Sniktitt Super Mario Maker

(Bilde: Nintendo)

Ei tidsreise til barndomen

Å lage ny Mario-brett er nesten meir moro enn å spele dei.

LOS ANGELES (Gamer.no): Det seier litt om kva magisk formel Shigeru Miyamoto og Nintendo kokte i hop då dei lage Super Mario-serien, at du kan nesten lage kva som helst i Super Mario Maker, og likevel ha ei rett og slett nydeleg oppleving.

Super Mario Maker er godt mogleg spelet som set ein sluttstrek for framtidige Super Mario Bros-spel i sideskrollande stil. Kva skulle poenget eigentleg vere? Med Super Mario Maker kan alle som vil lage sine eigne brett, og dette er eit spel som kan by på så mange timar med moro at det nesten ikkje skulle vere mogleg.

I verd i dine hender

Å lage eit nytt brett er så enkelt som å teikne rett på kontrollarskjermen.
Å lage eit nytt brett er så enkelt som å teikne rett på kontrollarskjermen. Bilde: Nintendo

Prinsippet til Super Mario Maker er i grove trekk svært enkelt. På Wii U-kontrollaren ser du eit rutenett, og her kan du putte inn alt du skulle ynskje. Med pennen dreg du det du vil inn på skjermen. Du kan lage ein veg, du kan setje inn nokre røyr, rotere dei, og plassere nokre fiendar, ei sky eller to, og kanskje nokre boksar. Vips har du laga eit heilt nytt Mario-nivå, og neste steg er å teste om du er i stand til å gjennomføre det. Klarar du ikkje det, får du ikkje publisere brettet slik at andre får prøve det. Eit smart trekk, for på denne måten veit du at alle brett du prøvar deg på har vore runda i alle fall ein gong.

Det heile er ganske så genialt i aksjon, og blir enda betre av kor lett det er å teste ut bretta for å finne eventuelle problemområde. Eit kjapt trykk er alt som skal til for å hoppe inn brettet for å teste det ut. Finn du noko som ikkje stemmer, er det berre å trykkje seg tilbake til editoren for å rette på det.

Eg hadde ei strålande tid med Super Mario Maker på E3. Det var ikkje lange tida eg fekk med det, men det var nok til å skru i hop eit brett vanskeleg nok til at eg berre så vidt klarte å gjennomføre det. Eg merka svært raskt kor djupt Mario sitt i meg. Nærast utan å tenkje plasserte eg kjende og kjære element i den todimensjonale verda, og det var som om eg skulle ha gått i skule hos erfarne nivådesignarar. Det har eg for så vidt også gjort etter å ha runda Super Mario World gudane veit kor mange gongar.

Det suverene med Super Mario Maker er kor enkelt det er å lage alt frå enkle brett til avanserte prøvelsar for alle og ein kvar. Ein enkel meny på toppen av skjermen gjev deg rask og lett tilgang til alle element du kan tenkje deg frå Mario-verda. Du kan skifte tema frå grøne sopplandskap til mørke borger, og eit raskt trykk på skjermen er alt som skal til for å endre den visuelle drakta på spelet.

Du kan vere så sadistisk du berre vil i Super Mario Maker.
Du kan vere så sadistisk du berre vil i Super Mario Maker. Bilde: Nintendo

Nostalgisk hamskifte

I Super Mario Maker får du velje mellom å lage brett for Super Mario Bros., Super Mario Bros. 3, Super Mario World og New Super Mario Bros. U. Når ein skiftar mellom desse fire stilartane er det ikkje berre det grafiske som endrar seg, men kontrollrespons, fiendeutval og gjenstandar tilpassar seg sine respektive spel.

Ein blir nesten litt satt ut første gong ein ser Super Mario World brått endre seg til å bli New Super Mario Bros. U. Det er som ei kaotisk reise i tid hjernen ikkje heilt klarar å ta inn over seg. Eg kjende på ei massiv nostalgisk kjensle i kroppen der eg plukka inn den eine og den andre fienden, stabla dei oppå kvarandre, eller lagde forferdelege utfordringar for meg sjølv.

Eit spørsmål som naturlegvis kan kome opp med eit slikt konsept er om det vil vere like moro å spele ei lang rekke med frittståande brett, som å spele brett fletta saman i ei større verd. Akkurat det blir det vanskeleg å svare på før spelet lanserast 11. september, men eg hadde det like moro med å spele mitt eige brett som eg har hatt med eit vilkårleg brett frå heile serien. Det seier langt meir om kor gjennomtenkt Super Mario-gameplayet er, enn om mine evner som kartbyggjar.

Konklusjon

Super Mario Maker lar deg velje mellom fire Super Mario-stilartar.
Super Mario Maker lar deg velje mellom fire Super Mario-stilartar. Bilde: Nintendo

Eg følte meg som ein liten unge medan eg spelte Super Mario Maker. Det er den største hedersmerkinga eg kan gje Super Mario Maker. Eg var ein liten unge som hadde laga eit alt for vanskeleg brett eg skulle kome meg gjennom. Eg har ikkje hatt mange like gode introduksjonar til spel som denne, og eg gler meg noko fælt til å prøve meg meir.

Kor vidt det blir like moro å lage brett nummer 64 som brett nummer ein kan eg ikkje seie noko om akkurat no. Det er godt mogleg at magien vil svinne hen litt etter kvart som ein har laga seg nokre brett, men for dei som verkeleg kosar seg med å byggje sine eigne ting, om det så er i ein StarCraft II-editor eller i Minecraft, bør Super Mario Maker vere midt i blinken. Det bør òg vere eit spel som er glimrande for foreldre og born å spele saman.

Super Mario Maker Wii U Wii U

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 11. september 2015
  • Plattform: Nintendo Wii U
  • Utgiver: Nintendo
  • Utvikler: Nintendo

Beste priser

På lager 454,- Til butikk
På lager 455,- Til butikk
På lager 455,- Til butikk
Forhåndsbestill 455,- Til butikk

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen