule med venger. Ved å halde ut armane kan du styre denne i alle vinklar, og denne flygande kula let deg utføre mange artige krumspring. Du kan til dømes fly mellom tårn for å kome inn til midtpunktet på borga, før du brått svingar ned og sender den inn i nokre eksplosive tønner.

Eit alternativ er ei dynamittkule du kan plassere med omhug før du detonerer den og får både tårn og veggar til å kollapse mot bakken. Andre gongar møter du diverse blinkar plassert rundt omkring på borgene, om det så er ved bakken, eller halvvegs opp eit tårn. Ved første augekast er det sjeldan lett å vite kva som er den beste framgangsmåten, og dette gjev mykje rom for omspeling. Det er ikkje ein optimal måte å knuse desse borgene på, men i staden ei eksplosiv lita sandkasse der du får fri taumar.

Ikkje akkurat kirurgisk presisjon, men nær nok.
Ikkje akkurat kirurgisk presisjon, men nær nok.

Konklusjon

Sidan Wreckateer er eitt av dei fem Xbox Live Arcade-spela som blir å finne i Summer of Arcade-kampanjen er det tydeleg at Microsoft har mykje tru på spelet. Det er strengt tatt ikkje rart. Wreckateer er eit spel som ser ut til å vere både utfordrande og moro. Det er ikkje eit spel der adrenalinet tek deg og sug deg inn med massiv kraft, men eit langsamt spel som utfordrar hjernebarken.

Det er noko uimotståeleg spel som utfordrar deg til å finne din eigen veg. Kvart nivå er eit problem, og du får alle verkty du treng for å løyse det. Korleis du vel det er opp til deg, og med tanke på kor bestemt eg blei på å få ned alle tårna, kan det bli ein langvarig og motiverande prosess å finne den optimale måte å knuse ei borg på.

Wreckateer kjem i sal 25. juli, kun gjennom Xbox Live Arcade.

Les også: Her er Xbox 360-avsløringene på E3 2012
Les også: De beste spillene på E3 2012
Les også: «Xbox 720»-dokumenter på avveie

Se trailer for Wreckateer.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen