Sniktitt

Zombie Apocalypse 2

Du er så lei zombier at du berre må ha litt til.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det var eigentleg aldri zombiene i seg sjølv som fascinerte meg med Zombie Apocalypse. Dei var berre det som tilfeldigvis var målet for kulene i eit spel sterkt inspirert av gamle arkade-klassikarar. Både det spelet og den nært føreståande oppfølgjaren er kva vi kallar for «Twin stick shooter». Altså, eit spel der du i all hovudsak brukar analogstikkene for å skape kaos på slagmarka. Den eine stikka flyttar karakteren din, og med den andre fyrer du laus med det du skulle ha av våpen.

Det var dette som var nøkkelen til suksessen for eit spel som strengt tatt ikkje var så veldig bra, men som likevel bydde på solid underhaldning, spesielt i sosialt lag seint på kvelden når alle er for trøytte til å tenkje rasjonelt.

Aleine mot... Ja, aleine.

Runde to

Eg skal innrømme at eg ikkje hadde fått med meg at ein oppfølgjar til Zombie Apocalypse var på veg før eg såg stasjonen stå der med bedane auge og eit lokkande smil midt på Konami sitt område på E3-messa. Naturleg nok måtte eg sjå kva dette var for noko, og det som møtte meg var ikkje heilt kva eg hadde forventa.

Spelet baserer seg på dei same elementa som forgjengaren, men utviklarane har gjort ei rekke endringar som potensielt sett kan få store konsekvensar for korleis du spelar. Den kanskje viktigaste og mest umiddelbare endringa er at du no kan skifte mellom dei fire nye karakterane når som helst medan du spelar. Du er ikkje lenger låst til ein person, og dette kan få svært mykje å seie sidan kvar person no har unike eigenskapar og våpen. I staden for å starte med ein pistol vil kvar person starte med forskjellige våpen, og dei har i tillegg ulike spesialvåpen.

Du hugsar til dømes kanskje bamsen frå einaren, men denne er det no berre ein av dei overlevande zombiejegarane som kan bruke. Dei andre karakterane har heilt andre eigenskapar. Sidan utviklarane i Backbone Entertainment prøvar å gjere Zombie Apocalypse 2 til eit hakket meir strategisk spel, er eigenskapane no utvida til å gjelde meir enn å berre sprenge zombiene i fillebitar. Bamsen vender tilbake som spesialangrep for den eine karakteren, medan ein annan person kan bruke heilag vatn, noko som på ei og same tid fungerer som medisin for laget, og rein gift for zombiene.

I tillegg til kvar karakter sitt unike spesial- og startvåpen vil spelet sjølvsagt kome med mange forskjellige våpen du kan plukke opp etter kvart som du spelar. Dette var ein viktig mekanikk i det første spelet, der du alltid starta med eit puslete våpen, men kunne plukke opp forskjellige kraftige alternativ som til dømes maskingevær og rakettkastarar du kunne pepre dei vandøde med heilt til du gjekk tom for ammo. Eg fekk ingen gode døme på kva nye våpen Zombie Apocalypse har å by på, men eg blei lova ei solid oppgradering.

Lasersikte er like effektivt som før.

Enkle rollespelelement

Noko heilt nytt for serien kjem i form av at du no kan oppgradere dei overlevande etter kvart som du spelar. Dette er igjen eit ledd for å gjere kvar karakter meir unik slik at dei har større forskjellar enn dei kosmetiske. Etter kvart som du spelar vil dei utvikle seg i forskjellige retningar, og dette vil ikkje berre gjere samarbeid viktigare, men det vil og gjere skifting mellom karakterane til eit svært viktig element om du spelar aleine.

Enda eit differensierande element i forhold til forgjengaren er at dei forskjellige personane no vil få ei større rolle sidan spelet har ei meir fleska ut historie enn «zombiene kjem, overlev!». Dei fire stakkarane er på ei øy, og det enkle målet er å finne seg ein veg til tryggare område, og gjerne redde stakkarar i naud på vegen. Sjølv om spelet no kjem med ei historie som eg på ingen måte ser føre meg blir av veldig minneverdig kaliber, har den likevel sett sitt preg på korleis du spelar spelet.

I det første spelet blei du plassert på fleire forskjellige nivå som alle var for enkle brett å rekne. Ingen av dei var nemneverdig store, og nøkkelen til suksess låg først og fremst i å navigere seg gjennom dei enorme mengdene med vandrande skrottar medan du pumpa dei fulle av bly, og brukte forskjellige dødbringande element i terrenget for å ta knekken på dei.

Her har det definitivt skjedd ei stor endring. Nivåa er større, og ser ut til å by på litt utforsking. Du spring ikkje lenger rundt i ring, men er konstant på veg frå ein stad til ein annan medan du møter flokkar med zombier. Som før kjem dei i forskjellige former og storleikar, men ingenting eg har sett tyder på at det er like mange av dei som før. Der du i det første spelet lett kunne bli omringa av latterleg mange lik med kondis, erfarte eg ikkje noko liknande i toaren, og det er eigentleg noko eg saknar.

Les også
Anmeldelse:
Slik ser det altså ut etter at du har dremt alle zombiene.

Eit ganske spanande element som definitivt kan auke stressnivået uavhengig av mengda med zombier, er at du no kan prøve å redde overlevande frå den visse død. Etter at du har klapsa dei ut av panikktilstand med ei flat hand, vil dei følgje etter deg heilt til du kjem deg fram til ei trygg stad. Å passe på desse forsvarslause folka kan i seg sjølv vere god nok grunn til at færre zombier på skjermen til ei kvar tid vil vere ein positiv ting.

Konklusjon

Zombie Apocalypse 2 ser ut til å bli eit ganske anna spel i ei innpakning som minnar mykje om det første spelet. Dei grunnleggjande mekanikkane er i stor grad dei same, men det er samtidig så mykje nytt her at opplevinga bør bli ganske annleis.

Du har no meir mål og meining med kva du gjer enn å berre overleve angrepa frå enorme mengder med stinkande menneskekjøt, og i beste fall vil dette tilføre spelet ei ekstra drivkraft som aukar engasjementet, spesielt om du spelar saman med andre. At kvar karakter no har unike eigenskapar og våpen er i tillegg noko som bør får fram ein ekstra gnist hos spelarane.

Eg har likevel eit lite snev av skepsis i meg. Sjølv om mi tid med spelet var underhaldande, kan eg ikkje heilt sleppe tanken på at alle desse nyvinningane har sin pris. Zombie Apocalypse vann mykje på å vere eit ekstremt enkelt spel med få mål utanom å la kulene suse, kan eit utvida konsept med langt fleire detaljar ivareta denne sjarmen?

Spillscener fra E3 2011.

Zombie Apocalypse kjem i sal i løpet av hausten, for PlayStation 3 og Xbox 360.

Siste fra forsiden