Sniktitt

ZombiU

Skrekk og gru er i ferd med å få eit heilt nytt andlete.

LOS ANGELES (Gamer.no): Så var det desse vandrande lika igjen. Som om vi ikkje hadde fått nok av dei før skal dei no infisere Wii U før maskina har kome seg ut frå produksjonsbandet. Det skal noko til for å skape noko kreativt og originalt når konseptet er så utbrukt og tidvis misbrukt som zombier. Likevel kan det sjå ut til at Ubisoft er på sporet av noko ganske spesielt med denne lanseringstittelen til Wii U. ZombiU er på mange måtar eit tradisjonelt skytespel, men måten utviklarane tek i bruk Wii U-kontrollaren på er absolutt fascinerande.

Kontrollaren blir som eit bindeledd inn i spelverda. Du er nøydt til å bruke kontrollarskjermen ofte, og dette gjer deg veldig sårbar. Skal du ned i ryggsekken for å skifte utstyr eller bruke ein gjenstand må du ned på kne. Medan figuren du styrer leitar rundt i sekken må du sjå ned på den vesle skjermen, og dette har enormt mykje å seie for spelet sidan du må sjå bort frå TV-en. Spelet stoggar ikkje når du sjekkar inventaret eller leitar gjennom ei kasse full av ting. Er du treg og sløv kan du brått finne ein gapande kjeft som berre ventar på å ete deg. For å gjere situasjonen ekstra prekær er eitt einaste bitt nok til at du er død. Du har ein sjanse, og må bruke den godt.

Du er sårbar når du sjekkar inventaret.
Du er sårbar når du sjekkar inventaret.

Einsam i paradis

Eg starta mi reise utanfor Buckingham Palace ein sein kveld i juni. Flammar og røyk prega det herja området, og ved sidan av at nokon hadde skrive «We are the 99%» på ein bil var det ikkje mange livsteikn. Eg løfta opp Wii U-kontrollaren for å scanne området. Dette let deg sjå kvar det ligg ting du kan undersøkje nærare. Trykk på skjermen, og du vil frå avstand kunne finne ut om ei kasse, eit lik eller andre gjenstandar inneheld noko eller ikkje. Kvifor er dette viktig? Vel, for å sjekke ei kasse må du som med ryggsekken sjå ned på kontrollarskjermen, og det kan ofte vere greitt å sleppe dette. I alle fall om du er lettskremt.

Å møte sitt første lik i ZombiU gjer det veldig tydeleg at dette spelet er langt unna Nazi Zombies og Left 4 Dead. Zombiene er kanskje trege, men dei toler ein del. Med mindre du har funne deg eit kraftig våpen, som til dømes eit armbrøst, vil du måtte bruke fleire kuler på ein fiende. Den mørke stemninga kombinert med at den eine skuggen i det fjerne brått blir fleire gjer det lett å bli stressa. Fingeren knugar avtrekkjaren, og etter kvart som dei gryntande bleikfisane kjem nærare blir ein stadig meir stressa. Det heile kulminerar når du sjølvsagt går tom for det skrøpelege lageret med kuler og må bruke ei Cricket-kølle for å denge dei lika som framleis går på to bein.

At du berre har eitt einaste liv gjer det heile mykje meir prekært. Du veit du berre har ein sjanse. Du veit at om du ikkje har råd til å bomme på eit einaste slag, og dette skapar ein stressituasjon som gjer det mykje lettare å gjere små feil. Ein held pusten ei stund, men den solide innhaleringa når det siste liket fell mot bakken gjer uhorveleg godt.

Nokre gongar blir overmakta for stor, og det er heilt tydeleg at dette er eit spel der du av og til må bestemme deg for om du heller må ta beina fatt, enn å ta opp kampen. Å bli omringa i dette spelet er alt anna enn moro, og med mindre du har nokre giftige sprøyter å stikke i nakken på beista når dei kjem for nær, vil du slite med å overleve ein slik situasjon.

Skambank!
Skambank!

Ned i mørkret

Etter å ha tatt i bruk mine eigne råd, sprang eg inn ei dør og ned i kjellaren på eit sjukehus der mitt mål var å finne antibiotika. Her viste utviklarane fleire sider ved spelet. På mange måtar minnar ZombiU om dei gamle Resident Evil-spela. Det går tidvis ganske tregt, og fiendar kan hoppe på deg når som helst. Tempoet blir difor ganske tregt sidan du ikkje tek ein einaste sjanse. I det fjerne høyrer du kanskje ein lyd som fortel deg at du ikkje er aleine, og dette i seg sjølv er nok til at fingeren ligg veldig klar på avtrekkjaren. Nede i mørkret viste i tillegg Ubisoft andre triks som ikkje hadde vore mogleg utan Wii U-kontrollaren. Til dømes gjekk eg inn i ei avdeling der kartet på kontrollarskjermen blei slått ut og erstatta med støy. Ein ting er å vite at zombiene luskar, ein annan er å gjere det utan å ane kvar du er.

Du kan sjølvsagt seie at dette kartet like godt kunne ha vore på TV-skjermen som i andre spel, men effekta av å ha den på kontrollaren er ganske unik. Å berre kunne sjå ned byggjer opp ei tryggleikskjensle, som brått blir riven bort når noko skjer.

Ein annan måte å bruke skjermen på er når du skal inn ei låst dør. På eit par punkt måtte eg sveipe fingeren over skjermen for å dirke opp dører, noko som igjen sjølvsagt tek blikket ditt vekk frå TV-en. Ubisoft har ikkje vore kjipe og dytta inn eit beist kvar gong du må gjere dette, men det skjer. Berre tanken på at det kan skje gjer deg litt nervøs kvar gong du må sjå ned, og det i seg sjølv er gull verdt for eit spel som satsar på å skremme deg.

Eit triveleg nabolag.
Eit triveleg nabolag.

Konklusjon

Då eg såg ZombiU på Nintendos pressekonferanse tenkte eg ikkje stort meir enn at det siste vi treng no er enda eit spel om zombier. Akkurat den tanken står framleis ved lag, men etter å ha brukt litt tid på ZombiU ser eg definitivt at dette er eit lovande spel. Å måtte skifte blikket mellom dei to skjermane skapar ei heilt unik stemning som tvingar fram det ubehaget dei fleste zombiespel prøvar å oppnå. Det er intenst, spanande og tidvis ganske ubehageleg.

At du i tillegg berre har eitt liv gjer heile greia enda meir intens. Døyr du er det for godt, og du må lage ein ny karakter. Korleis dette vil fungere i det lange løp blir spanande å sjå. Utviklarane lovar ein fleirspelarmodus der kvar døde karakter vil bli om til zombier som kan jaktast av både deg og venene dine.

ZombiU har mange tradisjonelle element, men er samtidig eit spel som brukar Wii U-kontrollaren på veldig kreative måtar. Det blir spanande å sjå korleis det endelege resultatet blir.

ZombiU utvikles kun for Wii U. Det er ikkje kjent når spillet kjem i sal.

Les også: – Trine 2 blir best på Wii U
Les også: Zombierollespill trenger din hjelp

Klarer ikke laste video

Kommentarer (18)

Forsiden akkurat nå

Til toppen