Sniktitt

Star Fox Zero

Dette lovar ikkje godt

Nokre veteranar gjer seg best på benken.

Nintendo

LOS ANGELES (Gamer.no): Når Nintendo lagar spel, forventar vi kvalitet. Slik har det blitt sidan den japanske giganten stort sett leverer varene, sjølv om dei og har levert nokre stygge mageplask opp gjennom åra. Når dei no etter år og dag og mykje lengting gjer seg klare med eit nytt Star Fox-spel, forventar vi igjen kvalitet, men ut av mine for det meste frustrerande og forvirrande erfaringar med spelet, veit eg ikkje heilt kva eg skal seie.

Problemet med Star Fox Zero er at det er frykteleg vanskeleg å forstå korleis du skal kunne ha oversikt og kontroll i spelet. Sjølv om ein hyggjeleg og grundig innført Nintendo-representant står ved mi side og forklarar at det er litt vanskeleg i starten, men at det blir lettare, er det vanskeleg å bli heilt overbevist.

Eg er ikkje ein motstandar av nye kontrollsystem, det kan vere ganske så spanande det, men når Nintendo-representantane sjølve må drive skadekontroll før du er komen i gong manar det eigentleg berre fram mørke skyer over prosjektet.

For mykje, for fort

Med to skjermar er det ikkje alltid lett å vite kva veg du skal fly.

Frustrasjonen finn sin heim i at Nintendo insisterer på at spelet skal bruke alt Wii U-konsollen kan brukast til. Du styrer eit romskip, og for det meste går dette greit, men medan du ser alt frå cockpiten på skjermen til Wii U-kontrollaren, er det noko heilt anna som utspelar seg på TV-skjermen. Vinklane endrar seg og vrir seg støtt og stadig og det skapar eit tomrom mellom det du veit og det du ikkje veit som er vanskeleg å handtere.

Hovudet mitt oppfattar kvar eg skal fly, men henda mine vil ein annan veg. Etter år med spel og ulike kontrollsystem har eg bygd opp eit muskelminne som fortel meg at fram er fram, opp er opp, og ned er ned. Star Fox vil noko heilt anna, og skapar med sine to skjermar et koordinasjonskaos som er så vanskeleg å få tak på at eg i skrivande stund slit med å forklare det, sidan det aldri eigentleg blei tydeleg for meg.

På TV-skjermen får du frå ein tredjepersonsvinkel eit nokon lunde oversiktleg bilete av kva som skjer rundt deg. Held du blikket på TV-en er du betre rusta for å unngå rakettar som kjem din veg, eller navigere landskapet, eller rundt stasjonar og liknande. Skal du skyte noko som helst nyttar det derimot ikkje å bruke den TV-en du gjerne har brukt mange tusen på. Då må du sjå gjennom førstepersonsvinkelen på Wii U-kontrollaren.

Ikkje berre må du sjå på den, men du må flytte den rundt deg i alle retningar sidan kontrollsystemet i Star Fox nyttar gyroskopet i kontrollaren. Skipet styrast med stikkene, siktet med gyroskopet, og det var vel omlag då eg snudde hovudet over skuldra for å sjå på TV-en at det for alvor gjekk opp for meg at dette kanskje ikkje var for meg.

Tommelen på stikka dyttar for å køyre fram, armane mine svingar til høgre for meg, hovudet er i 90 graders vinkel, og på TV-skjermen flyg skipet mot venstre. Eg håpar du skjønar utfordringa.

Havari eller lift-off?

Fri flyging i rommet viser Star Fox Zero frå si beste side.

No høyrest alt sikker svært urovekkande ut, og det gjer det så absolutt, men eg trur ikkje alt håp er heilt ute. Det er dyktige folk som står bak dette spelet. Med Nintendo-legenda Shigeru Miyamoto bak spakande, og Platinum Games om bord bør det vere mogleg å koke noko godt av denne lapskausen.

Les også
Anmeldelse: Star Fox Zero

Det blei lettare etter kvart. Eg fekk gradvis meir kontroll over situasjonen – og mitt eige skip – sjølv om enkelte situasjonar var verre å handtere enn andre. Å fly fritt i rommet passa meg og kontrollsystemet ganske bra, men når det blei kaos på bakken med mange fiendar blei det berre rot.

Situasjonen blir ikkje betre av ein visuell presentasjon som slit med å nå opp til det Nintendo elles har fått til på Wii U. Vi veit Wii U kan levere, sjølv om konsollen har lite å stille opp med mot PlayStation 4 og Xbox One. Når ein ser Star Fox Zero side om side med til dømes Mario Kart 8, er det likevel lett å bli litt skuffa. Utvaska teksturar og grove kantar set sitt preg på kvardagen, og i verste fall kan dette vere med på å gjere spelet enda meir uoversiktleg.

Langt betre er handteringa av samspelet mellom dei ulike figurane i Star Fox-universet. Medan eg suste rundt i lufta eller krasja inn i ting fordi eg såg feil veg, kunne eg høyre dei ulike figurane preike seg i mellom om kva som skulle gjerast. Med dei tradisjonelle snakkeboblene og portretta på plass, skapte det ei fin ramme rundt ei elles noko ustabil oppleving.

Konklusjon

Star Fox Zero.

Eg vil så gjerne tru på Nintendo og at dei kan levere, men det er vanskeleg å vere ein stor optimist. Å tvinge spelaren til å heile tida måtte halde eit auge med to skjermar for å ha kontroll over situasjonen er ganske dristig. Mi oppleving var ikkje særleg god, sjølv om den blei betre etter kvart som minutta gjekk. Fleire andre messevandrarar har òg uttrykt sin frustrasjon over spelet, men mange har òg delt mi erfaring med at kontrollane sit betre og betre etter kvart som ein kjem inn i det.

Kanskje er det berre ei vanesak, og Nintendo har skapt noko nytt og unikt som vil fungere strålande så snart du får taket på det. Faren er derimot svært stor for at mange vil leggje spelet frå seg lenge før dei kjem så langt. Nintendo er kjende for spel som er svært enkle å plukke opp og kome i gong med, Star Fox Zero er den rake motsetning.

Visste du at Nintendo vraka eit ferdig Star Fox-spel på nittitalet?
Les den snodige historia om Star Fox 2, og om fansen som fekk det ferdig »

Siste fra forsiden