Sniktitt

The Banner Saga

Oppslukende strategispel i ei verd med tyngde

Vil du leie soldatane dine til siger eller undergang?

Det ser ut som ein teiknefilm frå syttitalet. Medan langstrakte dalar og djupe innsjøar glir over skjermen er dette den første tanken som slår meg. Grove, uttrykksfulle og sparsomt animerte figurar kjem til syne, og saman med lyden frå skarpe strengeinstrument og horn blir eg umiddelbart kasta inn i ei heilt anna verd. Det er vanskeleg å finne ord for å skildre kor stemningsfullt og vakkert det er. Den handteikna grafikken står som ein brutal kontrast til andre spel som prøvar å imponere oss med sine avanserte motorar og imponerande effektar.

The Banner Saga er eit heilt anna beist.

Eg har ingen problem med å føle meg heime. Dette spelet hadde aldri eksistert om det ikkje var for våre forfedre vikingane, og The Banner Saga er eit vikingunivers både ulikt noko, og likt alt du har sett før. Her finn vi trauste krigarar, langskip og kjemper med horn.

Dette er uansett berre det første du ser. Så snart du byrjar å spele skjønar du at dette spelet er mykje meir enn kva dei første inntrykka fortel deg.

Du vel sjølv korleis du vil handtere dialogen.

Utakksam jobb

The Banner Saga er eit spel som gir deg mykje ansvar. Det er lett å tru at det berre handlar om turbaserte kampar på eit rutenett, inspirert av japanske strategiperler som Final Fantasy Tactics og Fire Emblem-serien.

Dette er derimot berre halve sanninga. The Banner Saga krev mykje meir av deg. I første omgang følgjer vi ei historie om menneske og varlar – ein rase som kjemper med horn – men historia utviklar seg etter kvart til å omfamne meir enn som så. Dei taktiske kampane spelet sender deg ut i med jamne mellomrom er berre ein av dei mange viktige situasjonane du må handtere.

Mellom kampane må du gjere tøffe val gjennom dialogar og praktiske prioriteringar. Nokre får deg til å miste dyktige krigarar du har kome til å setje umåteleg pris på. Andre får deg til å vinne nye. Du er sjefen for eit følgje, og dette er på ingen måte ein enkel jobb. Under din kommando må dei vandre over lange distansar mellom landsbyar og andre stoppestadar, og på vegen kan det lett oppstå konfliktar av mange slag.

Kva skal du gjere med den dauddrukne fylliken som stadig skapar nye problem? Skal du stole på ein gjeng krigarar som brått ber om å få bli med deg? Kva skal du eigentleg seie til den sjølvgode prinsen som forventar respekt frå ei tre meter høg kjempe som har levd 200 år lengre enn han? Kva du svarar på slike spørsmål kan få ringverknadar seinare i spelet.

Det er smerteleg tydeleg at alt du gjer har merkbare konsekvensar. Byar og pausar på vegen byr på fleire alternativ. Du kan kvile for å auke moral, men kvil for lenge og du har for lite mat til reisa. Bruk pengane på å handle utstyr, og du kan igjen finne deg utan nok mat. Begge kan bli bitre erfaringar som kostar liv i følgjet ditt. Folka du har med deg er i byrjinga berre eit tal på skjermen, men etter kvart som du ser det gå gradvis nedover, merkar du at det gjer noko med deg innvendig. Om talet krigarar går same veg kan det by på store utfordringar når du omsider må i kamp.

Det er lett å bli overvelda i kamp om du ikkje tenkjer langsiktig.

Glimrande strategi

Kampar kan oppstå på fleire måtar. Nokre gongar må du hamle opp med bråkmakarar i vertshuset, andre gongar møter du massive hærer som blokkerar vegen din. Korleis spelet handterer dei sistnemnde situasjonane er veldig interessant. Du får eit overslag over kor mange krigarar som er på kvar side av konfliktar, og basert på dette må du gjere harde val.

Les også
Anmeldelse: The Banner Saga

Skal du storme inn for å auke moralen, eller skal du halde deg tilbake i forsvarsposisjon? Sjølv om du skulle ha 700 krigarar på di side vil du aldri sjå så mange i kamp. Du har berre kontroll over ei lita gruppe på seks krigarar. Kva val du gjer før kampen vil på si side ha effekt på kor mange av dei 700 krigarane som er igjen når kampen er over. Gjer du det veldig bra kan du umiddelbart gå inn i ein ny kamp for å få eit enda betre resultat. Gjer du det derimot dårleg kan du ende opp med eit katastrofalt resultat som får talet til å falle.

Historia blir fortalt gjennom tekstblokker som sender nostalgiske tankar tilbake til gamle rollespel.

I byrjinga av ein kamp får du velje kven du vil ha med i kampen, før bestemmer kvar i kamparenaen dei skal stå. Du kan velje ein spreidd formasjon, eller ei klynge. Det er opp til deg og kva du meiner fungerer best.

I kampens hete

Når kampen startar har du i første omgang to svært viktige faktorar å halde styr på. Kvar krigar har to primære tal du må halde eit vakent auge med. Det eine er kor mykje du har i forsvar, og det andre er styrka di. Styrka di er samtidig helsa di, og etter kvart som du tek skade vil du bli svakare, men for at du skal ta skade må ein krigar høvle gjennom forsvaret ditt.

Det er ein interessant dynamikk som raskt viser seg langt meir avansert enn ein kanskje skulle tru. På toppen av dette har dei ulike krigarane unike eigenskapar som til dømes å slå fleire fiendar samtidig, skyte ei pil gjennom fleire fiendar, eller å få ein fiende til å ta skade over tid. Du blir raskt nøydd til å prioritere kva du trur vil få best utslag. Du må vurdere om du skal fire ned forsvar eller prøve å gå rett på styrke, og ein liten feil kan bli øydeleggjande.

Kampane skjer på eit oversiktleg og avgrensa rutenett.

Om ein krigar fell i kamp vil du ikkje miste ham permanent, men han vil vere utilgjengeleg resten av kampen. Han vil i tillegg trenge tid til å kvile før neste kamp. Skulle du kaste han inn i ein ny kamp med ein gong, vil han gå inn med lågare forsvar og styrke.

Har ein krigar gjort ein solid innsats og har felt mange fiendar, vil dei tene poeng som du i tur kan bruke på å oppgradere dei. Her byr spelet igjen på spanande val. Det er kanskje freistande å gjere det enkelt ved å springe rundt med ein kraftig krigar for å slå ned så mange fiendar som mogleg, men dette vil gjere det vanskeleg å byggje opp dei andre krigarane.

Sjølv om eg berre har fått spele ei handfull timar med The Banner Saga er det timar som har gjort meg uhyre klar for å spele meir. Ikkje berre for å ta del i dei engasjerande kampane, men òg for å sjå kva som skjer vidare.

Konklusjon

The Banner Saga gjer alt viktig. Ingenting du gjer framstår som trivielt, og du tek ikkje lett på noko. Det spelar inga rolle om du må bestemme deg for korleis du skal løyse ein vanskeleg kamp, eller velje kva du skal svare ein person du snakkar med.

Historia blir fortalt gjennom lett animerte stillbilete.

Dette er eit spel og ei verd med tyngde, og di rolle i den er viktig. Du får svært mykje ansvar, og det er eit ansvar ein tidvis merkar ein gjerne skulle klart seg godt utan. Eg seier dette fordi det er ein god ting. Det kjennest godt å bli så oppslukt av eit spel at eg kan sitje lenge og fundere over kva eg skal gjere. Tida eg brukar blir langt meir meiningsfull enn om alle detaljane rundt kampane var overflatiske og utan konsekvensar.

Det er ikkje lett å bestemme seg for kva ein skal gjere til ei kvar tid, spesielt ikkje når det er smerteleg tydeleg at absolutt alt godt mogleg har eit utfall det er vanskeleg å sjå på førehand.

The Banner Saga kjem i sal på nyåret, og om dei første timane er ein god indikasjon, har vi noko veldig spesielt i vente. Vil du ha liknande spel medan du ventar, kan Final Fantasy Tactics, Fire Emblem: Awakening og Might & Magic: Heroes VI vere solide alternativ.

Siste fra forsiden