Sniktitt

Styx: Master of Shadows

Små, grøne menn er hakket farlegare enn ein skulle tru

Rollespeldelane fra Of Orcs and Men er kasta ut vindauget – kanskje for det betre.

LOS ANGELES (Gamer.no): To år gamle Of Orcs and Men er kanskje ikkje det første spelet eg såg føre meg skulle få ein oppfølgjar, men eg klagar ikkje. Skjønt, ein direkte oppfølgjar er dette ikkje. Der Of Orcs and Men introduserte oss for tospannet Styx og Arkail, ein liten goblin og ein svær ork, som la ut på ei ganske moden historie full av umodne ordspel, er dette eit heilt anna udyr.

I Styx: Master of Shadows er rollespelmekanismane for det meste kasta ut vindauget, og vi står igjen med eit snikespel der goblinen Styx aleine skal vise kva han er god for. Det kan sjå ut til å vere eit klokt val, for sjølv om spelet kanskje ikkje ser ut til å heilt kunne stille skulder til skulder med store titlar i same sjanger, kan det godt mogleg gjere opp for det med sjarme og kule idear.

Grøn makt

Nokre gongar er det best å halde seg utanfor trøbbel.

Om du ikkje spelte Of Orcs and Men, eller hugsar mykje av kva som skjedde der, treng du ikkje uroe deg. Handlinga i dette spelet skjer i god tid før Styx møtte Arkail, og i staden for å bry seg med å redde undertrykte orkar, er Styx på eit oppdrag for å gjere to ting; finne ut sanninga om sitt opphav, samt rake med seg det han kan av rikdomar.

Alt dette vil han oppnå ved å klatre til toppen av Akenash-tårnet der alvar og menneske held vakt rundt eit eldgammalt tre med magisk rav. Solid fantasy-lektyre altså.

I denne verda møter vi Styx, ein ganske liten tass, og gjennom fokuset på den noko beskjedne storleiken hans har utviklarane hos Cyanide skrudd saman ei verd som umiddelbart fell i smak. Noko av det mest innbydande med spelet er korleis utviklarane heile tida har vore bevisste ved kor liten Styx er, og kva dette har å seie for ein liten snikmordar. Det er langt lettare å kjøpe at ein liten krabat kan forsvinne i skuggane, enn at ein vaksen mann gjer det same.

Styx kryp under bord, forsvinn inn i tønner, og hoppar opp på veggen når han skal sløkke ein fakkel. Reaksjonane til vaktene når dei oppdagar at han gøymer seg i ei kiste er òg ganske smakfull. Med ei hand grip dei ned i kista, løftar han opp, kastar han på golvet, og sparkar og slår stakkaren til det er over og ut. Slike animasjonsgrep gjer utruleg mykje for å overbevise oss om at denne karen passar inn i denne verda. Han er som ein stygg og grøn liten apekatt som tilfeldigvis har eit par svært skarpe knivar.

Joda, vi finn nokre element som bryt illusjonen her og der. Slik som hakket for tydeleg boltar i veggen som signaliserer kvar du kan gå, men utover slike detaljar ser det ut til at Cyanide har bygd store og opne område som let deg meir eller mindre velje sjølv korleis du vil finne vegen frå A til B. Du kan til dømes velje å droppe veggen med boltane til fordel for ei anna rute, og områda er absolutt overbevisande i sin arkitektur. Sjølv om vi finn velkjende spelelement, ser det enorme tårnet ved første augekast først og fremst ut som ein massiv bygning der det bur folk.

Styx: Master Of Shadows byr på djupe avgrunnar og høge avsatsar.

Valfridom i fokus

Som den snikmordaren Styx er blir det naturlegvis ein del drap og vald i dette spelet, men kor hardt du vil gå til verks med akkurat dette vel du til dels sjølv. Det kjem strengt tatt an på kor mykje tid du vil bruke. Du kan gøyme deg i skuggane medan magisk rav i årene til Styx lyser eller forsvinn for å fortelje deg kor godt gøymt du er, eller du kan gjere det du kan for å eliminere alle farar.

For den tolmodige kan du studere rytmen til soldatane, og velje riktig tidspunkt for å snike deg forbi. Du kan forgifte vatnet deira for å metodisk ta dei av dage, eller du kan lure dei inn i feller. Styx kan til dømes bruke rav frå det magiske treet for å hente fram ei klone av seg sjølv. Med denne klona kan du enten angripe ein fiende, eller du kan bruke den til å lage litt lyd slik at du lurer dei inn i ein trang passasje der Styx ventar for å sleppe ned ei diger kasse frå oven.

Alternativt kan du bruke klona for å skape ein distraksjon slik at Styx sjølv kan gå inn for å knivstikke, kvele, eller enkelt og greit sparke soldatane ut frå ein høg mur. Klona ser absolutt ut til å bli eit nyttig verkty, men rav blir vi fortalt er kostbart og ikkje alltid like lett å få tak i. Slike mekanikkar er alltid eit stort spørsmålsteikn. For mykje av det gode og ein tyr lett til dei same triksa kvar gong, for lite og ein blir frustrert over gulrota som berre heng der og dinglar. Om du brukar klona ofte eller ikkje er opp til deg, men uavhengig av framgangsmåte blir det som regel svært viktig å dumpe lik på ein lur stad, med mindre du likar at alarmen går.

Les også
Anmeldelse: Styx: Master of Shadows
Lika må bort, og armen din viser om du er synleg eller ikkje.

Det ser ut til at utviklarane har gjort kloke val gjennom utviklingsprosessen. Under gjennomgangen fekk eg demonstrert fleire ulike framgangsmåtar for ulike situasjonar, og sjølv om eg berre har fått sett ein liten del av spelet var det eit temmeleg stort område med god oversikt som ikkje på noko tidspunkt gav inntrykket av å vere lineært.

I tillegg til dette lovar det godt korleis ulike typar fiendar krev ulike framgangsmåtar. Menneska er dine typiske fiendar i eit snikespel. Dei går sine ruter i ein uendeleg loop, og er blinde for deg om du skjuler deg, men høyrer deg om du går for fort. Skulle du derimot møte ein alv vil det ikkje vere nok å stille halde seg i skuggane. Dei kan lukte deg, og krev difor heilt andre taktikkar. Eg fekk ikkje demonstrert dette i praksis, men det blir spanande å sjå i kor stor grad dette vil tvinge deg til å endre framgangsmåte.

Konklusjon

Ein sterk presentasjon i eit lukka rom på ei spelmesse er ingen garanti for eit sterkt spel, men det første møtet med Styx: Master of Shadows lovar i alle fall godt. Det førre spelet denne gjengen laga om goblinen Styx var eit solid stykke underhaldning sjølv om det hadde sine skavankar.

Frå mine første inntrykk er det i hovudsak den innbydande verda som flørtar med spelmusklane mine. Visuelt når det kanskje ikkje heilt opp til konkurrerande stortitlar, men vi møter ei overbevisande fantasy-verd som tek velkjende ting, vrir litt på dei, og gir oss ein litt godskiten variant.

Mekanikkane i spelet ser i hovudsak ikkje ut til å by på mykje nytt, men den valfridomen spelet legg opp til er svært lovande. Vi finn samtidig eit fokus på både vertikal og horisontal navigering, noko som bør kunne opne opp for mange utspekulerte framgangsmåtar.

Kor godt Styx: Master of Shadows vil måle seg med bautaene i snikesjangeren finn vi ut når det blir lansert på PC, Xbox One og PlayStation 4 til hausten.

Siste fra forsiden