Sniktitt

Yaiba: Ninja Gaiden Z

Blodtørstig ninja som slaktar hjernedaude zombier. Slikt blir det moro av.

LOS ANGELES (Gamer.no): Eit fatalt møte med Ninja Gaiden-helten Ruy Hayabusa er ikkje døden for Yaiba. Med ein rungande latter innser Yaiba at han har mista både ein arm og halvparten av hovudet, men akk, det er ikkje så ille. Spolar vi litt fram i tid har slikt blitt fiksa på, og Yaiba ser ut som ein litt tilfeldig samansetning av Terminator og den klassiske ninjafiguren med maske.

Dette i seg sjølv burde vere nok til å forklare at Yaiba: Ninja Gaiden Z ikkje er eit heilt ordinært actionspel. For det første er den visuelle presentasjonen ekstrem sterk på kontrastar og minnar mest om stilen Grasshopper Manufacture har køyrt med spel som No More Heroes og det komande Killer is Dead. Pakk inn nokre hjernadaude zombier og eit sverd, og vi har oppskrifta på latterleg action.

Yaiba og Ryu er ikkje akkurat perlevener.
Yaiba og Ryu er ikkje akkurat perlevener.

Syretripp

Yaiba slår ikkje med sverdet. Han hiv seg etter det. Den blåkledde figuren som hoppar ivrig over skjermen oppfører seg som ein hyperaktiv tiåring som nett har fått sitt første plastsverd. Han tar saltoar og virvlar rundt medan han ropar høgt med ei glede over valden vi ikkje ser så alt for ofte. Nokre gongar går han så hardt til verks at han nesten snublar, men berre nesten.

Yaiba: Ninja Gaiden Z er som namnet seier det neste leddet i Ninja Gaiden-serien. Her finn du derimot svært lite som eigentleg minnar om dei respekterte actionspela til Team Ninja. Der Ninja Gaiden byr på kalkulert og utfordrande action mot livsfarlege fiendar, møter vi i Yaiba hjernedaude zombier som berre subbar mot deg og først og fremst utgjer ein trugsel fordi dei er mange. Fiendane blir i stor grad berre leikety for ein sprelsk bastard som gler seg stort over blodbadet.

Du har i hovudsak to ulike angrep, men i motsetning til mange andre actionspel i tredjeperson er det ikkje snakk om sterkt og svakt angrep. Den eine knappen styrer sverdet, medan den andre får Yaiba til å bruke rakettarmen sin for å utøve stor skade på bølingar med zombier. Når fiendane døyr kan du i tillegg plukke opp kroppsdelar for å bruke dei som våpen i staden for rakettarmen. Eit par armar kan bli ein nunchaku, medan ein heil zombie kan bli ein solid lasso som skadar fiendar over eit større område.

Her og der må du i tillegg ta områda til hjelp. Til dømes måtte eg på eit par punkt hive zombier inn i dampvegvalsar for å bryte ned nokre veggar.

Sånt skjer når ninja møter zombier.
Sånt skjer når ninja møter zombier.

Den blodige veg

I startfasen er det mykje som tyder på at Yaiba: Ninja Gaiden Z ikkje er tenkt som eit svært utfordrande oppleving, og det blir difor ein skarp kontrast til fleire av Team Ninja sine tidlegare spel. Nivåstrukturen er til dømes svært lettfatteleg og du kan bruke eit slags røntgensyn for å sjå kvar du skal gå vidare. Dette får ei lysande stripe til å leggje seg langs bakken på same måte som i Dead Space.

Enkelte platformsekvensar dukkar og opp. I desse er det i alle fall tidleg i spelet berre snakk om å hoppe frå vegg til vegg eit par gongar, og kanskje springe langs nokre straumkablar i høgt tempo. Det ser ikkje ut til at desse er meint å by på mykje utfordring, men heller ein raskt og effektiv metode for å kome seg frå eitt område til eit anna.

Omsider møter vi naturlegvis nokre sterkare fiendar som krev hakket meir innsats enn dei puslete zombiene som elles krydrar spelet. Blant fiendane eg har møtt finn vi til dømes nokre kjemper som valsarustoppeleg framover medan Yaiba høgg frå seg, eller eventuelt ein gigantisk baby med dårleg hårdag. Ei bra triks mot desse – og store samlingar med svake zombier for den saks skuld – er eit raserimeter som let Yaiba gå fullstendig av skaftet. Når meteret er bygd opp kan du på eige initiativ auke krafta til Yaiba drastisk, og såleis høvle gjennom fiendane mykje raskare.

Om alt du møter er nokre få zombier er dette heilt bortkasta, men i kamp mot fleire store og små fiendar kjem det godt med. Ein kamp som elles kunne ha pågått ei stund kan vere over på eit blunk.

Stort sett tyder Yaiba: Ninja Gaiden Z til å kunne bli eit uhyre artig spel, sjølv om det ikkje nødvendigvis byr på den heilt store utfordringa. Det einaste problemet eg eigentleg kom over var ein situasjon der du er nøydd til å hive zombier inn i køyrety for å kome vidare. Om du då finn deg heilt utan zombier å ta av kan du stå ovanfor eit problem som tvingar deg til ein liten omstart. Forhåpentlegvis er dette berre ein konsekvens av at spelet er i ein tidleg fase av utviklinga.

Treng du nokre eksplosivar sa du? Bruk anden til goliatzombien.
Treng du nokre eksplosivar sa du? Bruk anden til goliatzombien.

Konklusjon

Om det er litt hektisk og lettare hysterisk action du er på jakt etter ser Yaiba: Ninja Gaiden Z ut til å bli eit solid alternativ. Dette er eit absurd spel der alt handlar om å vere ein villmann som høgg seg gjennom ei saftig mengde vandrande lik. Kampsystemet er enkelt og lettfatteleg, men byr likevel på solid underhaldning. Til stor grad kjem dette gjennom dei herlege animasjonane som får personlegheita til Yaiba fram på ein glimrande måte.

Helten i spelet framstår mest som ein blodtørstig dritsekk som verkeleg nyt blodbadet, og han hiv seg inn i kampane med ei nesten vulgær glede. Dei enkle plattformsekvensane knyt kampscenarioa saman på ein solid måte, og så skadar det jo aldri å rive av ein zombiearm for å få seg ein improvisert nunchaku.

Les også: Neste Dead or Alive får gratisversjon
Les også: I slåssespillet Divekick bruker du bare to knapper

Trailer for Yaiba: Ninja Gaiden Z.

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen